Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 224

  1. Kva meiner vi med livsdisposisjon?

    Ein livsdisposisjon er ei rettsleg handling som den avdøde gjorde medan han eller ho levde, og som hadde eller var meint å ha «realitet» for den avdøde i hans eller hennar levetid. Dette kravet følgjer av ei antitetisk tolking av arvelova § 40 andre ledd andre punktum. Eit typisk døme er vanlege avtalar om kjøp og sal, eller gåver. Slike disposisjonar følgjer av den alminnelege avtalefridommen, og det blir normalt ikkje stilt formkrav.

  2. Kva meiner vi med dødsdisposisjon?

    Ein dødsdisposisjon er ein avtale eller ei gåve som verken hadde eller var meint å ha realitet (verknader) for arvelataren i hans eller hennar levetid, jf. arvelova § 40 andre ledd andre punktum.

    Ein avtale om omsorg i alderdommen blir rekna som livsdisposisjon sjølv om betalinga er å få noko av den formuen som skal delast etter døden, sjå RT-1963-540 Pleiedommen. Omsorga var ein realitet i levetida til den avdøde.

    Ein dødsdisposisjon må gjerast i testament, jf. arvelova § 40 andre ledd første punktum. Utan testament blir han sett bort frå.

    Ein livsdisposisjon treng ikkje testament, men treng likevel haldepunkt som bevis. Gjenstandar som er gjevne som gåve, må normalt vere overleverte, og registrerbar formue må normalt ha blitt registrert på ny eigar. Ein arvelatar som gjev vekk bil eller hytte, må ha sørgt for at bilen er omregistrert, eller det er tinglyst nytt skøyte på hytta. Alle som ønskjer det, kan gje vekk heile formuen sin før han eller ho er på dødsleiet. Reglane om minstearv er inga hindring.

  3. Kva rettsleg konsekvens har det å stemple ein disposisjon som dødsdisposisjon?

    Ein dødsdisposisjon må gå fram av testament for å vere gyldig, jf. arvelova § 40 andre ledd første punktum. Alle formkrav må vere oppfylte, jf. § 42, jf. § 44. Eit eventuelt naudtestament må fylle vilkåra i § 46.

  4. I kva grad krevst det testament for å gje gåver før døden?

    Det følgjer av § 40 andre ledd tredje punktum at gåver som er gjevne på dødsleiet, blir rekna som dødsdisposisjon. Vilkåret er at gåva er frå ein gjevar «som snart skal dø», og som veit det. Dersom gjevaren gjev ein person 100 000 kroner, har det realitet for ham eller henne ved at bankkontoen blir redusert. Så langt vil disposisjonen ha vore ein livsdisposisjon, men når gjevaren snart skal døy, og veit det, blir dette likevel rekna som dødsdisposisjon. «Snart skal dø» blir praktisert som 3–6 månader fram i tid. Dersom gjevaren lever lenger, til dømes eit års tid, vil disposisjonen stå seg som livsdisposisjon.