Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 4.4.1–4.4.5

4.4.1

  1. Avtalelova § 28
    Ei «viljeserklæring» (tilbod, aksept m.m.) som er rettsstridig «fremtvunget ved vold mot person eller ved trusler», er ikkje bindande. Trussel om juling for å få nokon til å binde seg til ein avtale, blir ramma av denne ordlyden. Truslane må vere rettsstridige og gje grunngjeven frykt for liv eller helse. Dersom Cesilie er ei lita og svak kvinne, og Anton er stor og sterk, kan truslane verke så urealistiske at Anton ikkje har noko å frykte i ein kamp med Cesilie. I så fall er kravet om «grundet frygt» ikkje oppfylt. Dersom vi likevel går ut frå at truslane skapte grunngjeven frykt for liv eller helse, spelar det inga rolle for spørsmålet om ugyldigheit at Brita var i god tru (ikkje kjende til truslane), jf. § 28 andre ledd. Avtalen er ugyldig.
  2. Avtalelova § 29
    Ei «viljeserklæring» (tilbod, aksept m.m.) som er rettsstridig «fremtvunget ved anden tvang end den, som er nævnt i § 28», er ikkje bindande. Trussel om offentleggjering av personsensitive opplysningar for å få nokon til å inngå ein avtale, blir ramma av denne ordlyden. Det spelar inga rolle om opplysningane er korrekte eller ikkje. Paragraf 29 stiller krav om at tvangen eller presset må vere rettsstridig. Det treng ikkje alltid å vere rettsstridig å offentleggjere at nokon har sona ein promilledom. Mange offentlege personar må finne seg i at pressa skriv om slikt fordi det er av offentleg interesse. Skulle statsministeren, politimeisteren eller andre styresmaktspersonar bli tekne for promillekøyring, er det ikkje rettsstridig å offentleggjere dette. Men det ville vore rettsstridig å bruke slike truslar for å få dei til å inngå bestemte avtalar.
  3. Avtalelova §§ 30 eller 33
    «Er en viljeserklæring (tilbud, aksept mv.) fremkaldt ved svik fra den anden part», er ho ikkje bindande. Å gje ukorrekte opplysningar for å provosere fram eit tilbod blir ramma av ordlyden i § 30. Er dei ukorrekte opplysningane «omstændigheter» som nemnt i § 33, kan avtalen bli ugyldig også på dette grunnlaget. Det krevst då at ein må gå ut frå at mottakaren kjende til at opplysningane var ukorrekte, og at dei er av ein slik karakter at det «vilde stride mot redelighet eller god tro, om han gjorde erklæringen gjeldende». Det krevst derfor ei skjønnsmessig vurdering av om motpartane burde gjort tilbydaren merksam på at opplysningane var ukorrekte.
  4. Avtalelova § 31
    Ein avtale som er inngått under naudstilstand, kan bli ugyldig etter § 31. Det er det at motparten utnyttar naudstilstanden, som gjer avtalen ugyldig – til dømes når naudstilstanden er utnytta til å få den som var i nød, til å betale eit urimeleg høgt vederlag. Som døme kan vi vise til ei eldre eksamensoppgåve der ein person heldt på å drukne og redningsmannen ville ha ein stor pengesum for å trekkje vedkomande opp av vatnet. Eit anna døme er å krevje ein skyhøg pris for mat og drikke til ein person som er i ferd med å svelte i hel.
  5. Avtalelova § 30 eller § 33
    Denne avtalen kan bli ugyldig etter regelen om svik. Å selje noko ein veit er verdilaust, er å rekne som svik. Forholdet blir også ramma av § 33. I så fall er det at vara er verdilaus, eit omstende som det er «mot redelighet og god tro» å gjere gjeldande.

4.4.2

Avtaleretten byggjer på eit prinsipp om avtalefridom. Avtalar skal «holdis i alle deris Ord og Puncter, saasom de indgangne ere», heiter det i NL 5-1-2. (Christian 5s Norske Lov av 1687). Prinsippet gjelder berre for avtalar «som ikke er imod Loven». Avtalar som går ut på ulovlege handlingar, er ikkje bindande. Å køyre fluktbil for bankranarar er ulovleg og dessutan straffbart som medverknad til ran. Avtalen er ikkje bindande.

