Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.1–3.2.3

3.2.1

Spørsmålet er om seljaren eller forbrukaren hadde risikoen då ulykka skjedde.

Sidan dette er eit forbrukarkjøp, skal spørsmålet løysast på grunnlag av reglane om risikoovergang i forbrukarkjøpslova, jf. § 14.

Kjøpet er eit sendekjøp der det blei avtalt at seljaren skulle ta kontakt med eit transportfirma og sørgje for frakt frå Kristiansand til Oslo. Etter § 14 fjerde ledd første setning er hovudregelen at risikoen går over til forbrukaren når han eller ho får vara i hende. Unntaksregelen om risikoovergang ved overlevering til fraktføraren gjeld berre dersom forbrukaren sjølv har gjeve fraktføraren transportoppdraget. I dette tilfellet var det seljaren og ikkje forbrukaren som gav fraktføraren transportoppdraget. Risikoen skal derfor plasserast ut frå hovudregelen. Seljaren, Designbo AS, hadde derfor risikoen då ulykka skjedde. Forbrukaren, Lars, er ikkje forplikta til å betale kjøpesummen før ny stol blir levert.

3.2.2

Spørsmålet er om det var seljaren eller forbrukaren som hadde risikoen då vindauga blei stolne.

Kjøpet er eit forbrukarkjøp, og spørsmålet skal løysast på grunnlag av reglane om risikoovergang i forbrukarkjøpslova, jf. § 14.

Kjøpet er eit hentekjøp. Det skal hentast hos seljaren, og då går risikoen for tap eller skade som skuldast «egenskaper ved tingen selv», over til forbrukaren ved unnlaten henting for ting som er stilt til disposisjon, jf. § 14 første ledd andre setning. I dette tilfellet blei vindauga stolne. Risikoen for ei slik hending blir ikkje ramma av regelen.

Det er opplyst at vindauga skulle hentast på lageret til seljaren. Nokre vil kanskje problematisere om dette er «et annet sted enn hos selgeren». Risikoen i slike tilfelle går over til forbrukaren når leveringstida er inne og forbrukaren er kjend med at tingen står til hans disposisjon. Lageret kan jo vere ein annan stad enn i forretningslokalet til seljaren. Regelen om henting på annan stad enn hos seljaren, vil truleg ramme henting på stader som ikkje høyrer seljaren, til dømes når ei vare skal hentast på ein bensinstasjon, transportterminal eller liknande. Eg går derfor ut frå at § 14 andre ledd ikkje kan brukast på dette forholdet.

Det er etter dette klart at tjuveriet var seljaren sin risiko. Ida har framleis krav på levering av tilsvarande vindauge.

3.2.3

Spørsmålet er om seljaren eller forbrukaren hadde risikoen for at kaka blei sur og uetande.

Kjøpet er eit forbrukarkjøp, og tvisten skal løysast på grunnlag av reglane om risikoovergang i forbrukarkjøpslova, jf. § 14.

Kjøpet er eit hentekjøp. Når forbrukaren ikkje hentar vara som avtalt, er hovudregelen at seljaren framleis har risikoen fram til tingen er teken over av forbrukaren, jf. § 14 første ledd første setning. Dette tilfellet kan subsumerast under unntaksregelen i § 14 første ledd andre setning, som seier at forbrukaren likevel har risikoen for tap eller skade som skriv seg frå eigenskapar ved tingen sjølv, til dømes forròtning. Det er nettopp eit slikt tap som synest å ha oppstått her.

Det kan problematiserast om det er seljaren som er skuld i hendinga, jf. § 13. Risikoreglane gjeld for tap eller skade som følgje av ei hending som ikkje kan tilskrivast seljaren. Seljaren har etter forbrukarkjøpslova § 60 omsorgsplikt for vara. Dersom han kunne unngått tapet ved å setje kaka i eit kjøleskåp eller fryst henne ned, er det han og ikkje forbrukaren som har risikoen. Det er derfor forsvarleg å kome til at det var seljaren som hadde risikoen for kaka.