Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.4.1–6.4.2

6.4.1

Eit gyldig ekteskap føreset at brurefolka møter for og blir vigde av ein godkjend vigslar, jf. ekteskapslova §§ 11 og 12. Petra er ikkje godkjend som vigslar etter ekteskapslova § 12. Ekteskapet blir rekna som ikkje inngått, som vil seie at det er ein «nullitet».

Det er ikkje noko ekteskap å løyse opp. Ola og Kari treng derfor ikkje gjere noko. Det er berre å flytte frå kvarandre.

Ei anna sak er at to års samliv kan ha ført til at ein del eigedelar er eigde i sameie. Det kan skape delingsproblem. Slike delingsspørsmål blir løyste på grunnlag av sameigelova.

6.4.2

Som ektefellar kan Jens og Harald krevje skilsmisse etter to års samlivsbrot, jf. ekteskapslova § 22.

Ved formell separasjon vil det å ta opp att samlivet føre til at separasjonen ikkje lenger har rettsverknad. Kortvarige forsøk på å ta opp att samlivet får likevel ikkje slik verknad, jf. ekteskapslova § 20 andre ledd. Ein tilsvarande regel for samlivsbrot står ikkje i ekteskapslova. Likevel må vi gå ut frå at føresegna om åtskiljing ved separasjon langt på veg kan brukast analogisk på samlivsbrot. (Lødrup/Sverdrup: Familierett, 5. utgave, s. 78) understrekar at dei same omsyna gjer seg gjeldande ved separasjon og samlivsbrot i relasjon til kva som skal til for å konstatere at samlivet er teke opp att. I begge tilfella vil kortvarige forsøk på å ta opp att samlivet ikkje føre til at fristen for å krevje skilsmisse blir avbroten. I førearbeida er det nemnt at partane må kunne reise på ferie saman utan at dette bryt rettsverknadene av separasjonen.

Jens og Harald prøvde i tre veker å ta opp att samlivet. Det var eit kortvarig forsøk som ikkje braut av fristen. Kvar ektefelle kan derfor krevje skilsmisse etter to år rekna frå nyttårsaftan 2018. Skilsmisse kan krevjast frå nyttårsaftan 2020. Kvar av dei kan derfor krevje skilsmisse i januar 2021.