Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 94

  1. Kva er vilkåret for at ein kjøpar skal kunne krevje noko av seljaren når han meiner at vara ikkje er som ho skal?

    Det må liggje føre ein mangel etter forbrukarkjøpslova §§ 15 til 17, mangelen må ha vore der ved leveringa, jf. § 18 første ledd, og kjøparen må ha hevda mangelen gjennom ein reklamasjon innanfor fristane i lova, jf. § 27 første ledd. Kva som er ein mangel, er drøfta tidlegare i kapittelet. Fristane er omtalte nærare i svaret på spørsmål 2. Dei er også drøfta tidlegare.

  2. Kor raskt må kjøparen reklamere for ikkje å tape rettane sine?

    Ein reklamasjon skal som hovudregel skje innan rimelig tid etter at mangelen er oppdaga. Føremålet med ein kort og rimeleg reklamasjonsfrist er grunngjeve med at seljaren har behov for å få vite om mangelen så raskt som mogleg. Minste rimelege reklamasjonstid er to månader, jf. § 27 første ledd siste punktum. Ein forbrukar som ikkje reklamerer innan rimeleg tid etter oppdaginga, taper retten til å gjere eit kontraktbrot gjeldande, jf. forbrukarkjøpslova § 27 fjerde ledd. Forbrukaren må som hovudregel også reklamere innan to år etter leveringa. Dersom vara er meint å vare vesentleg lenger enn to år, må han eller ho reklamere innan fem år, jf. § 27 andre ledd.

  3. I kva grad kan kjøparen halde kjøpesummen tilbake?

    Dersom vara har ein mangel, kan ein forbrukar halde kjøpesummen tilbake, men berre eit beløp som skal dekkje tapet, jf. § 28. Har du til dømes kjøpt eit TV-apparat som har ein feil, kan du halde tilbake ein sum som kan dekkje reparasjonskostnadene. Regelen er eit uttrykk for eit generelt prinsipp i kontraktsretten om yting mot yting.

  4. Når kan kjøparen krevje at seljaren reparerer vara?

    Som forbrukar kan du krevje avhjelp (retting eller omlevering) etter forbrukarkjøpslova § 29. Retting er berre aktuelt dersom det er mogleg å reparere vara. Seljaren kan også fritakast for reparasjonsplikt dersom retting påfører han urimelege kostnader. Kva som er urimelege kostnader, blir avgjort etter ein skjønnsmessig vurdering av fleire faktorar, jf. § 29.

  5. Når kan kjøparen krevje ny vare?

    Hovedregelen er at avhjelp (retting eller omlevering) skal skje i rimelig tid uten kostnad og urimelig ulempe for forbrukeren. Forbrukeren behøver ikke finne seg i mer enn to rettingsforsøk, se § 30(2). Dersom det andre rettingsforsøket er mislykka, kan du krevje at forsøka blir stansa. Det vil seie at forbrukaren kan krevje ny vare (omlevering) dersom vilkåra i § 29 for å frita seljaren for slik plikt ikkje er til stades.

    I Støvlettdommen (RT-2009-179) fall hælen av ein støvlett. Reparasjon kosta kr 65, medan nye støvlettar kosta kr 450. Forbrukaren fekk ikkje omlevering. Omlevering ville føre til urimeleg kostnad for seljaren når støvlettane kunne bli reparerte for kr 65. Forbrukaren måtte godta reparasjon. Konsekvensen av denne dommen er at det er same formelle krav for retting som for omlevering. Ingen av delane må påføre seljaren urimelege kostnader, men kostnaden kan vere ulik for dei to krava. Forbrukaren kan derfor ikkje utan vidare velje mellom dei to krava.

  6. Når kan kjøparen krevje prisavslag?

    Ein forbrukar kan krevje prisavslag etter forbrukarkjøpslova § 31. Denne regelen føreset at tingen har ein mangel, men mangelen treng ikkje vere vesentleg. Sjølv bagatellar kan gje grunnlag for prisavslag berre dei kan karakteriserast som manglar. Hovudregelen er at mangelen reduserer verdien på tingen. Men det er ikkje alltid tilfellet. Særlege grunnar kan også gje prisavslag basert på kor viktig mangelen er for forbrukaren, jf. § 31 andre ledd. Er det til dømes levert ein grå bil, men kjøpsavtalen seier at bilen skulle vere blå, kan du ha rett til eit passande prisavslag der det mellom anna kan bli lagt vekt på kva mangelen har å seie for forbrukaren.

  7. Kva vilkår må vere oppfylte for at kjøparen kan heve kjøpet?

    Heving av eit kjøp inneber at den plikta partane har til å oppfylle kjøpet, fell bort, jf. § 49. Er vara motteken og kjøpesummen betalt, skal det mottekne leverast tilbake.

    Vilkåret for heving etter § 32 er at vara har ein ikkje uvesentleg mangel, jf. forbrukarkjøpslova § 32. I RT-2015-321 blei ein bil seld «som ny». Ved levering viste det seg at bilen hadde gått over 500 km. Trass i den beskjedne køyrelengda blei dette sett på som ein ikkje uvesentleg mangel som gav forbrukaren rett til å heve kjøpet. I ein dom frå Larvik tingrett av 20. mai 2011 (Mercedesdommen) ble ein feil på serviceindikatoren på bilen, som viste tidspunkt for neste service, rekna som ein uvesentleg mangel som ikke gav rett til heving.

  8. Kva vilkår må vere oppfylte for at kjøparen kan krevje erstatning?

    Forbrukaren kan krevje erstatning for det tapet som mangelen påfører han. Ansvarsgrunnlaget i § 33 er objektivt. Det krevst berre at det ligg føre ein mangel som har ført til tap for forbrukeren. Det er ikkje krav om skuld frå seljaren si side. Ansvaret kan bli avgrensa som følgje av § 52. Erstatningskravet kan setjast fram i tillegg til andre krav. Forbrukaren kan til dømes heve kjøpet og krevje meirutgiftene ved å kjøpe ei tilsvarande, mangelfri vare hos ein annan seljar erstatta.