Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.3.3–7.3.7

7.3.3

  1. Dødsbuet etter Bodil utgjer halvparten av felleseiget pluss heile særeiget. Det blir kr 2 200 000, jf. ekteskapslova § 58, jf. § 77 og § 42. Lars får kr 1 200 000 som sin del av felleseiget, jf. § 58, jf. § 77. I tillegg får han arv. Han vel det høgaste beløpet av 4G (kr 400 000) og ¼ av kr 2 200 000 (kr 550 000), jf. arvelova § 8 første ledd. Lars arvar kr 550 000. Dei tre ungane arvar resten med lik del på kvar, jf. § 4. Dei får kr (2 200 000 – 550 000) / 3 = kr 550 000 kvar.
  2. Spørsmålet om Lars kan sitje i uskifte, blir løyst på grunnlag av arvelova § 14. Lars kan sitje i uskifte med heile felleseiget. Det krevst ikkje samtykke frå nokon av arvingane. Retten til å sitje i uskifte med særeiget til Bodil føreset at eitt av to vilkår er oppfylte. Retten til uskifte kan vere avtalt i ektepakt, jf. ekteskapslova § 43. Om det ikkje er det, må livsarvingane samtykkje, jf. arveloven § 14 andre ledd. Oppgåva har ikkje opplysningar om at nokon av vilkåra er oppfylte. Konklusjonen er at Lars ikkje har rett til uskifte med særeiget til Bodil.
  3. Svaret er ja. Det følgjer av arvelova § 22 at Lars rår som ein eigar over uskiftebuet, med dei atterhalda som er særleg fastsette. Å selje eigedelar for å busetje seg i Spania er det ingen lovreglar som forbyr.

7.3.4

  1. Vi går ut frå at dødsbuet er halvparten av fellesformuen og utgjer kr 600 000, jf. ekteskapslova § 58 (likedelingsregelen). Lisa har etter arvelova § 8 første ledd krav på 4G, kr 400 000. Resten skal delast på dei tre ungane etter Frank, jf. § 4. Kvart barn får kr 200 000 / 3 = kr 66 667.
  2. Lisa kan sitje i uskifte overfor dei felles ungane, jf. arvelova § 14 første ledd. Sonen til Franks frå tidlegare ekteskap er eit særkullsbarn som etter § 15 har rett til å få arveretten sin utbetalt dersom han ikkje gjev samtykke til uskifte. Etter § 16 har Lise framleis krav på uskifte overfor eigne barn sjølv om særkullsbarnet ikkje samtykker. Arven til Lisa er ein så stor del av buet at det kanskje ikkje er så smart å krevje uskifte. Kanskje er ho best tent med å gjennomføre arveoppgjeret straks. Særkullsbarnet skal jo berre ha kr 66 667.
  3. Lisa kan etter arvelova § 23 ikkje gje gåver som står i misforhold til formuen i uskiftebuet. Dersom ho tek over buet uskifta, vil det innehalde kr 1 200 000 minus kr 66 667 (arven til særkullbarnet). Gåva er mindre enn 10 prosent av buet. Rettspraksis, sjå til dømes RG-1991-675, tyder på at det begynner å nærme seg misforhold når gåva er rundt 20 prosent av buet. Det tyder på at gåva til Lisa står seg som gyldig.

7.3.5

  1. Deling dersom Kari giftar seg på nytt
    Uskiftebuet inneheld felleseiget og særeiget etter Jens. Det er opplyst at ektefellane ved ektepakt hadde inngått avtale etter § 43. Det vil seie at særeiget til Jens (landstaden på Sørlandet) går inn i uskiftebuet. Det krevst ikkje samtykke frå Madelene.

    Etter arvelova § 27 fell retten til å sitje i uskifte bort dersom den attlevande ektefellen giftar seg på nytt.

    Den lengstlevande har krav på halvparten av felleseiget på grunnlag av ekteskapslova § 58, jf. § 77. Kari sin del av felleseiget er kr 1 200 000.

