Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 204

  1. Kva meiner vi med arvefall?

    Arvefall er nemninga på det tidspunktet kravet på arv kan gjerast gjeldande av arvingane. Det skjer normalt i dødsaugeblinken, jf. arvelova § 66.

  2. Kva for rettslege verknader har arvefallet?

    Arvefallet har først og fremst innverknad på kven som høyrer til krinsen av arvingar. Etter arvelova § 66 er det berre dei som «lever eller er unnfanget og senere fødes levende», som har rett til arv etter lova eller testament. Dersom det til dømes kan konstaterast at ei kvinne var gravid med barnet til den avdøde ved arvefallet, vil barnet få full arverett på linje med dei eventuelle levande barna til den avdøde. Framtidige, påtenkte eller planlagde barn kan ikkje arve.

    Arvefallet fører også til at det oppstår eit dødsbu. Dødsbuet er eit rettssubjekt (ein juridisk person) med rettar og plikter som trer inn i staden for den avdøde. Sjå nærare forklaring i svaret på spørsmål 4.

  3. Kva meiner vi med arvelatar?

    Arvelataren er den personen som døyr og etterlèt seg formue som arvingane skal dele.

  4. Kva meiner vi med dødsbuet?

    Dødsbu er eit omgrep som blir brukt i to tydingar. I nokre samanhengar er dødsbu nemninga på ein juridisk person, altså ei samanslutning, som liknar eit aksjeselskap med arvingane som aksjonærar (eigarar). I andre samanhengar er dødsbu nemninga på den formuen den avdøde etterlèt seg.

    Dødsbuet omfattar eigedelar som bustad, bil, fordringar (utlån) og bankinnskot. Mange eigedelar kan vere eigde i sameige, og då må det avgjerast kva sameigedel som høyrde til den avdøde. Det er berre eigarparten til den avdøde som skal inn i dødsbuet. Dersom den som døyr, har ein attlevande ektefelle, må det avgjerast kor stor del av felleseiget til ektefellane som høyrer til dødsbuet.

    Dødsbuet har ein bruttoverdi og ein nettoverdi. Bruttoverdien er summen av alle eigedelane. Nettoverdien er bruttoverdien minus gjelda til den avdøde.

    Dødsbuet er ein juridisk person som skal likviderast, på tilsvarande måte som eit aksjeselskap kan bli løyst opp etter vedtak i generalforsamlinga. Eigedelar skal seljast eller delast ut til arvingar. Gjeld skal betalast ned. Nettoformuen skal fordelast til arvingane.

  5. Kva meiner vi med arving?

    Arving er den som etter lov eller testament har krav på ein del av arven, jf. arvelova § 2 første ledd.

  6. Kva meiner vi med skifte?

    Skifte er nemninga på den rettslege prosessen som skjer når dei enkelte eigedelane i dødsbuet blir fordelte til arvingane. Dødsbuet blir løyst opp når delinga er gjennomført.