Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 188

  1. Kva er hovudregelen om gjeldsansvar for ektefellar?

    Hovudregelen er at ektefellar berre har ansvar for eiga gjeld, jf. ekteskapslova § 40.

    Sidan ein ektefelle rår fritt over eigne eigedelar (sjå § 31), er det ein naturleg konsekvens at han eller ho berre blir ansvarleg for eiga gjeld. Den eine ektefellen kan derfor normalt ikkje stifte gjeld med verknad for den andre ektefellen.

  2. Kan ektefellar gjere avtalar som påfører begge ektefellane ansvar for gjeld?

    Spørsmålet siktar til avtalar mellom ein ektefelle og ein tredjeperson, ikkje mellom ektefellane.

    Ekteskapslova § 41 gjev kvar av ektefellane ein gjensidig og avgrensa rett til å inngå avtalar med ansvar for begge. Regelen heng naturleg saman med regelen om underhaldsplikta i § 38. Han blir kalla representasjonsregelen.

    Som ektefelle kan du med ansvar for begge inngå vanlege avtalar om dagleg hushald og oppfostring av eventuelle barn. Typiske døme kan vere bestilling av ved til oppvarming, innkjøp av møblar, kjøleskåp, komfyr osv. Vanlege avtalar omfattar også utgifter til elektrikar, røyrleggjar og snikkar til nødvendige reparasjonar og vedlikehald. Spesielle og uvanleg kostbare avtalar forpliktar ikkje den andre ektefellen.

    Som ektefelle kan du også med ansvar for begge inngå vanlege avtalar for å dekkje nødvendige behov. Typiske døme er utgifter til klede, briller, lege og tannlege. Ordet «nødvendig» inneber ei avgrensing i kvalitet og mengd. Vanlege utgifter til legebehandling går inn under føresegna, men dyr kosmetisk kirurgi, til dømes utgifter til ei ansiktsløfting, ligg nok utanfor.

    Representasjonsregelen skal sjåast i samanheng med regelen om den gjensidige underhaldsplikta til ektefellar, jf. § 38. Etter § 38 har ein ektefelle medansvar for å dekkje utgifter til særlege behov hos den andre, medan representasjonsregelen gjev medansvar for å dekkje gjeld etter avtalar som dekkjer nødvendige behov hos den andre. Nødvendige blir rekna for å vere meir avgrensa enn særlege behov. Sjå til dømes Hattedommen (UFR-1932-593).

    Ein ny regel om representasjonsrett for nærståande personar følgjer av verjemålslova § 94:

    § 94.Nærståendes representasjonsrett (Utdrag)

    Nærstående har etter reglene i denne paragrafen rett til å representere et familiemedlem som på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred, ikke lenger er i stand til å ivareta sine økonomiske interesser. Den nærstående har rett til på familiemedlemmets vegne å foreta økonomiske disposisjoner som gjelder familiemedlemmets bolig og daglige underhold. Den nærstående har også rett til å sørge for betaling av offentlige skatter og avgifter og av forpliktelser som følger av gyldige låneavtaler familiemedlemmet har inngått. Den nærstående kan si opp betalingsoppdrag som nevnt i § 93.

    Som nærstående regnes følgende personer som har fylt 18 år, og som ikke er under vergemål:

    a) ektefelle eller samboer

    Det interessante for oss er at ektefelle og sambuar får ein rett til å representere ektefellen dersom han eller ho på grunn av sinnsliding mv. ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene sine. Ektefellen eller sambuaren har første prioritet til å representere dersom det finst andre nærståande, som barn eller barnebarn.

  3. Kan gåver frå den eine ektefellen til den andre få konsekvensar for gjeldsansvaret til ektefellane?

    Spørsmålet er nok litt misvisande og dårleg formulert. Ei gåve frå ektefelle A til ektefelle B endrar ikkje det personlege gjeldsansvaret til A, men gåva får konsekvensar for dekningsretten til kreditorane etter dekningslova § 2-2.

  4. Kva kan vere føremålet med gåver mellom ektefellar?

    Føremålet kan vere å vise teikn på kjærleik og gjere mottakarektefellen glad. Bortsett frå det å gje smykke og klede som gåver vil store og verdifulle gåver ofte dreie seg om å overføre eigedom. Det har som regel lite med kjærleik å gjere. Overføringa kan kome av at kreditorane til A som hovudregel ikkje kan ta dekning i formue som A har overført til B som gåve. Dette følgjer av dekningslova § 2-2.

    Det er ofte sjølve føremålet med større gåver mellom ektefellar at ein verdifull eigedel skal få ei juridisk plassering utanfor rekkjevidd for kreditorane til gjevarektefellen. Dette kan vere eit heilt lovleg og fornuftig føremål for den som driv forretningar med stor risiko for tap og erstatningsansvar.

    Det finst ein del reglar i dekningslova som kan brukast til å ugyldiggjere slike gåver, til dømes dersom gjevarektefellen fekk større gjeld enn bruttoformue som følgje av gåva (sjå ekteskapslova § 51 første ledd andre punktum), eller dersom gjevarektefellen går konkurs kort tid etter (tre månaders frist). Desse reglane ligg så langt utanfor læreplanen at vi ikkje forfølgjer dei nærare.

  5. Kva for formkrav blir stilte til gåvetransaksjonar mellom ektefellar?

    Gåva må ha skjedd med ektepakt for å vere gyldig, jf. ekteskapslova § 50 første ledd og dekningslova § 2-2. For å gje vern mot kreditorane til gjevarektefellen må ektepakta også tinglysast, sjå ekteskapslova § 55.

    Kravet om ektepakt gjeld ikkje for vanlege gåver mv. Ektefellane kan gje kvarandre gåver som smykke, klede og pengar i rimeleg utstrekning, men dersom disposisjonen har karakter av ei vesentleg formuesoverføring, krevst det ektepakt og tinglysing.