Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.2.1–4.2.2

4.2.1

Spørsmålet er om det er inngått bindande avtale. Det vil seie at tilbodet ikkje lenger kan kallast tilbake etter avtalelova § 7.

Det følgjer av avtalelova § 2 at svar (aksept) på eit tilbod må ha kome fram til tilbydaren innan den svarfristen som er sett. Seljaren har her formulert fristen som «i løpet av dagen». Petter aksepterte tilbodet same dag klokka 23.59. Spørsmålet er om dette var «i løpet av dagen».

Ordlyden talar for at tilbodet blei akseptert i tide. Kalenderdagen går ut klokka 24.00. Resultatet blir i så fall at det er inngått bindande avtale mellom Sykkelbua AS og Petter Holm.

Argumentet for at avtalen ikkje skulle vere bindande, er at seljaren kan ha meint «i løpet av arbeidsdagen», som i dette tilfellet ville gje frist klokka 21.00. I så fall er avtalen ikkje bindande for seljaren. Denne løysinga føreset at begge partar forstod, eller burde forstått, at seljaren meinte arbeidsdagen og ikkje kalenderdagen. Det er seljaren sitt ansvar å uttrykkje seg tydelegare dersom han meinte noko anna enn at dagen går ut klokka 24.00. Han burde ha presisert utløpsfristen betre.

Situasjonen er no at Sykkelbua AS har inngått to bindande avtalar om sal av ein bestemt sykkel. Vi går ut frå at den andre kunden allereie har fått sykkelen overlevert. Sykkelen kan ikkje krevjast tilbakelevert frå denne kunden. Seljaren har derfor ein bindande avtale med Petter Holm om levering av ein sykkel som det er umogleg å levere. Dette gjev Petter Holm grunnlag for krav mot seljaren, mellom anna etter reglane om manglande levering i forbrukarkjøpslova. Han kan mellom anna krevje erstatning på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 24. Oppgåva har ikkje bede om ei nærare drøfting av dette.

Ei praktisk løysing kan vere at seljaren tilbyr ein annan sykkel av minst same kvalitet til same pris, men dette er ikkje noko Petter er forplikta til å godta.

4.2.2

  1. Avtalen mellom Gerd og Lars

    Spørsmålet er om avtalen er bindande for begge.

    Det er kome i stand avtale når partane har utveksla tilbod og aksept etter avtalelova § 7. Føresegna skildrar vilkåra for at tilbod eller svar på tilbod (aksept) ikkje lenger kan tilbakekallast, og det er det same som å seie at avtalen er bindande.

    Tilbodet er her bodet frå Lars på kr 2 200 000. Innhaldet i annonsen – «Leilegheit til sals. Prisframlegg kr 2 000 000» – er ikkje eit bindande tilbod. Annonsen er berre ei oppmoding til kjøparar om å kome med kjøpstilbod.

    Bodet frå Lars er akseptert. Avtalen er bindande.

    Når det viser seg at Lars ikkje er i stand til å halde avtalen på grunn av finansieringsproblem, vil han få erstatningsansvar overfor Gerd. Han kan haldast erstatningsansvarleg med ein sum som stiller Gerd i same situasjon som om avtalen blei oppfylt. Leilegheita kan til dømes seljast til ein annan kjøpar (dekningssal). Dersom salssummen er kr 2 000 000, vil Gerd kunne krevje differansen mellom kr 2 200 000 og kr 2 000 000, altså kr 200 000, erstatta av Lars. På den måten blir Gerd halden skadelaus.

  2. Avtalen mellom Gerd og Marit

    Spørsmålet er om avtalen er bindande for begge, jf. avtalelova § 7.

    Avtalen vil kunne vere bindande for Marit dersom akseptfristen for tilbodet hennar framleis ikkje var ute då Gerd aksepterte. Det kan tenkjast fleire grunnlag for at akseptfristen er gått ut.

    Marit har gjeve eit bod på kr 2 000 000 utan å setje akseptfrist. Ein slik situasjon er regulert i avtalelova § 3. Fristen er den tida tilbydaren «maate regne paa skulde gaa med». Fristen skal reknast ut under føresetnad om at Gerd skal ha «rimelig tid til at overveie» om bodet skal aksepterast.

    Oppgåva opplyser at det gjekk ei veke før det blei akseptert. Spørsmålet er derfor om ei veke er innanfor fristen.

    Det kan argumenterast for kort akseptfrist i bodrunder på ei leilegheit. Den som gjev bod, må kunne rekne med raskt svar.

    På den andre sia er det lett å sjå motargumenta. Tilbydaren må kanskje rekne med at akseptanten brukar nokre dagar på å undersøkje om det er mogleg å få høgare pris av andre kjøparar.

    Det talar også i disfavør for Marit at uklarleik om akseptfristen går ut over den som burde talt tydelegare. Det kan ha konsekvensar å ikkje setje akseptfrist. Marit burde ha kontakta Gerd og avklart avtaleforholdet før ho kjøpte ei anna leilegheit.

    Eg har etter dette tvila meg fram til at Marit er bunden.

    Dersom akseptfristen blir rekna som utgått, vil Marit ikkje vere bunden. I så fall gjeld § 4. Hovudregelen om sein aksept er at han blir rekna som nytt tilbod. Rollene som tilbydar og akseptant blir bytte.