Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.3.1–4.3.6

4.3.1

Rettsspørsmålet er om butikken og Erna har inngått ein bindeade avtale, og det blir derfor løyst ved hjelp av reglane om fullmakt i avtalelova.

Anne har som ekspeditør stillingsfullmakt etter avtalelova, jf. § 10 andre ledd.

Først må vi avklare om Anne som ekspeditør har gått utover stillingsfullmakta si. Grensa for stillingsfullmakter følgjer av § 10 andre ledd. Grensa for fullmakta er avhengig av kva som er vanleg praksis om kva slags avtalar ekspeditørane i ei forretning som dette kan inngå på vegner av forretninga. Det er vanleg praksis at ekspeditørar kan gje mindre prisavslag.

Det er truleg utanfor stillingsfullmakta å gje så stor rabatt som i dette tilfellet. Kjolen blei seld for innkjøpspris. Det er dessutan opplyst at Erna blei overraska over den store rabatten. Vi kan derfor konkludere med at stillingsfullmakta blei overskriden, og at forretninga ikkje er bunden på dette grunnlaget.

Det er fullt akseptabelt å kome til at stillingsfullmakta ikkje blei overskriden (subsidiær drøfting). Vi må derfor avklare konsekvensen av instruksbrot og vond eller god tru hos kjøparen.

Anne har tydelegvis brote instruksen frå arbeidsgjevaren ved å gje for stor rabatt. Spørsmålet blir om Erna forstod eller burde forstått at Anne braut instruksen sin. I så fall er kjøpsavtalen ikkje bindande for forretninga, jf. avtalelova § 11 første ledd.

Oppgåva seier at Erna blei overraska. Det er naturleg sidan ho fekk kjolen til innkjøpspris. Det er likevel nokså vanleg i denne bransjen at klede, der prisen er avhengig av sesong og mote, kan bli selde med store rabattar. Vi går derfor ut frå at Erna var i god tru om instruksbrotet til Anne.

Konklusjon: Avtalen er bindande for forretninga.

4.3.2

Spørsmålet er om det ligg føre ein bindande avtale mellom partane i tvisten om druene, epla og bananane, og rettsspørsmåla skal løysast med grunnlag i reglane om fullmakt i avtalelova.

Ibrahim har stillingsfullmakt gjennom stillinga som ekspeditør i kiosken, jf. § 10 andre ledd. Ekspeditørar har sedvanebestemt stillingsfullmakt til å selje varene til forretninga, men ikkje til å kjøpe inn. Spørsmålet om avtalen er bindande, er derfor eit spørsmål om Ibrahim hadde fullmakt utover stillingsfullmakta.

Utgangspunktet er at Ibrahim også hadde oppdragsfullmakt etter § 18 til å bestille 50 kg bananar. Ved oppdragsfullmakt er grensa for fullmakta avhengig av ei tolking av kva slags oppdrag fullmektigen fekk, og det var å kjøpe bananar. Partane er heller ikkje ueinige om at forretninga er bunden til å kjøpe dei bestilte bananane.

Spørsmålet er om Ibrahim også hadde fullmakt til å kjøpe druene og epla. Sidan det ikkje blei nemnt noko om dette i oppdragsfullmakta, er utgangspunktet at forretninga ikkje er bunden til å kjøpe druer og eple. Oppdragsfullmakta blei overskriden på dette punktet. Spørsmålet om den aktsame gode trua til leverandøren er ikkje relevant å drøfte for oppdragsfullmakter, jf. § 11 andre ledd.

Vi konkluderer med at drue- og epleavtalen ikkje er bindande for forretninga.

4.3.3

Spørsmålet er om kjøparen, Siri, er bunden av kjøpsavtalen. Spørsmålet blir løyst på grunnlag av reglane om fullmakt i avtalelova.

Arild har fråsegnsfullmakt i form av skriftleg fullmakt, jf. § 16.

Det første som må avklarast, er om den skriftlege fullmakta er overskriden, jf. avtalelova § 10 første ledd. Svaret er avhengig av ei tolking av fullmakta, inkludert uttrykket «15 minutt frå havet» og om Sandefjord er innanfor formuleringa «Sørlandet».

Eit spørsmål er om «15 minutt» skal forståast som med bil eller til fots. Sidan avtalar ofte blir tolka imot den som burde talt tydelegare (uklarleiksregelen), bør denne avtalen tolkast imot Siri. Det vil seie at vi tolkar fullmakta som 15 minutt med bil. Så langt er avtalen innanfor fullmakta.

Neste spørsmål er om «rett utanfor Sandefjord» er innanfor formuleringa i fullmakta: «Sørlandet». Hovudregelen er at vanleg språkleg forståing blir lagd til grunn for tolkinga. Vanleg oppfatning er at Sørlandet startar omtrent ved Risør og går sørover. Sandefjord ligg derfor ikkje på Sørlandet. Det ligg ikkje føre opplysningar som kan tyde på at Siri og Arild hadde noka anna oppfatning av «Sørlandet» enn det vanleg forståing gjev grunn for. Vi kan derfor konstatere at fullmakta er overskriden.

Konklusjonen blir at Siri ikkje er bunden.

Instruksoverskridinga kan etter dette drøftast subsidiært, altså under føresetnad av at Sandefjord blir rekna som ein del av «Sørlandet». Dersom Siri og Arild til dømes meinte «Sør-Noreg» når dei brukte omgrepet «Sørlandet», skal forståinga til partane leggjast til grunn ved tolking av fullmaktsavtalen. I så fall er avtalen innanfor fullmakta, og spørsmålet blir om instruksen er overskriden.

Arild braut instruksen ved å inngå ein avtale der maksimalprisen blei overskriden med kr 100 000. Spørsmålet om avtalen er bindande, er derfor avhengig av om seljaren var i aktsam god tru, jf. avtalelova § 11 første ledd. Oppgåva har ikkje opplysningar som kan tyde på vond tru hos seljaren. Vi går derfor ut frå at seljaren var i aktsam god tru med omsyn til overskridinga. Det kan grunngjevast med ein føresetnad om at den avtalte prisen ligg i nærleiken av vanleg marknadspris. Instruksoverskridinga får derfor ikkje nokon konsekvens for spørsmålet om binding når seljaren var i god tru. Siri ville ha blitt bunden til avtalen dersom han hadde lege innanfor fullmakta.

4.3.4

Læraren har løysingsforslag

4.3.5

Spørsmålet er om det ligg føre ein bindande avtale mellom Turid og Beate Kvist. Dette spørsmålet skal løysast på grunnlag av reglane om fullmakt i avtalelova.

Byggmeister Mona Loe hadde ei fråsegnsfullmakt som bygde på ei særskild erklæring frå Turid som fullmaktsgjevar til Beate Kvist som tredjeperson, jf. avtalelova § 13. Grensa for fullmakta er avhengig av ei tolking av den orienteringa om fullmakta som Turid gav til Beate Kvist.

Alt tyder på at Mona handla innanfor grensa av fullmakta. Det blir ikkje gjeve opplysningar som tyder på at hytta ikkje var i «god stand». Siri er derfor bunden til avtalen med mindre Beate Kvist forstod eller burde forstått at instruksen blei broten, jf. avtalelova § 11 første ledd. Prisen på kr 330 000 verkar rimeleg, og det er ikkje haldepunkt for å seie at Beate Kvist var i vond tru med omsyn til instruksoverskridinga. Turid er bunden til kontrakten.

Konklusjon: Det er inngått ein bindande avtale mellom Turid og Beate Kvist.

4.3.6

Læraren har løysingsforslag