Juristane er noko ueinige i spørsmålet om Norske Lov åleine kan brukast som direkte heimel for ugyldigheit. Lova gjev uttrykk for eit grunnprinsipp, men i kvart enkelte tilfelle krevst det at ugyldigheit må kunne knytast til nyare og meir presis lovgjeving. Vi kan derfor undersøkje om avtalelova § 36 kan brukast på dette tilfellet.

Etter avtalelova § 36 kan ein avtale bli sett heilt til sides dersom det er urimeleg å gjere han gjeldande. Avtalar som går ut på å gjennomføre straffbare handlingar, blir ramma av ordlyden. Konklusjonen er neppe overraskande: Peder Ås kan trekkje seg frå avtalen.

4.4.3

Læraren har løysingsforslag

4.4.4

Læraren har løysingsforslag

4.4.5

Oppgåva er basert på RT-1988-295 (Skjelsvikdommen). Sammendraget på lovdata.no er formulert slik (omsett til nynorsk):

Krav om oppregulering av festeavgift for ei bustadtomt på grunnlag av fall i pengeverdien under tilvising til avtalelova § 36, jf. dom framfor i Rt-1988-276. Ei tomt på ca. 1090 m2 blei i 1955 bortfesta for ei årleg festeavgift på kr 98,20. Kontrakten er evigvarande. Festeavgifta kunne etter ordlyden i kontrakten ikkje regulerast. Under tilvising til avtalelova § 36 blei det lagt til grunn at forholda på grunn av fall i pengeverdien hadde utvikla seg slik at det ville verke urimeleg om festaren kunne gjere avtalen gjeldande med den opphavleg avtalte festeavgifta. Det blei gjeve dom for at festeavgifta kunne regulerast i samsvar med § 14 første ledd første punktum i tomtefestelova av 30. mai 1975 nr. 20 i samsvar med konsumprisindeksen med basis i indekstalet ved inngåinga av festeavtalen. Realverdien av festeavgifta hadde sidan kontraktsinngåinga gått ned til under ein sjuandedel. Uttalt at denne saka neppe markerer ei yttergrense for tilfeller der regulering må godtakast. Vidare blei det uttalt at etter omstenda må oppregulering kunne kome på tale ikkje berre i evigvarande festeforhold, men også i tidsavgrensa festeforhold når det er lang tid fram til utløpet av festetida. Rettsovergang til ny festar vil vanlegvis ikkje vere til hinder for at festeavgifta blir oppregulert. – Særmerknader frå dei dissenterande dommarane i dommen framfor, på s. 276 f.

Dommen blei den første av fleire dommar der avtalelova § 36 blei brukt for å justere festeavgifter.

Sjølv om det er eit grunnprinsipp i avtaleretten at avtalar skal haldast slik dei er inngått, bør avtalar kunne justerast dersom utviklinga vesentleg har endra føresetnadene for å inngå avtalen. Dette var også mogleg før avtalelova § 36 blei vedteken. Då var temaet om «bristende forutsetninger» kunne setje ein avtale heilt eller delvis til sides.

Spørsmålet i vår sak er om avtalen om festeavgift på kr 98,50 no verkar urimeleg for tomteeigaren. Han var truleg rimeleg den gongen avtalen blei inngått, men prisutviklinga i samfunnet har ført til at han har blitt urimeleg.

Etter avtalelova § 36 skal spørsmålet om urimeleg mellom anna sjåast i lys av «senere inntrådte forhold». Her er det ikkje argument i stillinga til partane eller forholda ved avtaleinngåinga som tilseier endring, men det som har skjedd i mange år etterpå.

Samfunnsutviklinga har gått frå evige, faste prisar på tomtefeste. Det er truleg at partane ville teke justeringsmoglegheiter inn i avtalen dersom dei hadde visst korleis prisutviklinga skulle bli. Eigedomsretten til tomta ville nærast blitt illusorisk dersom leigaren skulle halde fram med å betale under kr 100 per år for leige av tomta.

Konklusjonen blir at avtalen blir endra slik at årleg leige blir sett til kr 10 000.