Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 191

  1. Kva er skilnaden i råderett over eigne eigedelar for ektefellar og sambuarar?

    Hovudregelen er den same. Ektefellar og sambuarar rår fritt over eigne eigedelar. Avgrensingane for felles bustad og innbu gjeld berre ektefellar, ikkje sambuarar, sjå §§ 32 og 33.

  2. Korleis kan reglane om sameige føre til avgrensingar i råderetten til sambuarar over eigne eigedelar?

    Reglane om sameige påverkar ikkje berre sambuarar. Dei har også verknad for ektefellar og alle andre som eventuelt eig ein eigedel saman med andre.

    Ting som er eigde i sameige, kan nyttast fysisk ut frå eigarforholdet, sjå sameigelova § 3. Særleg praktisk er regelen om styring og utnytting. Dersom ein sambuar ønskjer å pantsetje ein bustad som er i sameige, krevst det fleirtalsvedtak etter § 4. Med to sameigarar tyder det at dei må vere einige.

    Sal av ein sameigd eigedel inneber at sameiget blir løyst opp. Det blir styrt av sameigelova § 15.

  3. Kan ein sambuar stifte gjeld med ansvar for begge?

    Kortsvaret er nei. Gjeld kan likevel stiftast på grunnlag av reglar om fullmakt.

    Eit døme på at sambuar A kan stifte gjeld på vegner av sambuar B, følgjer av verjemålslova § 94, som vi har gått gjennom tidlegare. Dersom B har blitt sinnslidande eller på annan måte er ute av stand til å gjere nødvendige avtalar sjølv, kan A på vegner av B mellom anna stifte gjeld for å bruke pengane til nødvendig oppussing eller vedlikehald av bustad.