Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.4.6–7.4.14

7.4.6

Laurits er einaste livsarving, og det er ikkje opplyst noko om ektefelle. Etter arvelova § 50 første ledd er ⅔ av arven pliktdelsarv for livsarvingane. Pliktdelsarven til Laurits er derfor kr 800 000. Blå Kors arvar dei resterande kr 400 000.

7.4.7

John og Olivia er livsarvingar etter Nikken med arverett som er verna av arvelova § 50 første ledd. Pliktdelen er ⅔ av buet, men avgrensa oppover til 15G per barn. Vi går ut frå at G = kr 100 000, og set 15 G til kr 1 500 000. Det vil seie at dei to livsarvingane får kr 1 500 000 kvar. Resten, kr 3 000 000, kan testamenterast vekk. Golfklubben får sitt krav i buet redusert frå kr 5 000 000 til kr 3 000 000.

7.4.8

Det er opplyst at Gerd og Fredrik ikkje hadde felles barn. Det er heller ikkje opplyst noko om at Gerd hadde særkullsbarn. Vi legg derfor til grunn at Gerd ikkje hadde livsarvingar, og dermed kjem arvelova § 50 (pliktdelsreglane) ikkje til bruk.

Spørsmålet er om testamentet står seg overfor Fredrik som ektefelle. Eventuelle slektsarvingar må godta testamentet, men sidan testamentet seier at raftingklubben skal ha alt, blir spørsmålet om testamentet er i strid med det kravet på arv Fredrik har som ektefelle.

Fredrik sitt krav på arv skal avgjerast på grunnlag av § 9, jf. § 10. Det er opplyst at Fredrik kjende til testamentet. Det blir rekna som tilstrekkeleg for å oppfylle kunnskapskravet i § 10 at den attlevande ektefellen har blitt kjend med at det eksisterer eit testament som kan påverke arveretten. Testamentet treng ikkje vere lese, jf. LB-2014-136243 (Kunnskapsdommen, dom av 3. juli 2015). Dette fører til at Fredrik berre får krav på 6G.

Det er opplyst at ektefellane hadde felleseige på kr 4 400 000. Vi går ut frå at felleseiget skal delast likt etter ekteskapslova § 58, og at dødsbuet derfor kan setjast til kr 2 200 000. Av dette skal Fredrik ha kr 600 000 (vi går ut frå at G = kr 100 000). Resten, kr 1 600 000, går til raftingklubben.

7.4.9

Med ein samla formue som blir likedelt etter § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 4 800 000.

Frida har sonen Jo som einaste livsarving. Sidan det ligg føre eit testament, kjem arvelova § 50 i bruk. Jo har krav på ⅔ av kr 4 800 000, men likevel maksimalt kr 1 500 000, dersom vi føreset at G = kr 100 000.

Alf har som attlevande ektefelle krav på arv etter arvelova § 8 som kan takast frå han med testament etter reglane i § 10. Testamentet var ukjent. Det kan derfor ikkje gripe inn i arveretten til Alf etter § 8. Alf har rett til ¼ av kr 4 800 000 = kr 1 200 000. Det er derfor meir enn nok midlar i buet til å tilfredsstille testamentet, kr 1 000 000. Det er kr 1 100 000 til overs. Kven skal få desse pengane? Sidan Alf har fått det han har krav på, bør pengane tilfalle Jo. Arveoppgjeret blir etter dette:

Alf, ¼ av buet kr 1 200 000
Bror til Frida, testamentsarving kr 1 000 000
Jo, sonen til Frida kr 2 600 000
SUM kr 4 800 000

7.4.10

Med ein samla formue som blir likedelt etter ekteskapslova § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 2 000 000.

Sonen var allereie død då Ole døydde. Dottera til den avdøde sonen er den einaste livsarvingen med krav på arv. Ho må dele arven med ektefellen til den avdøde. Åse har rett til ¼ av arven (større enn 4G), jf. arvelova § 8 første ledd. Åse skal ha kr 500 000. Dottera etter den avdøde sonen, barnebarnet til Ole, arvar resten, kr 1 500 000, etter arvelova § 4.

Broren og ungane til den avdøde søstera høyrer til andre arvegangsklasse. Dei har ikkje arverett så lenge det finst ein arving i første arvegangsklasse. Ektefellen til sonen har heller ikkje arverett etter Ole.

Dottera til den avdøde sonen er «livsarving etter særkullsbarn», jf. arvelova § 15. Åse har derfor ikkje rett til uskifte overfor henne med mindre denne arvingen (eventuelt verjen til arvingen og statsforvaltaren dersom ho er mindreårig) samtykkjer. Oppgåva gjev ikkje opplysningar om samtykke. Dottera til den avdøde sonen skal derfor ha kr 1 500 000 utbetalt. Uskifte blir med det uaktuelt fordi Åse ikkje har fleire arvingar som ho kan krevje uskifte overfor.

7.4.11

  1. Det skal skiftast straks
    Med ein samla formue som blir likedelt etter ekteskapslova § 58, kan dødsbuet setjast til halvparten, kr 1 800 000.

    Det ligg ikkje føre testament. Livsarvingane etter Frode, Vivi, Åge og Tore, skal dele arv etter arvelova § 4. Sonja skal som attlevande ektefelle arve etter § 8 første ledd, altså det største beløpet av 4G og ¼ av kr 1 800 000. Fjerdedelsregelen er størst, kr 450 000. Dei tre livsarvingane skal dele resten, altså kr 1 350 000 / 3 = kr 450 000 til kvar. Line arvar ikkje.

  2. Rett til uskifte for Sonja
    Retten til uskifte for Sonja gjeld overfor eige barn, Tore, og ikkje overfor særkullsbarnet til Frode, jf. arvelova § 14, jf. § 15. Dersom Vivi og Åge ikkje samtykkjer til uskifte, skal dei ha farsarven utbetalt, kr 450 000 til kvar. Uskiftebuet vil omfatte arven til Tores og Sonja og dessutan Sonja sin halvdel av fellesformuen.

  3. Kor mykje som kunne vore testamentert til Line
    Minstearven til Sonja er 4G = kr 400 000, jf. § 8. Pliktdelen til livsarvingane etter § 50 er ⅔ av kr 1 800 000, altså kr 1 200 000. Resten av buet, kr 200 000, kunne vore testamentert til Line. Utrekningane føreset at Sonja får kunnskap om testamentet, jf. § 10. Utan slik kunnskap får ho krav på kr 450 000, og testamentsarven til Line må reduserast til kr 150 000.

7.4.12

Spørsmålet er om testamentet krenkjer pliktdelsarven til nokon av arvingane, jf. arvelova § 50, jf. § 51.

Dødsbuet skal setjast til kr 4 800 000. Pliktdelen til livsarvingane etter § 50 er to tredelar av dette, altså kr 3 200 000. Dei fire livsarvingane skal dele dette likt etter § 4, altså kr 800 000 til kvar som minstearv.

Den frie tredelen som Svein kunne rå over med testament er kr 1 600 000. Testamentet grip derfor inn i pliktdelen til livsarvingane. Svein kan likevel testamentere vekk ein eigedel som er meir verd, men då må arvingen betale den overskytande delen til buet, jf. § 51 andre ledd. Merethe må derfor som testamentsarving betale kr 600 000 til buet dersom ho skal få leilegheita utdelt til seg. Vi kan samanfatte arveoppgjeret slik:

Arving Arvens verdi, kr
Ola 800 000
Jens 800 000
Katrine 800 000
Merethe 2 400 000
SUM 4 800 000

7.4.13

Læraren har løysingsforslag

7.4.14

Læraren har løysingsforslag