Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 230

  1. Kva formkrav gjeld for testament?

    Vi går ut frå at spørsmålet gjeld ordinært testament. Hovudregelen står i § 42.

    Eit testament skal opprettast skriftleg. Eit elektronisk lagra testament blir ikkje rekna som skriftleg, sjølv om elektronisk lagring av dokument i andre samanhengar kan reknast som skriftleg. Det er sagt klart og tydeleg i førearbeida til lova at kravet om underskrifter gjer at elektroniske dokument ikkje kan anerkjennast som skriftlege.

    Eit testament må ha to vitne. Vitna skal skrive under på testamentet. Det må dei gjere medan testatoren er til stades. Vitna treng ikkje vere saman når dei skriv under dokumentet. Det er nok at testatoren kontaktar kvart vitne for seg og skaffar underskrift. Vitna treng ikkje bli informerte om innhaldet i dokumentet, men dei må vite at det er eit testament. Vitna må vere myndige (ha fylt 18 år) og habile og tilreknelege, jf. § 44 og tilvisinga i § 42 andre ledd til § 41 andre ledd.

  2. Kva er eit naudtestament?

    Det følgjer av arvelova § 46 at formreglane ikkje treng å bli følgde i enkelte naudssituasjonar, til dømes ved brå og farleg sjukdom, eller dersom livet er i ferd med å ebbe ut etter ei alvorleg ulykke.

    Lova anerkjenner to former for naudtestament, munnleg for to vitne som nemnt i § 46 første ledd, og skriftleg utan vitne som skildra i § 46 andre ledd.

    Eit munnleg naudtestament kan opprettast etter § 46 første ledd dersom «farlig sykdom eller annet nødstilfelle» hindrar arvelataren i å setje opp ordinært testament. Eit munnleg testament må vere overhøyrt av to vitne som er til stades saman. RT-1980-1473 Sjukdomsdommen illustrerer:

    A var ei eldre kvinne som var lagd inn på sjukehus. Ho fekk besøk av tre slektningar. Like før ho skulle rullast inn og går gjennom ein farleg operasjon, bad ho dei besøkjande vere vitne på at ho ønskte å testamentere heile formuen sin til eit av dei åtte søskena sine. A døydde av operasjonen. Testamentet blei godteke som naudtestament.

    Skriftleg naudtestament blir oppretta etter § 46 andre ledd. Føresegna krev at «det er umulig for testator» å opprette testament med vitne. Dersom du er åleine og blir utsett for ei alvorleg ulykke, hjarteinfarkt eller liknande livstrugande situasjon, kan eit skriftleg testament utan vitne bli godteke. Sjølvmordsdommen (RT-1984-1425) illustrerer problemstillinga.

  3. Kan testament endrast etter at dei er skrivne?

    Testatoren kan fritt kalle tilbake eller forandre testamentet, jf. arvelova § 48. Det kan gjelde heile testamentet eller delar av det. Finn arvingane to testament med ulike datoar, går det yngste framfor det eldste.

    Formkrava for testament gjeld også tilbakekalling av testament (§ 48) med mindre det er forhold som gjer det klart at testamentet ikkje skal gjelde, til dømes dersom arvingane finn testamentet krølla saman som opptenningspapir ved peisen, jf. § 48 andre ledd.

  4. Kva for krav blir det stilt til eit testamentsvitne?

    Du må som vitne vere myndig og tilrekneleg, jf. § 42 andre ledd. I tillegg må du ikkje vere inhabil etter § 44.

    Som vitne må du ikkje vere tilgodesett i testamentet, jf. § 44 første ledd.

    Ektefellen til vitnet, sambuaren, ungane til ektefellen eller sambuaren, m.m., jf. § 44 første ledd andre punktum bokstav a–d, må heller ikkje vere tilgodesett. Ein omfattande krins av personar blir ramma av føresegna.

    Etter § 44 andre ledd er du også inhabil som vitne dersom du er tilsett hos den som er tilgodesett i testamentet. Ein sjukepleiar kan derfor ikkje vere vitne i eit testament der sjukehuset er tilgodesett i testamentet. Du kan heller ikkje vere vitne dersom du er styremedlem eller liknande i ei foreining som er tilgodesett. Som vanleg medlem i foreininga vil du vere habil.

    Merk deg at det står «er» og ikkje «har vært». Du er ikkje inhabil som vitne i eit testament til fordel for Radiumhospitalet dersom du tidlegare har vore tilsett der.