Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 106

  1. Når gjeld angrerettlova? Når gjeld ho ikkje?

    Angrerettlova gjeld ved sal av varer og tenester til forbrukarar når seljaren opptrer i næringsverksemd (forbrukarkjøp) og avtalen blir inngått ved fjernsal eller sal utanfor fast utsalsstad, jf. § 1 første ledd. Det er vesentlege unntak frå verkeområdet til lova i § 2. Ho gjeld mellom anna ikkje reiser og persontransport, til dømes når ein bestiller flybillettar på nettet. Det er viktig å ikkje forveksle unntak frå verkeområdet for lova (§ 2) med unntak frå angreretten (§ 22). Ved unntak frå angreretten gjeld dei andre føresegnene i lova; det er berre angreretten som ikkje gjeld.

  2. Kvifor har vi ei lov om angrerett? Gjer kort greie for føremålet til lova.

    Føremålet med angrerettlova er å verne forbrukarar i situasjonar der dei er uførebudde og må ta ei avgjerd før dei har fått tid og høve til å samanlikne tilbodet frå seljaren med tilbod frå konkurrerande seljarar. Angrerettlova er eitt av fleire tiltak som skal sikre forbrukarvernet.

  3. Kva er den normale angrefristen? Kva er utgangspunktet, lengda og utløpet for fristen?

    Normal angrefrist er 14 dagar frå den dagen forbrukaren fekk vara om hende (leveringen). Mottaksdagen blir ikkje rekna som ein del av fristen. Fristen går frå dagen etter mottaket, jf. § 6 første ledd. Fristen går normalt ut etter 14 dagar. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlengd til næraste virkedag, jf. § 6 andre ledd.

  4. I kva tilfelle blir angrefristen utvida med 12 månader?

    Ved fjernsal eller sal utanom faste forretningslokale der seljaren ikkje har gjeve opplysningar om angreretten etter § 8 første ledd bokstav h (opplysningar om angrerett og standardisert angreskjema), blir angrefristen utvida til eitt år meir enn den ordinære fristen, jf. angrerettlova § 21 tredje ledd. Regelen inneber at fristen blir eitt år og 14 dagar.

  5. I kva tilfelle kan angreretten gå tapt før fristen er ute?

    Angreretten går i prinsippet ikkje tapt før fristen er ute, men reglane i § 25 kan føre til at forbrukaren heilt eller delvis må erstatte verditapet på vara. Forbrukaren kan prøve vara utan konsekvensar for angreretten, men tek forbrukaren vara i bruk og likevel ønskjer å nytte angreretten, må vedkomande erstatte verdireduksjonen. Nokre varer kan bli nesten verdilause etter at dei er tekne i bruk, slik at erstatninga kan bli nesten heile kjøpesummen.

    Dersom forbrukaren ønskjer å nytte den utvida angreretten etter utløpet av den ordinære fristen på 14 dagar, må vilkåret om manglande opplysningar etter § 8 første ledd bokstav h vere oppfylt. I slike tilfelle gjeld ikkje regelen om at forbrukaren har erstatningsansvar for bruken. Han skal ha heile kjøpesummen tilbake. Ein russedress som er kjøpt i ein nettbutikk utan at forbrukaren har fått opplysningar om angrerett og angreskjema, kan leverast tilbake etter eitt år utan at seljaren har krav på erstatning for bruken. Dette følgjer av antitetisk tolking av ordlyden i § 25 tredje ledd andre punktum. Det er likevel tvilsamt om føresegna utan vidare kan tolkast antitetisk. Det kan hende at forbrukaren kan få erstatningsansvar på anna grunnlag enn angrerettlova § 25 tredje ledd andre punktum.