Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 244

  1. Kva er ein sambuar etter arvelova?

    Sambuarar som kjem inn under arvelova, må mellom anna ikkje vere gifte eller sambuar med ein annan person. Dei må vere over 18 år og leve i eit ekteskapsliknande forhold, jf. arvelova § 2 tredje ledd. Personane blir rekna som sambuarar sjølv om dei bur frå kvarandre i ei tid på grunn av utdanning, arbeid, sjukdom, institusjonsopphald eller liknande.

  2. Har den attlevande sambuaren noko vilkårsfritt krav på minstearv?

    Svaret er nei. Ein attlevande sambuar kan gjerast arvelaus ved testament.

    Ein sambuar som har felles barn med den avdøde, har rett til minst 4G, jf. § 12 første ledd. Denne arveretten krev at den avdøde ikkje har avgrensa retten ved eit testament som den attlevande sambuaren hadde fått kunnskap om før arvelataren døydde.

    Arverett for ein sambuar som ikkje har barn med den avdøde, må fastsetjast i testament. Dersom sambuarskapet har vart i minst fem år, kan arvelataren fastsetje i testament at eit beløp på 4G skal ha prioritet framfor pliktdelen til livsarvingane etter § 50. Dette inneber til dømes at eit dødsbu på kr 900 000 kan fordelast med kr 400 000 (4G) til sambuaren og kr 500 000 (resten) til livsarvingane. Utan denne regelen ville livsarvingane fått 2/3, altså kr 600 000, slik at det berre ville vore kr 300 000 til disposisjon for testamentering.

  3. Kva er likt og kva er ulikt mellom arveretten til attlevande ektefelle og attlevande sambuar?

    Det er store skilnader mellom reglane for ektefellar i §§ 8–10 og reglane for sambuarar i §§ 12–13. Retten til 4G eller 6G til ein attlevande ektefelle er minstearv som han eller ho ikkje kan bli fråteken med ei føresegn i eit testament. Den attlevande sambuaren kan derimot bli fråteken retten til 4G i testament som han eller ho hadde kunnskap om, jf. § 12 andre ledd.

    Det er ingen regel om at sambuarar får rett til 6G eller halvparten av arven slik § 9 fastset for ektefellar i dei tilfella der dei næraste slektsarvingane er foreldra til den avdøde eller avkom etter dei.

    Endå større skilnad blir det når dei fjernaste slektsarvingane er besteforeldre eller avkom etter dei, sjå § 9 andre ledd. Då arvar ein attlevande ektefelle alt, medan ein attlevande sambuar arvar ingenting.

  4. I kva grad kan ein attlevande sambuar ta over arv uskifta med arvingane til avdøde?

    Ein attlevande sambuar som har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, har ein avgrensa rett til uskifte etter arvelova § 32.

    Retten til uskifte overfor felles barn omfattar berre felles bustad, innbu, bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane. Han omfattar ikkje andre eigedelar som kontantar, verdipapir osv. Rett til uskifte med andre eigedelar enn dei som er nemnde i arvelova § 32, føreset testament eller samtykke frå andre arvingar.

    Dersom den avdøde hadde særkullsbarn, gjeld samtykkeregelen i § 15 tilsvarande for sambuarar.

  5. Kva er likt og kva er ulikt mellom uskifteretten for attlevande sambuar og attlevande ektefelle?

    Det er store skilnader mellom retten til ein ektefelles og ein sambuar.

    Overfor felles barn kan ein attlevande ektefelle ta over heile felleseiget uskifta, medan ein sambuar berre kan ta over bustad, bil og fritidsbustad (§ 32).

    Både retten til uskifte for ein ektefelle og ein sambuar kan avgrensast ved førehandskjend testament, jf. §§ 17 og 33.

    Ein barnlaus ektefelle har uskifterett etter § 14 første ledd, men ein barnlaus sambuar har ikkje ein slik rett etter § 32, fordi denne regelen set vilkår om «har, har hatt eller venter barn». Uskifterett for ein barnlaus sambuar må eventuelt sikrast ved testament.