Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.3.1–3.3.4

3.3.1

  1. Spørsmålet om mangel er avhengig av føremålet med kjøpet. Kjøpsavtalen må tolkast ut frå ei føremålsvurdering, jf. forbrukarkjøpslova § 15 første ledd, jf. § 16. Kjøpet kan vere kontraktsmessig dersom bilen blir kjøpt som delebil, men han kan ha manglar dersom han er kjøpt for å bli brukt. Likevel vil synlege feil som forbrukaren bør oppdage ved ei vanleg undersøking, ikkje bli rekna som manglar med mindre kontrakten uttrykkjeleg seier noko anna, jf. § 16 tredje ledd. Vi går derfor ut frå at synleg rust på skjermen og slitne dekk ikkje er manglar etter forbrukarkjøpslova.
  2. I utgangspunktet skal monteringsrettleiingar vere på norsk språk. Er rettleiinga på svensk eller dansk, må vi godta dette, jf. www.forbrukerraadet.no, i alle fall dersom det ikkje dreier seg om spesielt farlege produkt der ei grundig bruksrettleiing er spesielt viktig.
  3. Ein kjole som er laga av brennbare tekstilar, er ein mangel. For det første må ein forbrukar kunne forvente at klede ikkje er så lett antennelege at dei er farlege å bruke, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 bokstav a. Kjolen kan også vere i strid med offentlegrettslege krav, jf. § 15 andre ledd bokstav f. Det kan finnast forskrifter om at klede ikkje skal vere brannfarlege. Ein slik mangel kan gje grunnlag for heving etter § 32.
  4. Ein genser som krympar ein storleik ved første vask og blir for liten, har truleg ein mangel etter lova, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 bokstav b. Forbrukaren må kunne forvente betre haldbarheit, men kjem krympinga av feil vasking i strid med vaskerettleiingane på genseren, har genseren ingen mangel som forbrukaren kan gjere gjeldande som eit krav mot seljaren. Det følgjer av § 26 første ledd at ein mangel ikkje må «skyldes forbrukeren».
  5. Mangelfull leggjerettleiing til parkett kan vere ein kjøpsrettsleg mangel, jf. § 16 første ledd bokstav d. Spørsmålet er likevel om skaden som blir påført parketten ved å gå i gang med legginga utan leggjerettleiing, er ein skade som forbrukaren sjølv er skuld i. Skaden er ein påstått følgjeskade av manglande leggjerettleiing. Det rette her vil vere å sjå kravet frå kjøparen som eit erstatningskrav etter § 33 og spørje seg om tapet var ei «følge av at tingen har en mangel». Her kan vi trekkje inn reglane i forbrukarkjøpslova §§ 52 og 54 i ei vurdering av om skaden eigentleg kjem av aktløyse frå forbrukaren. Løysinga blir truleg at forbrukaren ikkje får erstatning på grunn av eigen medverknad til skaden. Ein kan kome til dette resultatet frå ulike angrepsvinklar. Ein av dei er å bruke § 54 om den plikta forbrukaren har til å avgrense tapet som følgje av den manglande leggjerettleiinga. Forbrukaren kunne ha unngått skaden ved å reklamere på mangelen før han gjekk i gang med legginga, jf. § 27. På den måten ville seljaren fått høve til retting etter § 29(3). Retting av ein mangel som dette er enkelt. Ein e-post med leggjerettleiing kunne vore sendt til forbrukaren omgåande.
  6. Klausular av typen «som den sto», «som den er» eller «som forevist» tyder at seljaren fråskriv seg det alminnelege mangelansvaret som kjøparen kan gjere gjeldande etter §§ 15 og 16. Det følgjer av § 17 at sjølv om tingen er seld med slike atterhald, har han likevel ein mangel dersom båten er i dårlegare stand enn forbrukaren med ei rimeleg vurdering hadde grunn til å forvente. Forventningane til forbrukaren skal vurderast i lys av atterhaldet, storleiken på kjøpesummen og forholda elles. Med slike salsatterhald får kjøparen ei sterkare oppmoding enn elles til å undersøkje båten. Kjøpesummen er ikkje spesielt høg (kr 10 000). Ròteskadar i ein gammal og billeg båt er noko forbrukaren bør undersøkje nøye. Mykje tyder på at forbrukaren har fått det han eller ho kunne forvente, og at skadane på båten ikkje gjev grunnlag for krav mot seljaren.

3.3.2

Oppgåva spør ikkje om ein eventuell mangel er så vesentleg at han kan gje grunnlag for heving etter § 32, men dette kan vi ta med i vurderingane, som ei øving.

