Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.2.1–6.2.3

6.2.1

Ekteskapslova § 3 forbyr ekteskap mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje og mellom søsken.

  1. Far din og tanta di på farssida kan ikkje gifte seg med kvarandre. Dei er søsken. Opplysninga om at far er fråskild, tyder berre at han er ugift og i prinsippet kan gifte seg på nytt, men ikkje med søstera si.
  2. Mormor og farfar kan gifte seg med kvarandre. Dei er ikkje i slekt med kvarandre.
  3. Du kan gifte deg med fetteren din. Han er ikkje bror din og heller ikkje ein slektning i rett opp- eller nedstigande linje. Ein fetter er slektning i sidelinje og nedstammar frå besteforeldra din.
  4. Broren til far din (onkelen din) og fetteren din på morssida kan gifte seg med kvarandre. Dei er verken søsken eller i slekt på annan måte. Aldersskilnad er inga ekteskapshindring.
  5. Du kan gifte deg med svigermor, men eit eventuelt ekteskap mellom deg og ungane til svigermor di må vere over, ved død eller skilsmisse.
  6. Sonen til dottera di og dottera til sonen din kan gifte seg med kvarandre. Dei er fetter og kusine.
  7. Dottera di og fetteren din kan gifte seg med kvarandre. Dottera di er tremenning av fetteren.
  8. Farfaren din og tanta di på farssida kan ikkje gifte seg med kvarandre. Tanta di på farssida er barn til farfaren din.
  9. Den fråskilde medmor di og sæddonoren hennar kan gifte seg med kvarandre, men det føreset at ekteskapet mellom mor di og medmor di er løyst opp. Det finst visstnok fleire døme på at ei mor som har fødd barn ved hjelp av assistert befruktning, har gifta seg med sædgivaren. Når mor kan, så kan også medmor.

6.2.2

Ola og Marianne har same mor (Kari), men ulike fedrar. Ola og Marianne er derfor halvsøsken. Ordlyden i ekteskapslova § 3 (søsken), førearbeid, rettspraksis og juridisk teori gjer det klart at også halvsøsken skal reknast som søsken etter § 3. Ola og Marianne kan derfor ikkje gifte seg med kvarandre.

6.2.3

Ekteskapsinngåinga må mellom anna tilfredsstille vilkåra i ekteskapslova § 11. Ekteskap blir inngått ved at brurefolka møter for ein vigslar. «Møte» må tolkast bokstavleg. Det må finne stad eit fysisk møte der vigslaren og brurefolka er til stades samtidig og brurefolka erklærer at dei vil gifte seg med kvarandre. To vitne skal vere til stades.

Faktum opplyser at ekteskapet blei inngått ved videomøte der vigslaren var på jorda og brurefolka i verdsrommet. Dette tilfredsstiller ikkje vilkåret om eit fysisk møte i § 11. Ekteskapet er derfor å rekne som ikkje inngått, jf. § 16 første ledd.

Det er ikkje opplyst noko om vitne. Ekteskapslova § 11 krev at dei også er til stades under vigsla. Ekteskapet kan også bli ugyldig på dette grunnlaget.