Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 7.3.1–7.3.2

7.3.1

  1. Ektefellen har etter arvelova § 8 første ledd krav på det største beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G. I dette tilfellet set vi 4G til kr 400 000, medan ¼ av arven utgjer kr 200 000. Ektefellen har derfor krav på kr 400 000. Dei to døtrene og dei to sønene er fire livsarvingar som deler resten etter § 4 og får kr 100 000 kvar.
  2. Ektefellen har i henhold til § 8(1) krav på kr 400 000, jf. det som er sagt under punkt a. Resten, kr 400 000, skal delast på fire greiner etter § 4. Dei tre ungane som er i live, får kr 100 000 kvar. Dei fire barnebarna deler den avdøde dottera sin del og får kr 25 000 kvar.
  3. Ektefellen har etter § 9 første ledd rett til det høgare beløpet av halvparten av arven og 6G. I dette tilfellet blir 6G sett til kr 600 000. Resten, kr 200 000, skal tilfalle arvingane. I dette tilfellet blir arven å fordele på to greiner, éi til morssida og éi til farssida. Det er opplyst at mora lever. Det må forståast slik at faren ikkje er i live. Arven til faren går derfor til dottera hans (søstera til den avdøde), jf. § 5. Resultatet blir at mora og søstera arvar kr 100 000 kvar.
  4. Fetteren høyrer til tredje arveklasse. Ektefellen til den avdøde sonen har ikkje arverett etter den avdøde. Arven skal derfor fordelast § 9 andre ledd. Det vil seie at ektefellen arvar alt, kr 800 000.
  5. Den fråseparerte ektefellen har ikkje arverett, jf. § 11. Heile arven skal derfor delast mellom sonen og dottera etter § 4. Dei får kr 400 000 kvar.
  6. Ektefellen har framleis arverett trass i det brotne samlivet. Det er berre ein separert ektefelle som taper arverett etter § 11. Ektefellen har derfor krav på 4G, kr 400 000, etter § 8 første ledd. Resten, kr 400 000, skal delast på tre greiner etter § 4. Dei to døtrene som er i live, arvar kr 133 333 kvar. Dei tre barnebarna arvar den avdøde sonen sin del og får kr 44 444,67 kvar.

7.3.2

  1. Dødsbuet er kr 790 000
    Frederik har krav på det høgaste beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G, jf. arvelova § 8 første ledd. ¼ av buet er kr 197 500, og 4G blir sett til kr 400 000. Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid er livsarvingar og deler resten etter § 4. Dei får kr 195 000 kvar.
  2. Dødsbuet er kr 1 000 000
    4G, kr 400 000, er framleis større enn ¼ av buet, jf. § 8 første ledd. Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 4 og får kr 300 000 kvar.
  3. Dødsbuet er kr 3 600 000
    4G, kr 400 000, er mindre enn ¼, som er kr 900 000, jf. § 8 første ledd. Frederik arvar derfor kr 900 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 4 og får kr 1 350 000 kvar.