Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 114

  1. Kva meiner vi med formfridom?

    Prinsippet om formfridom tyder at forma på avtalen ikkje er avgjerande for spørsmålet om avtalen er bindande mellom partane. Kortversjonen blir at ein munnleg avtale er like bindande som ein skriftleg avtale. NL 5-1-1 blir ofte trekt fram som «heimel» for dette prinsippet, men det er rettare å seie at det gjeld som eit generelt prinsipp i kontraktsretten, som mellom anna kjem til uttrykk i NL 5-1-1. Orda «Mund», «Haand» og «Segl» siktar til munnleg, handtrykk og signatur.

    Det er mange døme i lovene på avvik frå prinsippet om formfridom. Slike avvik vil vere lovbestemte påbod om skriftleg avtale. Eit samtykke frå ektefelle for å kunne selje eller pantsetje ein felles bustad krev skriftleg samtykke, jf. ekteskapslova § 32. Det er fleire disposisjonar mellom ektefellar som krev ektepakt, og ho må vere skriftleg, jf. ekteskapslova § 54.

    Husleigeavtalar skal etter husleigelova § 1-4 vere skriftlege. Ein slik avtale er gyldig sjølv om han er munnleg, men då kan ein av partane krevje skriftleg form.

    Ein avtale om å gje nokon framtidsfullmakt etter verjemålslova § 80 skal vere skriftleg med to vitne, jf. § 81.

    Bortsett frå enkelte tilfelle i lovgjevinga med krav om skriftleg form kan avtalar vere munnlege.

  2. Kva er avtalefridom?

    Prinsippet om avtalefridom går ut på at alle avtalar er bindande uansett innhald. Prinsippet er eit utslag av den handlefridommen som gjeld i eit fritt og demokratisk land. Prinsippet kjem til syne i NL 5-1-2, der det blir lista opp ei rekkje forhold som ein kan inngå avtale om: kjøp, sal, makeskifte (byte av fast eigedom mot annan fast eigedom), pant, lån, leige, forpliktingar, kausjon (forløfte) og alt anna som ved namn nemnast kan. Det er altså ei liste med kategoriar av innhald og eit tillegg som seier at også alt anna kan bli avtalt.

    Avtalefridom kan kome i strid med andre viktige omsyn i eit samfunn. Det kan vere omsynet til lov og orden, omsynet til den personlege integriteten, eller omsynet til at ein avtale blir inngått av likeverdige partar. Ein avtale om å gjere noko kriminelt bind ingen. Slik er det også med avtalar som i for stor grad bind den personlege fridommen. Ein avtale som foreldre gjer om ekteskap på vegner av ungane sine, er ikkje bindande, jf. barneloven § 30 a. Det same gjeld forlovingsavtalar. Alle kan gå frå ein avtale om å inngå ekteskap. Den rettslege grunngjevinga vil vere at avtalen strir mot «Ærbarhed», jf. NL 5-1-2.

    Prinsippet om avtalefridom må vike for ekstremt urimelege tilfelle som undergrev den alminnelege samfunnsmoralen. Avtalefridommen er avgrensa for å sikre viktige samfunnsomsyn og verne den svake parten i eit avtaleforhold. Det er vedteke mange lovreglar som seier at lova ikkje kan fråvikast ved avtale til ugunst for den svake parten i avtalen, jf. forbrukarkjøpslova av 2002 § 3 og angrerettlova av 2014 § 3.

  3. Kva vil det seie at avtalar skal haldast?

    Prinsippet om at avtalar skal haldast, skal sikre at inngåtte avtalar er til å stole på. Ein slik tillit har mykje å seie for det økonomiske livet og for samfunnet elles. Avtalar som ikkje blir haldne, kan tvangsfullbyrdast med hjelp frå styresmaktene. Dersom ein part har forplikta seg til å betale kr 100 000 og likevel ikkje betaler, kan motparten med hjelp frå styresmaktene tvinge han til å betale. Det kan gjerast ved at maktapparatet til styresmaktene blir brukt til å ta beslag i nokon av eigedelane hans, selje dei og på den måten tvinge fram betaling. Utan ei slik makt bak kravet ville prinsippet om at avtalar skal haldast, ikkje hatt reell tyding. Prinsippet kjem til uttrykk både i NL 5-1-1, jf. formuleringa «pliktig at efterkomme», og i NL 5-1-2, jf. formuleringa «skulle holdis i alle deris Ord og Puncter, saasom de indgangne ere».