  1. Mangel. Ti blanke sider i ei lærebok i rettslære er openbert noko forbrukaren ikkje ventar seg, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 bokstav a. Vi konstaterer at det ligg føre ein mangel. Eit eventuelt spørsmål om heving er avhengig av om mangelen kan karakteriserast som ikkje uvesentleg, jf. § 32. Det er avhengig av om dei ti blanke sidene er «tapt tekst». I så fall er mangelen openbert så vesentleg at han gjev grunnlag for heving. Dersom det derimot dreier seg om ti blanke ekstrasider, er mangelen ikkje like alvorleg. Blanke sider kan til dømes brukast til notat. I så fall kan prisavslag i staden for heving vere den rette løysinga.
  2. Mangel. Det er bestilt bokmålsutgåve, men levert nynorskutgåve. Det følgjer av § 15 første ledd at vara skal vere i samsvar med dei krava til art, mengd, kvalitet, andre eigenskapar og innpakning som følgjer avtalen. I dette tilfellet samsvarar art eller andre eigenskapar ikkje med avtalen. Sett i lys av den verknaden mangelen har for forbrukaren, er det openbert at mangelen er vesentleg nok til å krevje kjøpet heva etter § 32. Prisavslag vil her vere ei urimeleg løysing.
  3. Ikkje mangel. Skuffing over smaken på sjokoladen er ikkje ein mangel, med mindre det er ein produksjonsfeil. Forbrukaren må forvente at ein sjokolade kanskje ikkje fell i smak. Kjøpet er i samsvar med § 15 andre ledd bokstav b.
  4. Mangel. Den som kjøper ein ny sofa, må kunne forvente at han ikkje er brannfarleg, jf. § 15 andre ledd bokstav b. Det er også mogleg at sofaen ikkje samsvarar med offentlegrettslege krav, jf. § 15 andre ledd bokstav f. (Sofaen kan også ha tryggleiksmangel som nemnt i produktansvarslova § 2-1). Det er openbert at mangelen er så vesentleg at kjøpet kan hevast etter § 32.
  5. Ikkje mangel. Dårleg innhald i ei bok er sjølvsagt ingen kjøpsrettsleg mangel. Forbrukaren har fått det han eller ho kunne forvente, jf. § 15 andre ledd bokstav b.

3.3.3

Eg skal avgjere spørsmålet om vara har ein mangel, på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 15, jf. § 16.

Vara skal vere i samsvar med avtalen, jf. § 15 første ledd. Den har vi ingen opplysningar om. Vi må derfor vurdere spørsmålet om mangel i forhold til § 15 andre ledd, jf. § 16. Det følgjer av § 15 andre ledd bokstav b at vara skal vere i samsvar med det forbrukaren har grunn til å forvente. Dette skal sjåast i lys av kjøpesummen og om det er kjøpt ny eller gammal vare. Den som kjøper ny peis, kan forvente at eldstaden er forskriftsmessig og kan godkjennast etter at han er installert. Det følgjer også av § 15 andre ledd bokstav f at vara skal «være i samsvar med offentligrettslige krav». Det er derfor ikkje tvilsamt at vara har ein mangel, jf. § 16 bokstav a. Peisen er verken i samsvar i med § 15 andre ledd b eller f.

Forbrukaren kan etter forbrukarkjøpslova § 32 heve kjøpet dersom vara har ein mangel, «unntatt når mangelen er uvesentlig». Det er openbert at peisen har ein ikkje uvesentleg mangel når det er forbode å bruke han.

3.3.4

Spørsmålet er om flislimet har mangel etter § 16 første ledd bokstav d, som mellom anna seier at tingen har mangel dersom «nødvendige opplysninger om […] bruk […] ikke følger med tingen». Oppgåva er kort og gjev ikkje nok opplysningar til å vurdere det konkrete innhaldet i bruksrettleiinga. Vi må derfor leggje til grunn at opplysningane er villeiande og utilstrekkelege. Opplysningane kan til dømes ha vore villeiande om blandingsforhold med vatn eller om kor raskt limet må brukast etter at det er tilsett vatn.

Det er dei villeiande og mangelfulle opplysningane som er ein mangel. Det at flisene losna, er ein følgjeskade av mangelen, som kan krevjast erstatta etter § 33. Det som kan erstattast, er det «tap han eller hun (forbrukeren) lider som følge av at tingen har en mangel». Det krevst årsakssamanheng mellom mangel og skade, og at skaden er pårekneleg, som vil seie at det er nærliggjande å tenkje seg ein slik skade som følgje av ein slik mangel. Desse vilkåra ser ut til å vere oppfylte. Eg konstaterer at det ligg føre ein mangel som gjev forbrukaren rett til å krevje erstatning.