- TEST DEG SJØLV side 204
- TEST DEG SJØLV side 210
- TEST DEG SJØLV side 215
- TEST DEG SJØLV side 220
- TEST DEG SJØLV side 224
- TEST DEG SJØLV side 230
- TEST DEG SJØLV side 238
- TEST DEG SJØLV side 244
- TEST DEG SJØLV side 247
- Øving 7.2.1–7.2.5
- Øving 7.3.1–7.3.2
- Øving 7.3.3–7.3.7
- Øving 7.4.1–7.4.2
- Øving 7.4.3–7.4.5
- Øving 7.4.6–7.4.14
- Øving 7.5.1–7.5.4
- Øving 7.6.1–7.6.8
TEST DEG SJØLV side 238
- Kva er hovudregelen i pliktdelsregelen i arvelova § 50?
Du har som livsarving krav på ein lovbestemt minstearv (pliktdelsarv). Saman med søskena dine har de krav på to tredelar av dødsbuet, jf. arvelova § 50 første ledd. Arvelataren bestemmer fritt over resten, den frie tredelen, dersom den avdøde ikkje etterlèt seg ektefelle.
- Kva avgrensingar gjeld for pliktdelane til livsarvingane?
Pliktdelen er avgrensa oppover til 15 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G), som i 2021 er ca. kr 1 600 000 for kvart barn eller linja til kvart barn, jf. arvelova § 50 første ledd andre punktum.
- Kva skjer med arveoppgjeret dersom den avdøde har testamentert vekk større verdiar enn det pliktdelsreglane tillèt?
Når den avdøde har testamentert eit større pengebeløp enn det som viste seg å vere verdien av den frie tredelen, vil beløpet bli redusert slik at det ikkje krenkjer pliktdelen til livsarvingane.
- Kva skjer med arveoppgjeret dersom den avdøde har testamentert vekk éin eller fleire ting som i verdi overskrid det pliktdelsreglane tillèt?
Dersom den avdøde testamenterer vekk ein bustad, bil eller andre verdifulle eigedelar og verdien krenkjer pliktdelen, er hovudregelen at du som livsarving får rett til å ta over eigedelen mot å betale det overskytande til buet, jf. § 51 andre ledd.
- Kva skjer med arveoppgjeret dersom det ikkje er nok pengar til å dekkje minstearven til ektefellen, pliktdelen til livsarvingane og krava frå testamentsarvingane?
Dersom det ikkje er nok pengar til å dekkje alle krava, må det skje ei prioritering. Rekkjefølgja er ektefelle, livsarvingar og testamentsarvingar.
Vi forklarer problemet best med døme. Vi går ut frå at dødsbuet er kr 1 800 000. Minstearven til ektefellen er 4G, som vi set til kr 400 000. Minstearven til livsarvingane er kr 1 200 000. Det er igjen kr 200 000 til testamentsarvingen. Alt over kr 200 000 i testamentet vil bli stroke.
Dersom dødsbuet blir sett til kr 900 000, vil ektefellen framleis få kr 400 000 som minstearv. 2/3 til livsarvingane (kr 600 000) vil bli redusert til kr 500 000, og testamentsarvingane får ingenting.
Dersom buet er mindre enn 4G, vil ektefellen arve alt.