Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.5.1–7.5.4

7.5.1

  1. Har Ola arverett etter Hanne?
    Spørsmålet er om Ola har arverett etter Hanne som sambuar. Som eventuell sambuar kan Ola ha arverett etter arvelova § 12.

    Problemet er om Ola er å rekne som sambuar etter arvelova. Det går fram av arvelova § 2 tredje ledd fjerde punktum. Personar som bur saman, blir ikkje rekna som sambuarar dersom ein av dei var gift med ein annan. Sidan Hanne framleis var gift med Siri då ho døydde, er Ola og Hanne ikkje sambuarar. Ola har derfor ikkje arverett etter Hanne.

  2. Har Siri arverett etter Hanne?
    Siri har arverett som attlevande ektefelle etter arvelova § 8. Hanne hadde livsarving. Siri har derfor krav på 4G eller ¼ av dødsbuet. Med eit dødsbu på kr 1 200 000 skal Siri ha 4G, kr 400 000.

  3. Arverett for barnet
    Barnet er einaste livsarving og arvar derfor resten, kr 800 000, etter arvelova § 4.

7.5.2

  1. Har Petter krav på arv?
    Petter har som separert ektefelle ikkje krav på arv, jf. arvelova § 11.

  2. Har Oskar krav på arv?
    Ola var separert, men framleis gift med Petter då han døydde. Arvelova § 2 tredje ledd fjerde punktum fastset at to personar der ein av dei er gift med ein annan, ikkje kan reknast som sambuarar. Oskar kan derfor ikkje reknast som sambuar etter lova og har derfor ikkje arverett etter Ola.

    Sjølv om Ola og Oskar skulle vore rekna som sambuarar, vil arverett etter arvelova § 13 krevje minst fem års sambuarskap før dødsfallet, og dessutan fastsetjing i testament. Arvelova § 12 kjem ikkje i bruk sidan Ola og Oskar var barnlause. Oskar ville uansett ikkje hatt arverett etter Ola.

  3. Kan andre enn Petter og Oskar ha krav på arv?
    Det følgjer av svaret på a og b at verken Petter eller Oskar har krav på arv. Det er ikkje opplyst om andre arvingar. Staten skal derfor sørgje for at arven blir gjeven til frivillig verksemd for barn og ungdom etter arvelova §§ 76 og 77.

7.5.3

Læraren har løysingsforslag

7.5.4

Læraren har løysingsforslag