Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 79

  1. Når må ein mangel ha vore til stades for å kunne gje grunnlag for krav mot seljaren?

    Mangelen må ha vore til stades då risikoen gjekk over til forbrukaren, jf. forbrukarkjøpslova § 18. Det vil i dei fleste tilfelle seie når forbrukaren tek over vara, jf. § 7, saman med § 14. Å ta over vara blir tolka som at vara må bli fysisk overlevert og kome forbrukaren i hende.

    Det følgjer vidare av § 18 andre ledd at ein mangel som viser seg i løpet av seks månader etter kjøpet, skal reknast som å ha vore til stades då tingen blei overteken. Det ligg i dette at produktet allereie frå starten av må ha hatt ei svekking som seinare utviklar seg og materialiserer seg som ein mangel. I privatkjøp og næringskjøp blir slike spørsmål regulerte av kjøpslova av 1988 § 18, og denne lova har ingen seksmånadersregel. I slike tilfelle må ein sannsynleggjere at manglar som viser seg etter risikoovergangen, verkeleg var til stades frå starten av.

  2. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16 første ledd a, jf. § 15 første ledd?

    Det følgjer av forbrukarkjøpslova § 15 første ledd at vara skal vere i samsvar med krava til art, mengd, kvalitet, andre eigenskapar og innpakning som følgjer av avtalen. Er eitt eller fleire av desse krava ikkje oppfylte, har vara ein mangel etter § 16 første ledd bokstav a.

    Det er tilstanden på vara i forhold til kva som er avtalt, som avgjer. Er hesten kjøpt for å bli slakta og brukt som råvare til pølse, er det ikkje ein mangel at hesten var halt eller ubrukeleg til å køyre med kjerre. Det må i slike tilfelle gå fram av avtaleteksten kva hesten skal brukast til. Er ein dress bestilt i storleik 50, er det ein mangel dersom dressen viser seg å vere storleik 48. Står det i avtalen at bilen skal ha kilometerstand på 50, er det ein mangel dersom det viser seg at bilen er køyrd 500 km.

  3. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16 første ledd a, jf. § 15 andre ledd a, b og c?

    Paragraf 15 andre ledd a: Dersom avtalen ikkje seier noko anna, skal ein ting passe til føremål som tingen vanlegvis blir brukt til. Ein hest blir vanlegvis brukt til riding og køyring med kjerre. Det vil då vere ein mangel dersom hesten er ubrukeleg til riding eller køyring med kjerre. Ein bil blir vanlegvis brukt til køyring. Bilen har derfor mangel dersom han ikkje er køyrbar.

    Paragraf 15 første ledd b>: Tingen har mangel dersom han ikkje svarar til det forbrukaren kan forvente med omsyn til haldbarheit og andre eigenskapar. Det er særleg pris og alder som påverkar vurderinga. Blir ein tre år gammal Mercedes seld for kr 500 000, kan forbrukaren ha ei heilt anna forventning enn om ein 15 år gammal bil blir seld for kr 30 000. Ein defekt del kan i eitt tilfelle vere ein mangel, medan han i andre tilfelle kan vere ein feil som kjøparen må rekne med. Denne føresegna i forbrukarkjøpslova blir rekna for å vere ei følgje av Videodommen (RT-1998-774), der Høgsterett uttalte at forbrukarane hadde grunn til å forvente at fjernkontrollen til ei videomaskin fungerer i minst fire år.

    Paragraf 15 andre ledd c: Det er ein mangel dersom vara ikkje oppfyller eit bestemt og kjent føremål for seljaren. Kjøparen har til dømes kjøpt ein hund som skal brukast til å trekkje pulk. Sjølv om hundar av og til blir brukte til dette føremålet, er det ikkje noko hundar vanlegvis blir brukte til. Viser det seg at hunden er ubrukeleg til å trekkje pulk, og seljaren var merksam på at forbrukaren hadde dette bestemte føremålet med kjøpet, ligg det føre ein mangel.

