Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 172

  1. I kva grad er alder ei hindring for å kunne inngå ekteskap?

    Brud og brudgom må vere myndige, det vil seie fylt 18 år, for å kunne gifte seg, jf. § 1a. Regelen følgjer også av verjemålslova § 9 som fastset generelt at du må vere myndig for å kunne gjere rettslege handlingar.

    Statsforvaltaren kunne tidlegare gje dispensasjon frå regelen. Denne ordninga blei oppheva med verknad frå 1. juli 2018.

    18-årsregelen er no å rekne som absolutt, men det er framleis ei lita moglegheit for å få ekteskap med ein norsk statsborgar som er inngått i utlandet, anerkjent i norsk rett. Dette er ikkje behandla i læreboka, men blir her nemnt for å gjere framstillinga fullstendig.

    Ekteskapslova § 1a må sjåast i lys av § 18a. Det følgjer av § 18a andre ledd bokstav b at ekteskap som er inngått i utlandet der ein av partane er norsk statsborgar eller fast busett i Noreg på vigselstidspunktet, og ein av partane er under 18 år, blir som hovudregel ikkje anerkjende i Noreg. Det følgjer av § 18a tredje ledd at partane kan søkje statsforvaltaren om dispensasjon dersom «sterke grunnar» talar for anerkjenning. Praksis for slik dispensasjon skal visstnok vere svært restriktiv. Ein nordmann som giftar seg i utlandet med ei mindreårig brur, må derfor som hovudregel gifte seg «på nytt» når brura har fylt 18 år, for å få ekteskapet anerkjent i Noreg.

  2. I kva grad er slektskap mellom brurefolka ei hindring for å inngå ekteskap?

    Ekteskap mellom slektningar i rett opp- eller nedgåande linje eller mellom søsken er ikkje tillate, jf. § 3. Halvsøsken blir også ramma av forbodet. Regelen er grunngjeven med arvebiologiske og etiske omsyn. Ingen kan gifte seg med ein bror eller ei søster, og heller ikkje med mor eller far.

    Forbodet gjeld også adoptivbarn. Dersom du er adoptert inn i ein familie, kan du ikkje gifte deg med ein bror eller ei søster som er biologisk barn til adoptivforeldra dine. Denne regelen kan ikkje grunngjevast med arvebiologi, berre med at slike ekteskap blir rekna som uetiske og støytande.

    Regelen blir tolka antitetisk, som vil seie at du kan gifte deg med personar som ikkje blir ramma av ordlyden i § 3. Du kan til dømes gifte deg med ein onkel, ei tante, ein fetter eller ei kusine fordi slike slektningar ikkje er i rett opp- eller nedstigande linje eller søsken.

  3. Kva formelle vilkår gjeld for å inngå eit gyldig ekteskap i Noreg?

    Formelle vilkår er dei som knyter seg til framgangsmåten. Denne er skildra i ekteskapslova § 11. Brurefolka må møte for ein godkjent vigslar (sjå § 12). Dei må vere til stades samtidig. Det er derfor ikkje mogleg å inngå ekteskap ved hjelp av fullmektig. Brurefolka må uttrykkjeleg erklære at dei vil gifte seg med kvarandre. Stillteiande samtykke er ikkje nok.

    Minst to vitne skal vere til stades under vigsla. Det er ikkje krav om at vitna skal signere på noko dokument.

  4. Kva status har utanlandske ekteskap i Noreg?

    Ekteskap i utlandet blir anerkjende i Noreg dersom dei er gyldige etter utanlandsk rett, jf. § 18a. Ekteskapet blir likevel ikkje anerkjent dersom det verkar støytande etter norsk rettsoppfatning. Dersom du tidlegare blei gift som 14-åring i eit anna land og dette var gyldig etter lovene i landet, blir det likevel ikkje anerkjent i Noreg som eit gyldig ekteskap, fordi ekteskapet verkar støytande for oss i Noreg. Det er fordi det etter norsk lov er straffbart å ha seksuelt samkvem med personar under 16 år. To 17-åringa som er gifte med kvarandre og kjem til Noreg som flyktningar eller asylsøkjarar, treng ikkje gifte seg på nytt for å få ekteskapet anerkjent i Noreg.

    Dersom ein av partane er norsk statsborgar, gjeld 18-årsregelen for begge, jf. § 18a andre ledd bokstav b. Sjå det som er skrive i svaret til spørsmål 1.

  5. Kva er eit sambuarskap?

    Eit sambuarskap blir vanlegvis definert som to personar av same eller motsett kjønn som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold. For ordens skuld nemner vi at ekteskap ikkje blir rekna som sambuarskap, sjølv om ordlyden (bur saman) også passar for ektefellar. Definisjonen sørgjer også for at ein del bufellesskap ikkje blir rekna som sambuarskap.

    Vilkåra for at sambuarskap skal få rettsverknader, må undersøkjast nærare på kvart rettsområde. Eit sambuarskap etter arvelova får berre arverettslege verknader dersom sambuarane har felles barn eller har vore sambuarar i minst fem år (arvelova §§ 12 og 13).

    Sambuarar kan ikkje samtidig vere gifte med andre personar. Dersom A og B er gifte, og B flyttar ut og slår seg saman med C, blir det nye forholdet mellom B og C ikkje eit sambuarskap i forhold til arvelova og ei rekkje andre lover der sambuarskap har rettsleg verknad. A og B må skilje seg for at B skal kunne etablere sambuarskap med C.

    Sambuarar kan heller ikkje ha andre sambuarskap. Dersom A og B er sambuarar, og B flyttar for å slå seg saman med C, må flyttinga innebere eit samlivsbrot mellom A og B før det blir eit nytt sambuarskap mellom B og C. B kan ikkje leve i to sambuarskap samtidig.