Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.4.1–7.4.2

7.4.1

Dei to yngste ungane har fått ei gåve medan Klara var i live. Spørsmålet er om gåva var ein livsdisposisjon, eller om ho var ein dødsdisposisjon som krev testaments form.

Gåver som er fullbyrda medan gjevaren lever, er normalt livsdisposisjonar. Gåva frå Klara blei fullbyrda fordi bustaden blei overført og ungane flytta inn medan Klara var i live. Gåva hadde derfor «realitet for arvelataren» i hennar levetid, jf. arvelova § 40 andre ledd andre setning. Det talar for at gåva var livsdisposisjon. Det er likevel unntak for fullbyrda gåver som er gjevne på dødsleiet, jf. arvelova § 40 andre ledd tredje setning. Føresegna skildrar dette som ei «gave fra en giver som snart skal dø, og som vet det», utan å bruke ordet «dødsleiet». Slike gåver er dødsdisposisjonar og må vere gjevne i testaments form.

To vilkår må vere oppfylte for at ein person er på dødsleiet. Gåva må for det første vere gjeven av ein person «som snart skal dø». Det må derfor vere høg risiko for at vedkomande døyr i næraste framtid. For det andre må vedkomande vere klar over at døden er nær.

Rettspraksis tyder på at «snart skal døy» tyder at døden berre er nokre få månader unna. Dersom gjevaren skulle leve i fleire år, vil gåva stå seg som livsdisposisjon. Det finst inga eksakt tidsgrense, men det blir hevda i teorien at grensa er rundt seks månader. Høg alder åleine er ikkje nok for å vere på dødsleiet!

I vårt tilfelle levde Klara i to år etter at ho gav frå seg eigedommen. Den høge alderen hennar (81 år) spelar inga rolle. Konklusjonen blir etter dette at gåva er gyldig som livsdisposisjon, utan testament.

7.4.2

Læraren har løysingsforslag