Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.3.5–3.3.6

3.3.5

Kjøpet er eit forbrukarkjøp, og tvisten skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Kari har kravd at seljaren rettar vara, jf. § 29. For å nå fram med eit slikt krav er det ein nødvendig føresetnad at Kari har reklamert i tide. Reklamasjonsfristane går fram av § 27. Kari har som hovudregel ein absolutt reklamasjonsfrist på to år etter § 27 andre ledd første punktum. Denne fristen er overskriden sidan Kari reklamerte 14. juli 2018, som var meir enn to år etter kjøpet. Ho må derfor gjere bruk av femårsfristen i § 27 andre ledd andre punktum.

Spørsmålet blir om GPS-en ved vanleg bruk er meint å vare vesentleg lenger enn to år. Spørsmålet om kor lenge ei vare er meint å kunne vare, er langt på veg det same som kva forbrukaren kan forvente av vara etter § 15 andre ledd bokstav b. Dette er slått fast av Høgsterett i Mobiltelefondommen (RT-2007-1274), der ein mobiltelefon etter retten si meining burde vare i minst fire år. Tilsvarande synspunkt hadde Høgsterett i Videodommen (RT-1998- 774), der fjernkontrollen slutta å verke. Fire år er vesentleg meir enn to år. Levetida til ein GPS må kunne vurderast tilsvarande som for mobiltelefon og fjernkontroll til ei videomaskin. Dette blei også resultatet i ein tilsvarande forbrukertvist som blei behandla i forbrukartvistutvalet (FTU2014-537, arkivert som sak 13/6545).

Seljaren har lagt fram den låge prisen på kr 999 som argument for at forbrukaren ikkje kan vente seg så mykje av produktet. Dette er i utgangspunktet eit relevant argument fordi prisen kan vere eit signal for kva som kan forventast av haldbarheit. Dette gjeld særleg produkt som er utsett for mekanisk slitasje når dei blir brukte. Det er ikkje ein GPS. I dette tilfellet er prisen ikkje eit haldbart argument for at produktet ikkje skal vare vesentleg meir enn to år. Eg konstaterer derfor at Kari har angrerett. Kari har etter dette fem års reklamasjonstid.

Det må kunne leggjast til grunn at funksjonssvikten er ein mangel som ikkje skriv seg frå forhold på Kari si side. Ho får derfor medhald i rettingskravet, jf. § 29.

Oppgåva opplyser at GPS-en blei kjøpt i ein nettbutikk. Det oppmodar om å kommentere angrerett som eit mogleg grunnlag for å få kjøpet gjort om. Alle fristar for angrerett har gått ut sidan den lengste fristen for å angre er 14 dagar og tolv månader etter kjøpet. Dette drøftar eg derfor ikkje nærare.

3.3.6

Seljaren er næringsdrivande og har selt ein kaffitraktar til ein forbrukar. Oppgåva skal derfor løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova, sjå § 1.

Seljaren har påstått at reklamasjonsfristane er gått ut. Forbrukaren oppdaga vatn under maskina i november 2020, men reklamerte først i slutten av januar 2021. Det er nesten tre månader etter at vatnet under maskina blei oppdaga.

Spørsmålet er om Emil reklamerte innan rimeleg tid, slik som føreskrive i § 27.

Emil forstod først i januar at maskina hadde ein vasslekkasje. Han har utan tvil reklamert innan rimeleg tid frå dette tidspunktet, då han faktisk oppdaga mangelen. Spørsmålet er om mangelen burde vore oppdaga allereie i november då han oppdaga det han trudde var søl av vatn.

Det kan ikkje forlangast at Emil som forbrukar burde oppdaga mangelen allereie i starten av november. Han må få litt tid for å få slått fast at vatnet under maskina kom frå ein lekkasje. Det er opplyst at han «etter kvart» forstod at det var ein lekkasje. Oppdagingstidspunktet er noko uklart.

Det følgjer av § 27 første ledd andre setning at reklamasjonar som blir gjorde innan to månader frå faktisk oppdaging, alltid skal reknast som sette fram innan rimeleg tid. Det blei reklamert 30. januar. To månader før er 30. november. Skildringa av at det tok litt tid for Emil å oppdage at traktaren hadde ein mangel, tilseier at han reklamerte innan to månader etter faktisk oppdaging.

Ei mindre overskriding av to månader fører likevel ikkje automatisk til at det har gått urimeleg lang tid. Eg går derfor ut frå at Emil har reklamert i tide.

Neste spørsmål er om den absolutte fristen i § 27 andre ledd er overskriden. Hovudregelen er at fristen går ut etter to år, men unntaksvis etter fem år dersom tingen er meint å vare vesentleg meir enn to år. Spørsmålet er derfor om traktaren kan forventast å vare vesentleg meir enn to år. I så fall er fristen ikkje overskriden.

I ei tilsvarande sak i FTU-2014-484 slår utvalet utan vidare fast at ei kaffimaskin må forventast å vare vesentleg meir enn to år. Det er derfor ein absolutt frist på fem år for å reklamere på ei kaffimaskin. Dette må samtidig vurderast i lys av storleiken på kjøpesummen. Maskina kosta kr 700. Det er ein så høg pris at han skaper forventningar om at vara skal vare i vesentleg meir enn to år. Den absolutte reklamasjonsfristen er derfor ikkje gått ut.

Neste spørsmål er om Emil kan krevje omlevering etter § 29 første ledd. Kravet føreset at traktaren har ein mangel. Det har vi allereie avgjort då vi vurderte om forbrukaren kunne forvente at traktaren skulle vare vesentleg meir enn to år, jf. § 27 andre ledd. Mangel skal vurderast som eit spørsmål om kva forbrukaren har grunn til å forvente av kaffitraktaren, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Vurderingar av forventningar etter § 27 andre ledd og § 15 andre ledd b er eigentleg same vurdering.

Emil kan etter dette krevje omlevering etter § 29 første ledd.