Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 124

  1. Kva er ei fullmakt?

    Ei fullmakt er den evna ein person har til å inngå ein avtale på vegner av ein annan. Det vi seie den retten ein fullmektig ser ut til å ha, sett frå avtalemotparten sin ståstad. Dette kan derfor også skildrast som eit ytre skinn av rett.

    Hovudregelen om fullmakt i avtalelova står i § 10 første ledd.

  2. Finst det fullmaktsreglar utanfor avtalelova?

    Av andre reglar om representasjonsevne i avtaleforhold kan vi nemne verjemålslova, jf. § 32 i lova. Verjemålslova har reglar om kva evne verja har til å gjere rettslege handlingar på vegner av ein mindreårig eller ein umyndiggjord person som han eller ho er verje for.

    Vi kan også til ekteskapslova § 41, som gjev ektefellane ei gjensidig evne til å inngå visse avtalar på vegner av den andre. Denne regelen skil seg frå reglane i avtalelova ved at begge ektefellane blir bundne til avtalen, altså både den som representerer, og den som blir representert.

    Framtidsfullmakt etter avtalelova § 80 er eit nyare døme på ein fullmaktsregel utanfor avtalelova. Ei framtidsfullmakt er ein rett til å gjere rettslege handlingar på vegner av ein fullmaktsgjevar frå eit eventuelt framtidig tidspunkt der vedkomande blir sinnslidande, dement eller på annan måte ute av stand til å ta hand om sine eigne interesser.

    Reglane om fullmakt i avtalelova blir brukte dersom andre spesialreglar ikkje kan brukast.

  3. Kva former for fullmakt er regulerte i avtalelova?

    Avtalelova opererer med tre former for fullmakt: stillingsfullmakt, fråsegnsfullmakt og oppdragsfullmakt.

    Stillingsfullmakt er den fullmakta nokon har i kraft av stillinga si. Grensene for slik fullmakt følgjer av avtalelova § 10 andre ledd. Grensa for enkelte fullmakter følgjer av lov, men dei fleste følgjer av sedvane, altså kva folk flest meiner er vanleg for stillinga. Ein ekspeditør har sedvanebestemt stillingsfullmakt til å selje varene til forretninga, men ikkje inventaret.

    Fråsegnsfullmakt er ei fullmakt som fullmaktsgjevaren har gjeve fullmektigen ved å informere tredjepartar. Eit typisk døme er å utstyre fullmektigen med eit fullmaktsdokument som kan bevise fullmakta, jf. avtalelova § 16.

    Oppdragsfullmakt er ei fullmakt som er meddelt frå fullmaktsgjevaren til fullmektigen, som derfor ikkje kan dokumentere fullmakta si, jf. § 18.

  4. Kva er hovudregelen om når fullmaktsgjevaren er bunden til avtalen?

    Grunnprinsippet om binding følgjer av § 10 første ledd. Fullmaktsgjevaren blir bunden til avtalar som er innanfor grensa for fullmakta.

  5. Kva meiner vi med instruks?

    Ein instruks i avtaleretten er eit påbod frå fullmaktsgjevaren til fullmektigen om avgrensingar i retten til å inngå avtale. Instruksen kan dreie seg om maksimalpris, minstepris, eigenskapar ved ein ting som skal kjøpast, kvar ein eigedom må liggje, og mykje anna. Instruksen er ikkje meint å vere kjend for tredjepart, fordi føremålet er å gje fullmektigen forhandlingsrom.

  6. Kva har instruksbrot å seie for om fullmaktsgjevaren blir bunden til avtalen?

    Eit instruksbrot som avtalemotparten verken kjenner eller bør kjenne til, får ingen konsekvensar for bindinga, jf. § 11 første ledd. Avtalen er bindande overfor ein avtalepart i god tru sjølv om instruksar er brotne, så sant avtalen er innanfor grensa av fullmakta. Dette følgjer av ei antitetisk tolking av § 11 første ledd der ordlyden fortel oss at avtalen ikkje er bindande dersom avtaleparten var i vond tru.

    Instruksbrot for § 18-fullmakt er ikkje bindande sjølv om motparten var i god tru. Dette tyder at fullmaktsoverskriding og instruksbrot er det same i slike fullmakter.