Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 197

  1. Korleis oppløyser ein eit «ekteskap» som er inngått ved hjelp av ein ikkje godkjend vigslar?

    Nokre ekteskap kan bli ugyldige. Blant desse blir nokre rekna som ikkje inngåtte, medan andre må løysast opp.

    Ekteskapet er ikkje inngått dersom krava i § 11, jf. § 12, ikkje er oppfylte. Eit døme er at brurefolka blei vigsla av ein person som lova ikkje anerkjenner som vigslar, jf. Ekteskapet er å rekne som ikkje inngått, og det er derfor ikkje behov for ei oppløysing. Ingen treng gjere noko som helst.

    Når eit ekteskap ikkje er inngått, vil dei rettsreglane som elles følgjer av ei ekteskapsinngåing, ikkje begynne å virke. Det er til dømes ikkje etablert noko formuesforhold med felleseige og eventuelt særeige. Dersom det er barn i forholdet, gjeld heller ikkje farskapsregelen i barnelova eller reglar om foreldreansvar for gifte foreldre.

  2. Korleis må du gå fram for å få eit tvangsekteskap kjent ugyldig?

    Det følgjer av § 16 tredje ledd at tvangsekteskap må løysast opp. Det skjer ved søksmål og påstand om ugyldigheit.

    Eit alternativ er å gå vegen om separasjon og skilsmisse etter reglane i §§ 20 og 21. Eit anna alternativ er å krevje skilsmisse direkte etter §23 tredje ledd.

    Sjølv om eit ekteskap er inngått med rettsstridig tvang, er det etablert felleseige og eventuelt særeige, og dersom det er fødd barn, gjeld reglane om farskap osv. i barnelova. Ei avgjerd om oppløysing opphevar slike rettsverknader.

  3. Kva materielle vilkår stiller lova for å gjere eit ekteskap ugyldig på grunn av tvang?

    Tvangsekteskap føreset «rettsstridig» tvang, jf. § 16 tredje ledd. Forslag og tilrådingar kan vere lovlege, men dersom det blir truga med utstøyting frå familien, arveløyse osv., er tvangen rettsstridig. Det må ikkje nødvendigvis tvingast med vald eller truslar om vald.

  4. På kva fire grunnlag kan eit ekteskap løysast opp ved skilsmisse?
    • Eitt års formell separasjon, jf. § 20.
    • To års samlivsbrot, jf. § 22.
    • Overgrep og tvang, jf. § 23.
    • Nær slektning eller dobbeltekteskap, jf. § 24.