Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 220

  1. Kva tyder uskifte?

    Skifte tyder dele eller byte. Dødsbuet blir skifta ved at eigedelar og verdiar blir leverte eller betalte ut til nye eigarar. Uskifte vil seie at eigedelane og verdiane ikkje blir fordelte til arvingane (endå). Fordelinga blir utsett.

  2. I kva tilfelle, og på kva vilkår, kan den attlevande ektefellen ta over felleseige uskifta med dei andre arvingane til den førstavdøde etter lova?

    Uskifterett til felleseige gjeld overfor «andre arvinger etter loven» for den førstavdøde, jf. § 14 første ledd, som vil seie arvingar i første og andre arvegangsklasse. Den attlevande ektefellen er einearving overfor slektningane i tredje arvegangsklasse, jf. arvelova § 9 andre ledd, og då er det ikkje behov for uskifte. Uskifteretten gjeld ikkje i forhold til testamentsarvingane fordi dei ikkje er arvingar «etter loven».

    Uskifterett til felleseige gjeld utan vilkår overfor felles livsarvingar eller avkom etter dei. Uskifteretten gjeld også overfor foreldre eller avkom etter dei, jf. arvelova § 14 første ledd.

    Uskifteretten gjeld ikkje overfor særkullsbarn etter den avdøde, jf. § 15, med mindre dei samtykkjer.

  3. I kva tilfelle, og på kva vilkår, kan den attlevande ektefellen ta over særeige uskifta med dei andre arvingane til den førstavdøde etter lova?

    Uskifterett til særeige krev samtykke frå arvingane eller heimel i avtale, jf. ekteskapslova §§ 43 og 42 tredje ledd. Ved avtale etter ekteskapslova § 42 tredje ledd vil særeige bli behandla som felleseige dersom ein av ektefellane døyr, og dette vil seie at den attlevande får rett til uskifte.

  4. Kva råderett har den attlevande ektefellen over uskiftebuet?

    Ein attlevande ektefelle som sit i eit uskifta bu, rår som ein eigar over alt som høyrer til uskiftebuet, med dei unntaka som følgjer av lov, testament eller avtale, jf. arvelova § 22. Den attlevande ektefellen har praktisk talt full disposisjonsrett over formuen og kan til dømes selje huset, kjøpe ei mindre leilegheit og bruke pengane som blir til overs, til eigne føremål.

    Den lengstlevande kan likevel ikkje gje vekk fast eigedom eller andre gåver som står i misforhold til midlane i buet, jf. arvelova § 23. Det kan derfor bli eit spørsmål om kor stor ei gåve må vere for å stå i misforhold til buet. Rettspraksis er sprikjande og uklar om spørsmålet. I RG-1991-675 gav den attlevande vekk ein bil som utgjorde 29 % av verdien i buet. Gåva blei omstøytt. I andre tilfelle har gåver til ein verdi av 20 prosent av verdien på buet blitt godtekne.

  5. Kva fører til at uskiftebuet skal skiftast?

    Den lengstlevande ektefellen i uskifte kan når som helst velje å skifte, heilt eller delvis, med nokre eller alle arvingane, jf. arvelova § 28.

    Retten til uskifte fell bort ved omgifte, jf. arvelova § 27 første ledd. Dersom den attlevande ektefellen blir sambuar, kan arvingane krevje skifte etter to års sambuarskap, eller dersom den attlevande har hatt, har eller ventar barn med sambuaren. Mest praktisk er truleg dei tilfella der den attlevande ektefellen etablerer sambuarskap og sambuaren, eventuelt den attlevande ektefellen, blir gravid.

    Retten til uskifte kan også falle bort etter § 28 andre ledd, det vil seie dersom den attlevande rår over uskifte på ein klanderverdig måte – til dømes dersom pengane blir sølte vekk på fest og fanteri, alkohol og narkotika m.m.

    Uskiftebuet skal skiftast når den lengstlevande døyr, jf. § 29.

  6. Kva reglar gjeld for deling av eit uskiftebu som berre inneheld felleseige?

    Uskifteformue som berre omfattar felleseige, skal delast likt mellom arvegruppa til den førstavdøde og arvegruppa til den lengstlevande, jf. § 29 første ledd. Dersom arvingane berre er felles barn, vil dei to arvegruppene vere identiske. Resultatet blir at fellesungane deler uskiftebuet likt etter § 4.

    Dersom det også er særkullsbarn i arvegruppene, vil gruppene ikkje lenger vere identiske. Særkullsbarn får arv frå den halvdelen av uskiftebuet som stammar frå far eller mor deira, medan felles barn får arv frå begge gruppene.

    Dersom det ikkje finst livsarvingar, vil dei to gruppene omfatte dei slektningane til den førstavdøde og den lengstlevande som er innanfor arvetavla.