Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.1.1–3.1.2

3.1.1

Vi brukar forbrukarkjøpslova § 1.

  1. Privatkjøp. Begge er forbrukarar.
  2. Privatkjøp. Begge er forbrukarar.
  3. Næringskjøp. Kjøparen opptrer hovudsakleg i næringsverksemd.
  4. Forbrukarkjøp. Vi går ut frå at kjøparen er forbrukar, men i prinsippet kunne han vore ein næringsdrivande jurist som kjøper ei fagbok.
  5. Forbrukarkjøp.
  6. Privatkjøp. Begge er forbrukarar.
  7. Dersom båten blir seld i såkalla kommisjon, opptrer Åsen Marine AS i eige namn og blir derfor rekna som seljar. I så fall er dette eit forbrukarkjøp. Dersom Åsen Marine opptrer i Viggo sitt namn, er firmaet berre ein fullmektig. Avtalen gjeld då mellom Viggo og Ellen Vik. I så fall er kjøpet eit privatkjøp.
  8. Spørsmålet er avhengig av om Katrine driv verksemd, og om ho derfor blir å rekne som næringsdrivande. Dersom ho fleire gonger i året gjer transaksjonar som denne, vil ho bli rekna som næringsdrivande. Spørsmålet vil avhenge av kva vi skal leggje i formuleringa «av og til». Vi kan gå ut frå at dette er sporadisk sal i samband med hobbyverksemd, men vi kunne også gå ut frå det motsette, næringsverksemd.
  9. Dette er eit næringskjøp. Skulen ved rektor opptrer i næringsverksemd.
  10. Denne klubben er for liten til å bli rekna som eigen juridisk person. Det er seks fysiske personar som har slått seg saman og gjort eit felles innkjøp av paraplyar. Det blir rekna som forbrukarkjøp. Hadde klubben vore større og hatt ein fast organisasjon (vedtekter, styre, større økonomi osv.), kunne han blitt rekna som ein juridisk person. Forbrukarkjøp gjeld berre fysiske personar.
  11. Sidan pølsemakaren sel privatbilen sin til ein forbrukar og salet heller ikkje skjer i forretninga, må dette vere eit privatkjøp.
  12. Salet er eit privatkjøp. Katinka overfører eigedomsrett til eit formuesgode (billetten) mot vederlag i pengar.

3.1.2

  1. Tvisten blir løyst etter reglane i forbrukarkjøpslova dersom bilen er kjøpt til, og i vesentleg grad brukt til, privat bruk, jf. § 1.
  2. Tvisten blir løyst etter kjøpslova dersom bilen er kjøpt til bruk i gardsdrifta (næring) og i vesentleg grad brukt til dette, jf. § 1.