Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 238

  1. Kva er hovudregelen i pliktdelsregelen i arvelova § 50?

    Du har som livsarving krav på ein lovbestemt minstearv (pliktdelsarv). Saman med søskena dine har de krav på to tredelar av dødsbuet, jf. arvelova § 50 første ledd. Arvelataren bestemmer fritt over resten, den frie tredelen, dersom den avdøde ikkje etterlèt seg ektefelle.

  2. Kva avgrensingar gjeld for pliktdelane til livsarvingane?

    Pliktdelen er avgrensa oppover til 15 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G), som i 2021 er ca. kr 1 600 000 for kvart barn eller linja til kvart barn, jf. arvelova § 50 første ledd andre punktum.

  3. Kva skjer med arveoppgjeret dersom den avdøde har testamentert vekk større verdiar enn det pliktdelsreglane tillèt?

    Når den avdøde har testamentert eit større pengebeløp enn det som viste seg å vere verdien av den frie tredelen, vil beløpet bli redusert slik at det ikkje krenkjer pliktdelen til livsarvingane.

  4. Kva skjer med arveoppgjeret dersom den avdøde har testamentert vekk éin eller fleire ting som i verdi overskrid det pliktdelsreglane tillèt?

    Dersom den avdøde testamenterer vekk ein bustad, bil eller andre verdifulle eigedelar og verdien krenkjer pliktdelen, er hovudregelen at du som livsarving får rett til å ta over eigedelen mot å betale det overskytande til buet, jf. § 51 andre ledd.

  5. Kva skjer med arveoppgjeret dersom det ikkje er nok pengar til å dekkje minstearven til ektefellen, pliktdelen til livsarvingane og krava frå testamentsarvingane?

    Dersom det ikkje er nok pengar til å dekkje alle krava, må det skje ei prioritering. Rekkjefølgja er ektefelle, livsarvingar og testamentsarvingar.

    Vi forklarer problemet best med døme. Vi går ut frå at dødsbuet er kr 1 800 000. Minstearven til ektefellen er 4G, som vi set til kr 400 000. Minstearven til livsarvingane er kr 1 200 000. Det er igjen kr 200 000 til testamentsarvingen. Alt over kr 200 000 i testamentet vil bli stroke.

    Dersom dødsbuet blir sett til kr 900 000, vil ektefellen framleis få kr 400 000 som minstearv. 2/3 til livsarvingane (kr 600 000) vil bli redusert til kr 500 000, og testamentsarvingane får ingenting.

    Dersom buet er mindre enn 4G, vil ektefellen arve alt.