Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 152

  1. Kva meiner vi med foreldreansvar?

    Hovudregelen om foreldreansvaret følgjer av barnelova § 30. Innhaldet i foreldreansvaret er todelt. Den eine delen handlar om at foreldra har plikt til å gje omsorg. Den andre delen går ut på at foreldra har plikt og rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Retten til å bestemme om dei personlege forholda til barnet gjelder til dømes spørsmål om oppseding, utdanning, bustad, tilknytning til trussamfunn osv. Retten til å bestemme i økonomiske forhold er regulert av verjemålslova.

  2. Kva meiner vi med medråderetten til barn?

    Barnelova brukar ikkje direkte omgrep som «medråderett» og «sjølvråderett», men heller formuleringar som fortel om kva rett barnet har til å vere med på avgjerder. Det dreier seg meir om retten til å bli høyrd, ikkje til å vere med på å bestemme.

    Reglar om medråderett følgjer mellom anna av § 31, som fastset at barn skal høyrast før det blir teke avgjerder om personlege forhold for barnet. Spørsmål om fast bustad og samvær i samband med samlivsbrot er framheva i § 31 andre ledd. Det kan vere saksbehandlingsfeil dersom meininga til barnet ikkje har blitt høyrd før det blir teke avgjerd om slike forhold. Frå fylte 7 år er regelen at barnet skal høyrast, og frå fylte 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

  3. Kva meiner vi med sjølvråderetten til barn?

    Medråderett er ikkje det same som sjølvråderett. For å kaste lys over grensa mellom medråderett og sjølvråderett kan vi trekkje fram nokre døme. Barnelova § 32 gir barn som har fylt 15 år, rett til å bestemme sjølve over innmelding og utmelding av foreiningar. Regelen gjeld også for trus- og livssynssamfunn, men for slike foreiningar er det naturleg å bruke spesialføresegna i trussamfunnslova § 2 som seier det same. Barn som har fylt 15 år, har råderett over arbeidsavtalar og over sjølvtente midlar; sjå meir om dette i verjemålslova §§ 8 til 13.

  4. Kven har foreldreansvar dersom foreldra er gifte?

    Gifte foreldre har foreldreansvar saman, jf. barnelova § 34 første ledd.

  5. Kven har foreldreansvar dersom foreldra bur saman utan å vere gifte?

    Sambuande foreldre har foreldreansvar saman, jf. § 35 andre ledd. Sambuarane får automatisk felles foreldreansvar dersom dei har same folkeregistrerte adresse, jf. § 39 tredje punktum. Dersom dei ikkje har same folkeregistrerte adresse, må dei sende ei erklæring til folkeregisteret om at dei bur saman.

  6. Kven har foreldreansvar dersom foreldra verken er gifte eller bur saman?

    Foreldreansvaret er i utgangspunktet også delt for foreldre som ikkje er gifte og ikkje bur saman. Hovudregelen § 35 første ledd første punktum gjeld både for sambuande og ikkje-sambuande foreldre. Full likestilling er det likevel ikkje. Ei einsleg mor kan få foreldreansvaret åleine ved å gje melding til folkeregisterstyresmakta som nemnt i § 35 første ledd andre punktum. Faren kan gje melding dersom han ikkje ønskjer foreldreansvar, men dersom han ønskjer delt foreldreansvar etter at mora har gjeve melding om at ho vil ha det åleine, må han reise sak ved domstolane. Ein einsleg far har ein atskillig tyngre veg å gå enn ei einsleg mor for å oppnå foreldreansvar.