Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 5.3.1–5.3.4

5.3.1

  1. Marte har foreldreansvaret for Lise åleine, jf. § 35 første ledd, men Marte og Lars kan avtale at dei skal ha foreldreansvar saman, jf. § 35 tredje ledd. Ein slik avtale må meldast til folkeregisteret. Om ikkje er han ugyldig, jf. § 39.
  2. Kvar av foreldra kan reise sak om foreldreansvaret, jf. § 56. Lars kan derfor reise søksmål, men grunngjevinga for å ta over foreldreansvaret må heilt eller delvis kunne knytast til § 48 – barnets beste.

5.3.2

  1. Eg føreset først at Ola blei fødd 1. januar 2020 eller seinare. Då gjeld barnelova § 35 første ledd. Det følgjer av denne føresegna at Kari og Petter har foreldreansvaret saman.
  2. Dersom Ola blei fødd før 1. januar 2020, gjeld barnelova § 35 slik ho var før lovendringa. Då fekk ei ugift, einsleg mor foreldreansvaret åleine.
  3. Som einsleg, ugift mor kan Kari gje melding til folkeregisterstyresmakta om at ho ønskjer å ha foreldreansvaret åleine, jf. § 35 første ledd andre setning.
  4. Dersom Petter motset seg at Kari har foreldreansvar åleine, må han reise sak om foreldreansvaret ved domstolane, jf. barneloven § 56. Petter må overtyde retten om at det er til beste for barnet at foreldreansvaret er delt. Prinsippet om kva som er til beste for barnet, er hovudgrunngjevinga for hovudreglane om kjønnsnøytrale føresegner om foreldreansvar. Med mindre det finst sterke argument mot at Petter er eigna til å ta del i foreldreansvaret, vil Petter kunne få medhald.

5.3.3

  1. Ellen og Katrine bur saman. Ellen fødde barnet Petter etter lovleg assistert befrukting. Dersom Ellen og Katrine skal vere foreldre som bur saman etter § 35 første ledd, må Katrine ha status som medmor. Då må ho ha erklært medmorskap etter reglane i § 4 sjette ledd. Vi føreset at Katrine er medmor, og dermed har Ellen og Katrine delt foreldreansvar, jf. § 35 første ledd første setning.

  2. Katrine treng ikkje gjere noko. Delt foreldreansvar følgjer av § 35 første ledd første setning. Det følgjer av § 35 første ledd andre setning at Ellen kan gje melding til folkeregisterstyresmakta om å få foreldreansvaret åleine, men denne moglegheita føreset at dei ikkje bur saman, noko Ellen og Katrine gjer. Foreldreansvaret er derfor delt.

  3. Ein sæddonor blir ikkje rekna som far og kan ikkje få foreldreansvar. Dette følgjer av farskapsreglane i barnelova §§ 3 og 4. Det er også føresett i bioteknologilova, som konsekvent brukar omgrepet «sædgiver» utan å knytte det til farskap.

5.3.4

Løysingsforslaget brukar omgrepet adopsjon, men går ikkje detaljert inn i regelverket om dette. Det er bruken av barnelova og ikkje adopsjonslova som er sentralt for løysinga.

  1. Else har i utgangspunktet foreldreansvaret åleine. Ho er den kvinna som fødde barnet og er derfor mor etter barnelova § 2. Mons er sæddonor og blir ikkje rekna som far. Dersom Else og Mons hadde ordna dette med samleie i staden for assistert befrukting, ville saka stilt seg annleis. Farskapsreglane i barnelova §§ 3 og 4 kan ikkje brukast. Else er derfor ei einsleg kvinne som har fått barn etter assistert befrukting. Bioteknologilova er ikkje til hinder for at einslege mødrer kan få assistert befrukting, jf. bioteknologilova §§ 2-2 og 2-3. Barn som blir fødde etter assistert befrukting av einsleg kvinne, blir registrerte utan far.

    Føremålet med den assisterte befruktinga var at Else skulle vere surrogatmor, noko som er ulovleg etter norsk rett. Ein avtale om å adoptere vekk barnet til Mons og Harald er ikkje bindande for Else, men det er ikkje ulovleg om ho vel å gjere det, og det er ikkje ulovleg å ta imot pengar for å gjere dette.

  2. Mons kan bli far ved adopsjon (adopsjonsfar). Som sæddonor får han ikkje juridisk status som far.

  3. Harald kan også adoptere barnet og få status som far. Barnet får to adopsjonsfedrar og inga juridisk mor. Som adoptivforeldre får Mons og Harald delt foreldreansvar, og Annette får arverett, rett til omsorg osv. som alle andre barn i forhold til foreldra sine.