Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 247

  1. Kva skal gjerast med formuen til ein avdød person som ikkje etterlèt seg arvingar eller testament?

    Arven skal som hovudregel gå til frivillig verksemd for barn og unge, jf. § 76(1).

    I spesielle tilfelle kan staten avgjere at arven heilt eller delvis skal gå til slektningar utanfor arvetavla eller til andre som har stått den avdøde nær. Dersom den avdøde til dømes budde og fekk dagleg omsorg hos ein tremenning eller ein person utanfor slekta, kan staten bestemme at slike personar heilt eller delvis skal få arven, jf. § 76 andre ledd.