Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 176

  1. Kvar finn vi regelen om underhaldsplikta til ektefellane?

    Ekteskapslova §§ 38 og 39 fastset at ektefellar har gjensidig underhaldsplikt.

  2. Kva er innhaldet i underhaldsplikta?

    Underhaldsplikta er todelt. Ho omfattar ansvaret for å dekkje felles behov i familien og ansvaret for særlege behov hos den andre ektefellen. § 38.

  3. Kva meiner vi med «felles hushald»?

    Paragraf 38 første ledd bruker formuleringen «felles hushold og til dekning av andre felles behov, oppfostringen av barna og […]». Det er mogleg at nokre opererer med ulike kategoriar av felles behov, slik at felles hushald er ei undergruppe. Dette synest å vere lite tenleg. Vi går ut frå at felles hushald kan brukast om alt som høyrer til den daglege drifta av familien, med unntak av utgifter til å dekkje særlege behov for kvar enkelt ektefelle.

    Felles behov omfattar mellom anna investeringar i bustad og bil, daglege forbruksutgifter, til dømes utgifter til mat og drikke, barnehage, reparasjonar, bensin til bilen og klede til ungane.

  4. Kva meiner vi med «særlige behov» hos ein ektefelle?

    Særlege behov for den enkelte ektefellen omfattar mellom anna utgifter til klede og sko, transport, lege og tannlege. Du må som ektefelle først bruke eigne midlar til eige underhald. Berre når dei ikkje er tilstrekkelege, kan ein krevje tilskot frå den andre. Du kan berre krevje dekning «i rimelig utstrekning». Ein kan som regel ikkje krevje at dyre og unødvendige luksusbehov blir dekte av den andre. Brot på underhaldsplikta kan føre til at ein ektefelle må betale pengebidrag.

  5. Har sambuarar plikt til å forsørgje kvarandre?

    Sambuarar har inga lovbestemt underhaldsplikt.

  6. Korleis kan sambuarar få gjensidig underhaldsplikt?

    Sambuarar har ikkje plikt til å forsørgje kvarandre utan at dei sjølve har regulert dette gjennom ein sambuaravtale.