Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.13

6.3.13

Sambuarar kan som hovudregel ikkje stifte gjeld for kvarandre med mindre det finst særskild heimel. Hovudreglane for ektefellar og sambuarar er like, sjølv om ekteskapslova § 40 berre gjeld i ekteskap. Ekteskapslova § 41 om gjensidig representasjonsrett for visse avtalar gjeld derimot ikkje for sambuarar.

Særskild heimel for representasjonsrett mellom sambuarar kan byggje på reglane om fullmakt i avtalelova. Ein sambuaravtale kan til dømes ha ei føresegn om at ekteskapslova § 41 skal gjelde tilsvarande (analogisk) for sambuarane.

Dersom TV-apparatet blei kjøpt inn med samtykke frå ektefellen, kan apparatet vere i sameige og gje grunnlag for eit felles ansvar for kjøpesummen.

Utan grunnlag i avtale eller sameigelova er Steinar åleine ansvarleg for kjøpesummen.