Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 210

  1. Kva meiner vi med arvetavle?

    Arvetavla viser krinsen av slektsarvingar som kan arve. Ho blir ofte vist som ein grafisk illustrasjon av kor nære dei tre arvegangsklassane er til arvelataren. Han kan også presenterast som ei skildring av arvegrupper og den prioriteten dei har i arveoppgjeret.

  2. Kven er del av første arvegangsklasse?

    Første arvegangsklasse følgjer av arvelova § 4. Han omfattar livsarvingane til arvelataren, altså barn, barnebarn osv. i rett nedstigande linje.

  3. Kven er del av andre arvegangsklasse?

    Andre arvegangsklasse følgjer av arvelova § 5. Han omfattar foreldrene og livsarvingane til foreldra, altså brør eller søstrer, eller deira barn, barnebarn osv. i rett nedstigande linje frå foreldra.

  4. Kven er del av tredje arvegangsklasse?

    Tredje arvegangsklasse følgjer av arvelova § 6. Han omfattar besteforeldre, ungane til besteforeldra (onklar og tanter) og barnebarna til besteforeldra (fetrar og kusiner). Fjernare slektningar, til dømes ungane til fetrar og kusiner, står utanfor denne arvegangsklassen.

  5. Kva meiner vi med representasjonsprinsippet (greinprinsippet)?

    Dersom ein slektning med arverett er død, trer dei næraste livsarvingane til den avdøde inn som arvingar til den avdøde sin del. Prinsippet er at den avdøde slektningen blir representert av livsarvingane sine. Prinsippet kjem til syne i § 4 andre ledd andre og tredje punktum, § 5 andre ledd og § 6 første ledd.

  6. Kva for slektningar står utanfor arvetavla?

    Arveretten stansar ved fetrar og kusiner i tredje arvegangsklasse. «Fjernere livsarvinger etter besteforeldrene enn deres barnebarn» har etter arvelova § 6 første ledd andre punktum ikkje lovbestemt arverett. Ungane til fetrar og kusiner (tremenningar) står derfor utanfor arvetavla.

  7. Korleis skal arven fordelast dersom det ikkje finst arvingar etter lov eller testament?

    Det finst ingen fjerde arvegangsklasse. Oldeforeldre og livsarvingar etter dei arvar ikkje.

    Dersom den avdøde ikkje etterlèt seg arvingar i dei tre arvegangsklassane, og heller ikkje ektemake eller sambuar med arverett, og ikkje testament, skal arven fordelast etter arvelova § 76. Utan arvingar etter lov eller testament skal nettoformuen gå til frivillig verksemd til fordel for barn og unge.