Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.6.1–7.6.8

7.6.1

Det følgjer av hovudregelen i arvelova § 76 at arven skal fordelast til frivillig verksemd for barn og unge. Arvelova § 76 andre ledd opnar for at slektningar eller andre som har stått den avdøde nær, kan søkje departementet om å få heile eller ein del av arven. Det er i dette tilfellet ikkje unaturleg at arven blir delt mellom Molde Fotballklubb og ungane til fetteren til den avdøde. Kva prosentfordeling som skal brukast, er eit ope spørsmål. Kva med 75 % til Molde Fotballklubb og 25 % til Nina og Kjetil?

7.6.2

  1. Fordeling dersom det skal skiftast no
    Fellesformuen blir først delt etter ekteskapslova § 58, jf. § 77, slik at dødsbuet kan setjast til kr 1 800 000. Som attlevande ektefelle har Vidar krav på ¼ etter arvelova § 8 første ledd, altså kr 450 000. Utan testament ville resten, kr 1 350 000, bli delt likt mellom livsarvingane til Bente, Julius og Mari, med kr 675 000 til kvar, jf. § 4. Når det dukka opp eit testament, må det undersøkjast om det er i strid med reglar om minstearv for ektefellen og pliktdelen til livsarvingane.

    Faktum tyder på at testamentet var ukjent for Vidar. Testamentet kan derfor ikkje avgrense arveretten for Vidar etter § 8, jf. § 10. Vidar skal derfor ha ¼ = kr 450 000.

    Livsarvingane skal etter arvelova § 50 ha ⅔ av kr 1 800 000. Det utgjer kr 1 200 000. Bente kunne derfor fritt testamentere vekk kr 150 000 utan å krenkje reglar om minstearv. Testamentet på kr 100 000 står seg. Resten, kr 50 000, går til livsarvingane, som i alt får kr 1 250 000. Det vil seie at Julius og Mari har krav på kr 625 000 kvar.

  2. Fordeling av uskiftebuet til Vidar
    Vi føreset at Mari som særkullsbarn ikkje samtykte til at Vidar kunne sitje i uskifte med henne, jf. arvelova § 15. Vi går ut frå at Mari har fått sin arv, kr 625 000. Vi går også ut frå at avhaldsforeininga Kvite syrén har fått sin testamentsarv på kr 100 000 utbetalt. Det gjekk derfor kr 2 875 000 (kr 3 600 000 – kr 725 000) inn i uskiftebuet då Bente døydde. Når Vidar døyr to år seinare, er uskiftebuet verdt kr 2 400 000. Verdien på buet er altså redusert, til ugunst for arvingane. Det må dei finne seg i.

    Uskiftebuet skal delast likt mellom kvar arvegruppe, jf. arvelova § 29. Farsgruppa omfattar særkullsbarnet Viktor og fellesbarnet Julius. Dei deler farsdelen likt, altså kr 1 200 000 / 2 = kr 600 000 til kvar. Morsgruppa omfattar berre Julius, sidan Mari fekk sin arv for to år sidan. Julius får derfor heile morsarven på kr 1 200 000. Julius, som høyrer til begge arvegruppene, får i alt kr 1 800 000.

7.6.3

  1. Livsarvingane til Camilla
    Livsarvingane til Camilla er særkullsbarna Rakel og Ronald og fellesbarna Karina og Stian.

  2. Rett til uskifte for Stian
    Retten til uskifte for Stian følgjer av arvelova § 14, jf. § 15. Han får rett til å sitje i uskifte i forhold til dei felles ungane, jf. § 14, men ikkje overfor særkullsbarna til Camilla (Rakel og Ronald) med mindre dei samtykkjer, jf. § 15.

  3. Fordeling dersom det blir skifta straks
    Fellesformuen på kr 3 800 000 skal først likedelast etter ekteskapslova § 58, jf. § 77. Dødsbuet blir kr 1 900 000.

    Som attlevande ektefelle har Stian krav på ¼ av kr 1 900 000, altså kr 475 000, jf. arvelova § 8. Dei fire livsarvingane skal dele resten, kr 1 425 000, etter § 4. Dei får kr 356 250 kvar.

  4. Fordeling med kjent testament
    Om testamentet er gyldig, må testast mot minstearv til ektefellen etter § 8, jf. § 10, og pliktdelen til livsarvingane etter § 50.

    Stian har berre krav på 4G = kr 400 000 sidan testamentet var kjent for han, jf. §§ 8 og 10.

    Livsarvingane har krav på ⅔ av kr 1 900 000 = kr 1 266 667, jf. arvelova § 50.

    Summen av minstearv er kr 1 666 667. Det er derfor frie midlar for kr 233 333 i buet. Korpset er tilgodesett med kr 100 000, slik at testamentet står seg.

    Problemet blir kven som skal bli tilgodesett med dei resterande kr 133 333. Det er i prinsippet avhengig av ei tolking av testamentet om desse pengane skal tilfalle den attlevande ektefellen eller livsarvingane. Utan bestemte haldepunkt kan ei naturleg løysing vere å gje kr 75 000 av desse midlane til den attlevande ektefellen, slik at han får ¼ av arven. Resten kan tilfalle livsarvingane.
    Stian får ¼, jf. § 8 kr 475 000
    Fire livsarvingar får § 1 325 000, med kr 331 250 til kvar.
    Testamentsarving kr 100 000
    SUM kr 1 900 000
  5. Testament til fordel for Veronika og Vegard
    Camilla kunne testamentert vekk kr 233 333 til Veronika og Vegard, sjå utrekningane ovanfor under bokstav d. Det ville gjeve dette oppgjeret:
    Stian får 4G jf. § 8, jf. § 10 kr 400 000
    Dei fire livsarvingane til Camilla får § 1 266 667, med kr 316 667 til kvar.
    Testamentsarvingane Veronika og Vegard § 233 333, med kr 116 667 til kvar.
    SUM kr 1 900 000

7.6.4

  1. Fordeling utan testament
    Først skal fellesformuen likedelast etter ekteskapslova § 58, jf. § 77. Dødsbuet blir sett til halvparten, kr 2 100 000.

    Kari skal som attlevande ektefelle arve ¼ etter arvelova § 8. Det blir kr 525 000. Resten, kr 1 575 000, går til den einaste livsarvingen etter Peder, sonen frå eit tidlegare ekteskap, etter § 4.

    Mora og broren høyrer til andre arvegangsklasse og får ikkje arv dersom det finst arvingar i første arveklasse, jf. § 5.

  2. Fordeling ved testament
    Spørsmålet om arv etter testament må testast ut frå reglane om minstearv for ektefellen, jf. § 8, jf. § 10, og pliktdelen til livsarvingane etter § 50.

    Peder kunne skrive testament og opplyst Kari om det. Arveretten til Kari kunne på den måten blitt avgrensa til 4G = kr 400 000. Sonen ville som einaste livsarving ha krav på ⅔, men avgrensa til 15G, det vil seie kr 1 500 000. Dette gjev kr 200 000 som frie midlar til disposisjon i testament til fordel for broren.

7.6.5

Læraren har løysingsforslag

7.6.6

Læraren har løysingsforslag

7.6.7

Læraren har løysingsforslag

7.6.8

Læraren har løysingsforslag