Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 183

  1. Kva meiner vi med råderett?

    Kortversjonen er at råderett over ein eigedel tyder retten til å bestemme over tingen.

    Råderetten kan delast i fysisk og juridisk råderett. Den fysiske råderetten handlar om retten til å bruke tingen fysisk. Den juridiske råderetten er retten til å gjere avtalar eller gje einsidige løfte om bruken, til dømes retten til å selje, pantsetje, leige vekk eller låne vekk tingen.

    Det er i utgangspunktet eigaren som har råderett over eigne ting. Eig han eller ho tingen i eineeige, har vedkomande eineråderett. Dersom tingen er i sameige, har eigarane felles råderett som må utøvast etter reglar i sameigelova.

  2. Kva er hovudregelen om råderetten til ektefellar over verdiar og eigedelar i eit ekteskap?

    Det følgjer av § 31 første ledd at ekteskapet ikkje fører til endringar i eigedomsretten. Det du eigde før ekteskapet, eig du også etter at det er inngått. Og du bestemmer sjølv kva du vil gjere med det du eig. Fellesformuen i eit ekteskap har derfor to råderettsdelar, og kvar råderettsdel omfattar det den enkelte ektefellen eig.

  3. Kva samanhengar er det mellom nemningane eineeige, sameige, felleseige og særeige?

    Formuen til ektefellar er felleseige med mindre det er avtalt særeige, eller særeige er bestemt i testament frå ein gavegjevar, jf. §§ 42 og 48. Både felleseige og særeige kan omfatte eigedelar som er eineeige eller sameige.

    Det er særs viktig å forstå omgrepet felleseige. Ingen forklaringar av omgrepet må etterlate eit inntrykk av at noko nødvendigvis er eigd i fellesskap. Ordet er misvisande. Ordet er brukt i ekteskapslova § 58, som er hovudregelen om likedeling etter separasjon og skilsmisse. Felleseige kan likevel også bli skeivdelt etter § 59. Det er derfor mest korrekt å seie at felleseige er den delen av den samla formuen til ektefellane som skal delast etter reglane i ekteskapslova kapittel 12.

  4. Kva avgrensingar gjeld for råderetten til ektefellar?

    Ekteskapslova har to føresegner om unntak frå hovudregelen om den råderetten ektefellar har over eigne eigedelar. § 32 avgrensar råderetten over felles bustad, og § 33 avgrensar retten til å rå over vanleg innbu.

    Ekteskapslova § 32 første ledd bokstav a krev samtykke frå den andre ektefellen ved overdraging (gåve eller sal), pantsetjing eller endringar i ein eventuell leigeavtale. Ein eigarektefelle som til dømes ønskjer å stille bustaden som sikkerhet for eit lån for å finansiere eit bilkjøp, må få samtykke til pantsetjinga frå den andre ektefellen. Dersom eigarektefellen ikkje får samtykke, kan han eller ho bringe spørsmålet inn for tingretten, jf. § 32 andre ledd. Retten skal gje løyve dersom det ikkje er rimeleg grunn til å nekte. Ei mindre pantsetjing som ikkje skaper vesentleg risiko for tvangssal, bør kunne gjennomførast utan samtykke frå den andre ektefellen.

    Ekteskapslova § 33 har ein tilsvarande regel som § 32 for vanleg innbu. Det krevst ei skjønnsmessig vurdering for å trekkje grensa mellom vanleg og uvanleg innbu. Kostbar kunst kan vere uvanleg innbu som eigarektefellen kan rå over utan samtykke frå den andre.