    Buet som skal delast, er sett saman av halvparten av felleseiget og heile særeiget, altså kr 3 000 000. Av dette har Kari som attlevande ektefelle krav på ¼ på grunnlag av arvelova § 8 første ledd. Det gjev kr 750 000.

    Resten av buet er kr 2 250 000. Desse midlane skal delast likt mellom dei tre ungane til Jens, det vil seie kr 750 000 til kvart barn, jf. arvelova § 4.

  2. Deling dersom Kari døyr medan ho sit i uskifte
    Delinga skal skje etter arvelova § 29. Delinga skal skje mellom to arvegrupper. Hovudregelen er likedeling av felleseiget, medan særeiget høyrer til delen til særeigeeigaren. Det er sett bort frå eventuelle verdiendringar under uskifteperioden. Verdiane blir derfor sette til dei verdiane som Kari tok over då Jens døydde. Dette er ein urealistisk føresetnad, men blir gjord av pedagogiske omsyn.

    Fellesbarna Ola og Katrine høyrer til begge arvegruppene. Dei skal ha arv både etter Jens og Kari. Særkullsbarnet Madelene høyrer berre til arvegruppa etter Jens.

    Arvegruppa etter Jens: Ola, Katrine og Madelene arvar kr 3 000 000 / 3 = kr 1 000 000 til kvar, jf. arvelova § 4.

    Arvegruppa etter Kari: Ola og Katrine arvar kr 1 200 000 / 2 = kr 600 000 til kvar, jf. arveloven § 4.

    Det totale arveoppgjeret blir slik:
    Arving Arv i kroner
    Ola 1 600 000
    Katrine 1 600 000
    Madelene 1 000 000
    SUM 4 200 000

7.3.6

Læraren har løysingsforslag

7.3.7

Oppgåva problematiserer deling etter ekteskapslova og arvelova når ein av partane har gjeld.

Dødsbuet etter Kari utgjer halvparten av fellesformuen etter at det er gjort frådrag for gjeld, jf. ekteskapslova § 58. Kari bidreg til likedelinga med kr 3 000 000 (halvparten av kr 6 000 000), medan Jens berre bidreg med kr 500 000 (kr 3 000 000 – kr 2 500 000). Dette vil seie at likedeling etter frådrag for gjeld blir (kr 6 000 000 – 2 500 000) / 2 = kr 1 750 000 til kvar.

Av ein bruttoformue på kr 6 000 000 får Jens kr 1 750 000 av likedelingsmidlane pluss kr 2 500 000 til å dekkje gjeld, i alt kr 4 250 000. Kari sin del av nettoformuen utgjer dødsbuet på kr 1 750 000.

Dersom det skal skiftast no

Dødsbuet er kr 1 750 000. Jens arvar av dette etter arvelova § 8 første ledd. Han skal ha ¼, altså kr 437 500. 4G er eit mindre beløp enn ¼ av dødsbuet.

Ungane til Kari arvar resten etter arvelova § 4. Ho hadde fire ungar. Tre av dei var fellesbarn med Jens, og eitt var særkullsbarn. Dei fire ungane får kr (1 750 000 – 437 500) / 4 = kr 328 125 kvar.

Jens krev uskifte

Jens kan krevje å ta over buet uskifta etter arvelova §§ 14 og 15. Han har krav på uskifte i forhold til dei tre fellesbarna etter § 14, men ikkje overfor særkullsbarnet Aleksander, med mindre han samtykkjer. jf. § 15. Sidan Aleksander berre er 15 år, kan han ikkje på eiga hand gje samtykke. Etter arvelova § 15 andre ledd andre setning, krevst det samtykke av både verje (truleg far til Aleksander) og statsforvaltaren. Det vil neppe bli gjeve. Aleksander kan derfor krevje kr 328 125 utbetalt.

Resten av fellesformuen går inn i uskiftebuet som ein gong i framtida skal skiftast mellom dei tre felles ungane.