  4. Kva slags mangel i forbrukarkjøp følgjer av § 15 andre ledd g?

    Forbrukarkjøpslova § 15 andre ledd bokstav g handlar om at vara har ein rettsmangel. Det mest praktiske dømet er at det heftar panterett ved vara. Ein bank kan til dømes ha panterett i bilen fram til den førre eigaren har betalt heile kjøpesummen. Blir bilen seld før panteheftet er sletta, risikerer kjøparen til slutt å måtte betale resten av gjelda den tidlegare eigaren har på bilen.

    Gå ut frå at det heftar panterett ved ein bil som er trygd for eit restkrav på kr 50 000. Dersom bilen blir seld «fri for hefte» for kr 100 000 utan at pantet er sletta, får kjøparen ein bil med ein mangel som det kostar kr 50 000 å «reparere».

  5. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16 første ledd b, c og d?

    Paragraf 16 første ledd b: Regelen handlar om opplysningsmanglar. Ein slik mangel ligg føre dersom seljaren har forsømt å gje opplysningar om forhold ved tingen og bruken av han, som han kjende til, og som forbrukaren hadde grunn til å rekne med å få vite. Det krevst også at den manglande informasjonen truleg ville ha verka inn på kjøpet. Spørsmålet dreier seg derfor om opplysningsplikta til seljaren.

    Opplysninga kan til dømes dreie seg om levetid, miljøeigenskapar og tryggleiksrisiko ved tingen. Om slike forhold blir ramma av føresegna, vil vere avhengig av ei konkret vurdering om manglande opplysningar. Dersom til dømes ein trampoline utgjer ein vesentleg tryggleiksrisiko for barn under fem år, er det noko ein forbrukar har grunn til å få vite, og det kan verke inn på viljen hans til å gjennomføre kjøpet.

    Paragraf 16 første ledd b: Også denne regelen handlar om opplysningsmanglar. I dette tilfellet dreier regelen seg om opplysningar som seljaren faktisk har gjeve, til dømes i annonsar eller på emballasjen. Dersom vara ikkje svarar til desse opplysningane, har ho ein mangel, med mindre seljaren tydeleg har retta opplysningane før kjøpet, eller dersom opplysningane ikkje kan ha verka inn på kjøpet.

    Paragraf 16 første ledd b: Denne regelen handlar også om opplysningsmanglar. No dreier det seg om mangel på nødvendige opplysningar om installering, montering, bruk og stell. Det er til dømes ein klar mangel dersom ei vare ikkje har fullverdig bruksrettleiing på norsk, dersom brukarmanual er nødvendig.

    Omsynet til risiko for skade på person, eigedom eller tingen sjølv vil vere avgjerande for opplysningsplikta.

  6. Kva har § 16 tredje ledd å seie for mangelspørsmålet?

    Etter forbrukarkjøpslova § 16 tredje ledd kan kjøparen ikkje gjere gjeldande som mangel noko han kjende til eller måtte kjent til ved kjøpet. Ein synleg bulk i ein bruktbil bør oppdagast på førehand og kan då ikkje reknast som ein mangel. Dersom bilen derimot er ny, eller dersom seljaren uttrykkjeleg har sagt at bilen er fri for alle skadar, er slike feil likevel ein mangel.

  7. Kva kan vere mangel etter forbrukarkjøpslova § 17?

    Er vara seld «som ho er», «som ho står», «som framvist», og vara er vesentleg dårlegare enn forbrukaren hadde grunn til å rekne med, ligg det likevel føre ein mangel etter forbrukarkjøpslova § 17 første ledd a. Atterhald av denne typen har til føremål å få tingen seld raskt til ein rimeleg pris. Føresegna skjerpar undersøkingsplikta til forbrukaren etter § 16 tredje ledd før kjøpet. Det er likevel grenser for kva slags ansvarsfråskriving som er mogleg etter denne regelen. Forbrukaren har krav på ein viss minstestandard sett i lys av kjøpesummen og forholda elles.