Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 132

  1. Kvifor må avtalar tolkast?

    Ein avtaletekst kan på tilsvarande måte som ein lovtekst ha vage og upresise ord og uttrykk. Avtalar må derfor tolkast for å finne ut kva avtalepartane har krav på. Tolking er å finne fram til korleis avtalen er å forstå, til dømes om «gratis klede» også gjev rett til gratis sko, eller om «kjøp av hytte» også omfattar innbuet.

  2. Kva prinsipp kan brukast når du tolkar ein avtaletekst?

    Normal språkleg forståing på avtaletidspunktet
    Når ein er ueinige om tolking av ord og uttrykk, skal ein leggje vanleg språkleg forståing til grunn. Ei spesiell forståing som avvik frå normal språkbruk, skal berre leggjast til grunn dersom begge partar hadde denne forståinga.

    Føremålsregelen
    Avtalar bør tolkast i samsvar med føremålet med avtalen. Er føremålet å kjøpe ein eigedom for å rive huset slik at tomta kan bli nytta til å føre opp ein ny bygning, talar føremålet mot at huset er selt med innbu. Er ein hest kjøpt for å bli slakta, er det ingen mangel at hesten er halt.

    Uklarleiksregelen
    Avtalar bør tolkast mot den som burde talt tydelegare. Står det i avtalen at huset skal liggje 15 minutt frå havet, kan det tyde 15 minutt til fots eller med bil. Blir uttrykket tolka mot den som burde ha uttrykt seg tydelegare, vil bilalternativet bli lagt til grunn for tolkinga.

    Urimelegregelen
    Avtalar blir ofte tolka i favør av den svake parten. Omfattande atterhald og ansvarsfråskrivingar frå ein profesjonell part kan verke urimeleg.