Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 6.3.3–6.3.6

6.3.3

Øivind hevdar at han har rett til å bruke bilen.

Bilen er felleseige. Det verkar som om Øivind meiner at det er tilstrekkelag grunnlag for at også han har bruksrett til bilen. Omgrepet «felleseige» blir brukt i ekteskapslova §§ 57 og 58, og i §§ 42 og 48 går det fram korleis særeige kan etablerast. Lova og ei rekkje andre rettskjelder fortel oss at all formue i eit ekteskap er felleseige, med mindre det er etablert særeige.

Råderetten over eigedelar i ekteskapet går fram av ekteskapslova § 31. Ekteskapet gjev inga avgrensing i den retten ein ektefelle har til å rå over det han eller ho eig, med mindre anna er bestemt. Denne regelen gjeld alle eigedelar, anten dei er felleseige eller særeige. Hovudregelen er at eigaren av ein eigedel bestemmer over bruken. Felleseige er derfor ikkje eit sjølvstendig rettsleg grunnlag for bruksrett.

Ekteskapslova § 33 fastset unntak frå råderetten til eigarektefellen. Føresegna gjeld overdraging og pantsetjing m.m., og ikkje bruksrett. Dessuten er ein bil ikkje «vanlig innbo i det felles hjem». Han er heller ikkje ein gjenstand «som er bestemt til bruk for barna», sjølv om ein bil kan brukast til å frakte barn til og frå skule eller andre aktivitetar. Ekteskapslova § 33 gjev ikkje Øivind grunnlag for generell bruksrett til bilen.

Eit anna mogleg grunnlag kunne vore sameige. Dersom Volvoen blir rekna som eigd av begge, ville Øivind hatt bruksrett som medeigar. Bilen er kjøpt for midlar som stammar frå Kjersti, og det er ingen opplysningar som tyder på medeigedomsrett på anna grunnlag enn finansiering (Husmordommen er ikkje aktuell). Bilen er eigd av Kjersti åleine.

Det er også eit mogleg grunnlag å finne i ekteskapslova § 38. Etter denne føresegna vil Kjersti mellom anna ha ansvar for dei utgiftene og det arbeidet som krevst for å dekkje særbehova til den andre. Det kan argumenterast med at dette også kan omfatte det å dekkje transportbehovet til den andre ektefellen, til dømes ved å la han bruke bilen. Føresegna gjer at Kjersti berre har ansvar for å dekkje utgifter eller utføre arbeid. Ho kan jo gje Øivind pengar til å bruke buss eller trikk, og ho kan køyre han til nødvendige legebesøk eller liknande. Føresegna gjev ikkje heimel for å gje Øivind bruksrett til bilen hennar.

Konklusjonen blir etter dette at Kjersti kan nekte Øivind å bruke bilen.

6.3.4

  1. Eg legg til grunn at Erling og Mette er gifte sidan dei har same etternamn. Det følgjer av ekteskapslova § 31 at ektefellane kan rå fritt over eigne pengar. Det følgjer også av prinsippet i § 31 at ektefellane har kvar sin økonomi, og at Mette kan ta opp lån for å finansiere seglbåten med mindre låneopptaket er i strid med § 32 eller § 33. Ho kan til dømes fritt kjøpe seg ein seglbåt som heilt eller delvis blir finansiert med usikra lån eller eit lån med pant i seglbåten eller andre eigedelar som ikkje fell inn under §§ 32 eller 33.

  2. Kan Erling nekte Mette å ta opp lån med pant i leilegheita, jf. § 32. Sjølv om Mette eig leilegheita åleine, er ho felles bustad. Ho kan derfor ikkje pantsetjast utan samtykke frå ektefellen.
    Dersom Erling ikkje samtykkjer, kan Mette som ektefelle eller långjevaren (dersom Mette har inngått låneavtale) krevje at tingretten avgjer spørsmålet om disposisjonen (pantsetjinga) skal tillatast, jf. § 32 andre ledd. Dersom pantsetjinga er beskjeden i forhold til verdien på heile leilegheita og det ikkje er tvil om at Mette kan betene gjelda, er det ikkje rimeleg grunn til å nekte samtykke, fordi det behovet Erling har for ein stad å bu, ikkje blir truga. Då vil tingretten godkjenne disposisjonen trass i at Erling ikkje samtykte.

6.3.5

Jokke meiner at han kan selje reinsdyra og lavvoen utan samtykke frå ektefellen.

Utgangspunktet i ekteskapslova § 31 er at kvar ektefelle rår fritt over eigne eigedelar. Jokke tok med reinsdyr og lavvo inn i ekteskapet. Han er derfor eineeigar av desse eigedelane og kan rå over dei som han vil, til dømes selje dei.

Det er klart at reinsdyra kan seljast. For dei gjeld inga unntaksfråsegn frå § 31. Spørsmålet blir om ekteskapslova § 32 gjeld for salet av lavvoen. Etter denne føresegna krevst det samtykke frå den andre ektefellen for å «overdra» (til dømes selje) «eiendom som brukes som felles bolig».

I utgangspunktet kan ektefellane ha fleire enn éin eigedom som blir brukt til bustad. Jokke og Asta har eit lite hus i Kautokeino som felles bustad, men det hindrar ikkje at dei også kan ha ein annan stad som felles bustad, til dømes på vidda når dei treng å vere nær reinsdyra sine. Det kan samtidig vere tvil om ein lavvo er ein eigedom. Folk flest vil kanskje seie at ein lavvo er eit telt. Eit telt kan på tilsvarande måte som campingvogner, bubilar og husbåtar vere felles bustad, men slike eigedelar er neppe eigedommar.

Sjølv om lavvoen skulle bli rekna som ein så fast installasjon at han kan kallast eigedom, er han ikkje fritidseigedom. Fritidseigedommar blir ikkje rekna som felles bustad. Lavvoen er vel meir å rekne som eit nødvendig driftsmiddel for næringsverksemda til Jokke, det vil seie reindrifta.

Eg har kome til at Jokke kan selje reinsdyra og lavvoen utan samtykke frå ektefellen.

6.3.6

Spørsmålet er om ein elvebåt som er eigd av Nils, kan seljast utan samtykke frå ektefellen hans.

Utgangspunktet er at Nils rår fritt over det han eig, jf. § 31. Spørsmålet er om § 32 kan brukast. Etter denne føresegna krevst det samtykke for å overdra (selje) «eiendom som brukes som felles bolig».

Så vidt eg veit, er det ikkje avklart i rettspraksis om ein elvebåt kan vere eigedom som blir brukt som felles bustad. Det er mogleg at ein langvarig leigekontrakt om båtplass kan samanliknast med leigebustad. I så fall er båtplassen med båt ein eigedom. Dersom Nils og Nina har fått plassen folkeregistrert som bustadadresse, trur eg han kan falle inn under § 32. Ei slik bustadform er ikkje heilt ukjend, særleg ikkje i ein del andre land.

Dersom Nils og Nina køyrer rundt omkring med båten og oppheld seg i korte periodar på éin stad om gongen, trur eg ikkje at båten kan vere eigedom. Sjølv om det kan argumenterast med at båten er ein fast tilhaldsstad for ektefellane, er det i strid med ordlyden å seie at han er eigedom.

Konklusjonen blir at Nilsen kan selje båten utan samtykke frå Nina.