Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.1–6.3.2

6.3.1

Underhaldsplikta til Per følgjer av ekteskapslova § 38. Føresegna pålegg ektefellane eit felles ansvar for å dekkje fellesbehova til familien, med pengar eller arbeid. I tillegg blir det fastsett at ektefellane saman også har ansvar for «særlege behov» for kvar ektefelle. Det inneber at Per har ansvar for å dekkje særbehova til Turid i den grad ho ikkje kan gjere dette sjølv. Sidan berre Per har inntekter, må Turid bidra med arbeid i heimen og dermed gjere det mogleg for Per å tene pengar til å dekkje utgiftene til Turids særbehov.

Særlege behov for den enkelte ektefellen omfattar mellom anna utgifter til klede og sko, transport, lege og tannlege. Du må som ektefelle først bruke eigne midlar til eige underhald. Berre når desse ikkje er tilstrekkelege, kan ein ektefelle, i rimeleg utstrekning, krevje pengar av den andre ektefellen til dekning av særbehovet, jf. § 38 andre ledd. «I rimelig utstrekning» inneber at han eller ho ikkje kan krevje pengar for å dekkje dyre og unødvendige luksusbehov.

Kva som er rimeleg, skal tolkast i lys av økonomien til familien. Det kan krevjast meir i rike familiar enn i fattige.

Dersom ein ektefelle har stifta gjeld for å dekkje eit særbehov, oppstår det spørsmål om vedkomande kan krevje at den andre betalar gjelda. I slike tilfelle gjeld ekteskapslova § 40. Den som stiftar gjeld utan å kunne betene gjelda sjølv, kan krevje at ektefellen tek medansvar for låneavtalen dersom avtalen er «vanlig» og det er kjøpt varer eller tenester som skal dekkje «ektefellens nødvendige behov». Det er her viktig å sjå forskjellen mellom § 38 og § 40. Sjølv om ein ektefelle er forplikta til å gje den andre pengar som skal brukast til å dekkje særlege behov, blir han eller ho berre medansvarleg for gjeld som skal dekkje nødvendige behov. Forskjellen ligg i nemninga «særlig» og «nødvendig». Vi kan gå ut frå at særlege behov omfattar meir enn nødvendige behov.

Vi kan illustrere med eit par dommar. I RG-1979-861 Tannlegedommen var ein ektefelle forplikta til å dekkje tannlegerekninga til den andre. Vi kan gå ut frå at tannbehandling både var eit særleg behov etter § 38 og eit nødvendig behov etter § 40.

I den danske Hattedommen UFR-1932-593 blei ein ektefelle frifunnen frå ei påstått forplikting til å dekkje den andre sitt behov for 27 hattar og fire huer. Truleg kan vi seie at dette ikkje var eit nødvendig behov som påførte den andre ektefellen medansvar for gjelda. Likevel kunne hustrua kravd at mannen stilte pengar til disposisjon på førehand, slik at ho kunne dekkje det særlege behovet for hovudplagg.

Den danske Hattedommen er gammal og gjev nok uttrykk for eit forelda syn på kjønnsrollene i eit ekteskap. Likevel er dommen eigna til å illustrere forholdet mellom § 38 og § 40.

6.3.2

Spørsmålet er om Vilde har plikt til å stille pengar til disposisjon for Martin slik at han kan dekkje utgifter til sine særlege behov, jf. ekteskapslova § 38.

Martin hevdar at han har krav på halvparten av inntektene til Vilde. Han får ikkje medhald i eit slikt krav. Ekteskapslova § 38 andre ledd fastset at ein ektefelle kan krevje pengar av den andre for å dekkje utgifter som nemnt i første ledd, altså utgifter til å dekkje felles hushald og andre fellesbehov, oppfostring av ungane og dei særlege behova til ektefellen. Dersom Vilde ikkje sjølv sørgjer for å dekkje fellesbehovet, må ho stille pengar til disposisjon for Martin for dette og for særbehova hans. Inntekter utover det som dekkjer desse behova, kan Vilde behalde sjølv. Det følgjer mellom anna av hovudregelen om råderett, jf. § 31.