Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.7–6.3.12

6.3.7

Spørsmålet er om ektefellane har felles ansvar for å betale husleiga, trass i at berre éin av dei er ført opp som leigetakar.

Eg drøftar først spørsmålet på grunnlag av den gjensidige underhaldsplikta, jf. § 38. Ektefellane har saman ansvar for utgiftene til felles hushald og andre fellesbehov. Behovet for bustad høyrer til kjernen av desse utgiftene. Vi konstaterer derfor at Ane og Britt har eit felles ansvar for husleiga.

Husleige blir som regel betalt forskotsvis. Skuldig husleige er gjeld. Sidan det berre er Ane som er part i husleigeavtalen, er det i utgangspunktet ho som blir ansvarleg for skuldig husleige. Hovudregelen i § 40 om gjeldsstifting er at ein ektefelle ikkje kan stifte gjeld for den andre ektefellen. Spørsmålet er om utleigaren kan orholde seg til begge ektefellane for å få dekt ei eventuell husleigegjeld, eller om han berre kan rette kravet mot Ane.

Utleigaren kan halde begge ektefellane ansvarlege for skuldig husleige dersom § 41 kan brukast på forholdet. Leige av felles bustad er spesielt nemnt i § 41 første ledd andre og tredje setning. Avtalar om husleige blir rekna som inngått med ansvar for begge ektefellane om ikkje anna går fram av forholdet. Det gjer det ikkje.

Konklusjonen blir at begge er ansvarlege for ubetalt husleige.

6.3.8

Det er opplyst at gjenstandane er kjøpte på kreditt. Spørsmålet er derfor om ektefellane har felles gjeldsansvar etter § 41.

Felles gjeldsansvar gjeld for vanlege avtalar om dagleg hushald, oppfostring av ungar og dekning av særbehova til kvar av ektefellane.

  1. Mat høyrer til dagleg hushald. Felles ansvar.
  2. Barnevogn høyrer til oppfostring av ungane. Felles ansvar.
  3. Leige av bustad er omfatta, jf. § 41 første ledd andre setning. Felles ansvar.
  4. TV er rett nok vanleg i dei fleste hushald, men det er likevel tvil om kjøp av TV høyrer til det daglege hushaldet. TV er ikkje nødvendig for oppfostring av ungane, men kjøpet kan vere nødvendig for å dekkje særbehova til ektefellen. Under tvil: felles ansvar.
  5. Aksjar. Kjøp av aksjar fell utanfor § 41. Eineansvaret til kjøparektefellen.
  6. Hattar og huer. Omfanget er så stort at løysinga bør bli som i Hattedommen. Ikkje felles ansvar.

6.3.9

Spørsmålet er om ein ektefelle kan krevje å få dekt det tapet han har på aksjar, av den andre ektefellen.

Ekteskapslova § 31 fastset at kvar ektefelle rår og heftar med sitt. Dersom ein ektefelle ikkje har nok midlar til å dekkje gjeld som har oppstått i samband med aksjespekulasjon, blir den andre ektefellen som hovudregel ikkje ansvarleg for gjelda, jf. § 40. Medansvar for tapet er berre aktuelt for tilfelle som går inn under § 41. Tap på aksjar høyrer ikkje til dei utgiftene som gjev medansvar etter § 41.

6.3.10

Læraren har løysingsforslag

6.3.11

Læraren har løysingsforslag

6.3.12

Læraren har løysingsforslag