Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 162

  1. Kva skjer med foreldreansvaret når foreldra separerer eller skil seg?

    Foreldreansvaret er framleis delt etter skilsmissa, med mindre noko anna blir avtalt. Jf. § 34 andre ledd.

  2. Kva skjer med foreldreansvaret når sambuande foreldre bryt samlivet og flyttar frå kvarandre?

    Barnelova § 34 andre ledd gjeld tilsvarande for sambuarar som flyttar frå kvarandre, jf. § 35 andre ledd. Det vil seie at foreldreansvaret held fram med å vere delt også for sambuarar, med mindre noko anna blir avtalt. Så langt er det likestilling mellom ektefellar og sambuarar.

  3. Kva skjer i spørsmålet om fast bustad dersom foreldre med delt ansvar bryt samlivet?

    Foreldreansvaret held fram med å vere delt, men spørsmålet om kven barnet skal bu fast hos, må avklarast.

    Foreldra kan etter § 36 gjere avtale om fast bustad for ungane. Dei kan avtale delt fast bustad eller at ungane skal bu fast hos berre den eine.

    Dersom foreldra ikkje blir einige, må retten avgjere at ungane skal bu hos ein av dei. Retten har rett nok ein snever tilgang til å fastsetje delt fast bustad mot ein av foreldra sin vilje. Men det krev særlege grunnar. Det ligg ikkje føre høgsterettspraksis om kva som er særlege grunnar, men førearbeid og noko rettspraksis frå lagmannsretten peikar på kva som skal vurderast. Foreldra må bu så nær kvarandre at ungane kan halde oppe kontakten med vener og fritidsaktivitetar. Dei må kunne gå på same skule eller barnehage. Foreldra må kunne samarbeide og ikkje ha eit høgt konfliktnivå. Det er i førearbeida uttalt at dei minste ungane er sårbare, og at barn under sju år ikkje bør ha delt fast bustad. Meininga til ungane skal høyrast, og dei bør trivast med ordninga.

  4. Kva meiner vi med samværsrett?

    Den normale ordninga etter eit samlivsbrot er framleis delt foreldreansvar, altså at barnet bur fast hos ein av foreldra, og at den andre forelderen får samværsrett, jf. barnelova § 43.

    Samværsrett er i utgangspunktet ein rett for barnet til samvær med begge foreldra sjølv om foreldra lever kvar for seg, jf. barnelova § 42. Foreldra har også rett til samvær, jf. § 43. Samværsretten bør avtalast nærare. Dersom forholda er så ekstraordinære at samvær ikkje er til beste for barnet, kan retten bestemme at det ikkje skal vere samvær.

  5. Kva meiner vi med «vanleg samværsrett»?

    Vanleg samværsrett er definert i § 43 andre ledd tredje punktum. Vanleg samværsrett gjev rett til samvær ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, tre veker i sommarferien og annankvar haust-, jule, vinter- og påskeferie. Vanleg samværsrett er dermed basert på eit 50–50-prinsipp i helgar og feriar og elles eit kort samvær på éin eller fleire kvardagar. Slik samværsrett passar ikkje spesielt godt dersom ungane er små og foreldra bur langt frå kvarandre. Dersom samvær éin ettermiddag i veka og annakvar helg fører til eit oppstykka tilvære med lange reiser, vil ei ordning med mindre samværsfrekvens, men lengre periodar kunne verke betre.