Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 145

  1. Kva meiner vi med «pater est»-regelen?

    Pater est tyder «far er». Pater est-regelen er ein regel om at ein ektemann er å rekne som far til barn som er fødde i ekteskapet, jf. barnelova § 3 første ledd. Regelen er ein såkalla presumsjonsregel. Dersom ingen reiser sak om farskapsspørsmålet og beviser at ein annan enn ektemannen er far, er ektemannen far. Før vi hadde DNA-analyse, kunne det vere komplisert å slå fast eit farskap, men no er det enkelt. Regelen har truleg ført til nokre tilfelle der ektemannen er far trass i at ein annan mann er den biologiske faren. Det blir ikkje rekna som ein katastrofe om så av og til skjer, eller kva meiner du?

  2. Korleis blir farskap som regel fastslått når mor ikkje var gift ved fødselen?

    Farskap blir fastsett etter § 4 når § 3 ikkje kan brukast. Hovudregelen er at faren må erklære farskap etter § 4 andre ledd.

    Dersom ingen erklærer farskapet, har staten ansvar for å få det fastslått, jf. § 5. Dette er eit ansvar som staten må ta for å oppfylle barnekonvensjonen artikkel 4. Styresmaktene set i gang ein prosess som startar med eit såkalla farskapsførelegg mot ein som mora eventuelt har peika ut som far. Styresmaktene tek kontakt med den som er ført opp som barnefar, og fortel han at han er peika ut som barnefar. Mannen kan då tenkje gjennom saka på nytt og eventuelt erkjenne farskapet. Gjer han ikkje det, kan prosessen ende med tvungen DNA-analyse. Etter barnelova § 24 tredje ledd har styresmaktene makt til å la politiet pågripe den potensielle barnefaren og føre han til lege for å ta blodprøve. Det er ein siste utveg som sjeldan viser seg å vere nødvendig.

    Dersom mora ikkje peikar ut nokon far, kan saka førebels ende med at det blir teke DNA-analyse av barnet i påvente av at ein far før eller seinare skal dukke opp. Fram til det skjer, vil barnet bli registrert «utan far». Prinsippet i § 5 om at staten har ansvar for å få fastsett farskapet, lever likevel vidare.

  3. Kva meiner vi med assistert befrukting?

    Definisjon av omgrepet «assistert befrukting» følgjer av bioteknologilova § 2-1. Omgrepet omfattar inseminasjon og befrukting utanfor kroppen.

    Med inseminasjon meiner vi innføring av sæd i kvinna på ein annan måte enn ved samleie. Omgrepet omfattar også befrukting av egg utanfor kroppen til kvinna, som seinare blir sette inn i henne. Både sæd og egg kan vere donert.

  4. Kva meiner vi med medmor?

    Medmor til eit barn er den kvinna som mora var gift med ved fødselen, når barnet blei avla med assistert befrukting innanfor godkjent helsestell og når kvinna samtykte til befruktinga, jf. barnelova § 3 andre ledd. Kvinneleg sambuar kan erklære medmorskap etter § 4 femte ledd.

  5. Kva meiner vi med surrogatmor?

    Surrogatmor er ei kvinne som blir gjord gravid med eit befrukta framandt egg. Ei surrogatmor leiger eller låner ut livmora si for å bere eit befrukta egg fram til fødsel. Surrogati er ulovleg i Noreg, men det er ikkje ulovleg å vere foreldre til surrogatbarn. Det er derfor lovleg å reise til utlandet og få barn der ved hjelp av surrogatmor.