Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 215

  1. Korleis reknar ein ut dødsbuet etter den førstavdøde ektefellen?

    Den samla formuen til ektefellane skal delast etter reglane i ekteskapslova når den første døyr. Fellesformuen skal delast på same måten som ved skilsmisse, jf. ekteskapslova § 77, som seier at ekteskapslova kapittel 12 – deling ved separasjon og skilsmisse – får «tilsvarende anvendelse».

    Den delen av felleseiget som den attlevande ektefellen får etter delinga, er ikkje arv. Det er den attlevande ektefellen sin rettkomne del av felleseiget. Dødsbuet er den avdøde ektefellen sin del av den samla formuen til ekteparet. Det vil seie den avdøde sin del av felleseiget og eventuelt særeige.

  2. Korleis reknar ein ut arven til den attlevande ektefellen dersom den førstavdøde hadde livsarvingar?

    Ektefellen har rett til ein firedel av arven når det er livsarvingar, jf. arvelova § 8 første ledd første punktum. Han eller ho har likevel rett til ein minstearv på inntil fire gonger grunnbeløpet (4G) i folketrygda. Med G = kr 100 000 er minstearven kr 400 000. Grunnbeløpet per 1. mai 2021 er fastsett til kr 106 399.

  3. Korleis reknar ein ut arven til den attlevande ektefellen dersom den førstavdøde ikkje hadde livsarvingar, men arvingar i andre arvegangsklasse?

    Ektefellen har rett til halvparten av arven dersom det ikkje er livsarvingar og næraste slekt er foreldra eller avkom etter dei, jf. § 9 første ledd. Han eller ho har likevel rett til minst 6G.

  4. Kva arvar den attlevande ektefellen dersom det berre finst slektningar i tredje arvegangsklasse?

    Attlevande ektefelle arvar alt, jf. § 9 andre ledd.

  5. Korleis påverkar samlivsbrot arveretten til den attlevande ektefellen?

    Dersom samlivsbrotet har ført til separasjon, jf. arvelova § 11, har den attlevande ektefellen ikkje arverett. Det nøyaktige tidspunktet for tap av arverett er det tidspunktet då kravet om separasjon eller skilsmisse blir teke imot av statsforvaltaren. Dersom det krevst skilsmisse ved dom utan å involvere statsforvaltaren, er tidspunktet den augeblinken då retten tok imot stemninga (tingsretten).

    Uformelt samlivsbrot fører ikkje til tap av arverett.