Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.3.7–3.3.20

3.3.7

Seljaren er næringsdrivande som har selt teltet til Trine som forbrukar. Tvisten skal derfor løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Trine har sett fram eit krav om heving. Ein nødvendig føresetnad for å kunne heve er at reklamasjonsretten ikkje er tapt på grunn av § 27. Etter denne føresegna må Trine reklamere på teltet innan rimeleg tid etter at feilen blei eller burde blitt oppdaga. Mangelen blei oppdaga etter fire dagar av ferien. Dette kan tidfestast til 29. juni. Trine kom heim 25. juli og tok kontakt med seljaren straks. Vi kan derfor gå ut frå at ho reklamerte innan to månader som alltid er å rekne som innan rimeleg tid etter § 27 første ledd. Trine har derfor halde den relative reklamasjonsfristen.

Den absolutte reklamasjonsfristen på to eller fem år er ikkje tema i tvisten. Vi kan derfor leggje til grunn at alle reklamasjonsfristar er haldne.

Dei materielle krava for å heve kjøpet går fram av § 32. Det krevst ein mangel som ikkje er vesentleg. Kva som er ein mangel, blir avgjort av reglane i § 15, jf. § 16.

Spørsmålet om mangel blir her avgjort på grunnlag av § 15 første ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Vara skal vere i samsvar med det forbrukaren kan forvente. Dette tyder i praksis ei skjønnsmessig vurdering i lys av art, pris og eigenskapar ved vara. Trine må kunne forvente at teltet gjev rimeleg vern mot regnvêr. Når teltet lak som følgje av manglande impregnering, har det i utgangspunktet ein mangel.

Seljaren har innvendt at Trine burde undersøkt teltet før ho tok det i bruk. Seljaren siktar her til § 16 tredje ledd, der det heiter: «Forbrukeren ikke kan gjøre gjeldende som en mangel noe han eller hun kjente eller måtte kjenne til ved kjøpet.» Denne regelen er tenkt for synlege feil som burde vore oppdaga før det blei inngått bindande avtale. Det kan ikkje forlangast at ein forbrukar skal sjekke på førehand om eit telt toler vatn. Forholdet blir derfor ikkje ramma av § 16 tredje ledd. Vi kan etter dette konstatere at teltet har ein mangel.

Trine ønskjer kjøpet heva på grunnlag av § 32. Hovudregelen er at ein mangel berre gjev grunnlag for prisavslag. Heving er etter § 32 ein unntaksregel som gjeld dersom mangelen «ikke er uvesentlig». Det er ingen tvil om at eit telt som ikkje held vatnet ute, på grunn av manglande impregnering, «ikke er uvesentlig».

Trine kan heve kjøpet.

Trine krev også erstatning for ein vass-skadd iPad. Erstatningsansvaret til seljaren for tap forårsaka av mangel er regulert av § 33 første ledd. Omfanget av erstatninga kan her bli avgjort av §§ 52 og 54. Vass-skade på elektronisk utstyr som ein campingturist har med seg, er truleg ein pårekneleg følgjeskade, jf. § 52 første ledd andre punktum. Den som leverer eit telt som ikkje toler vatn, må kunne sjå føre seg at klede, elektroniske produkt og anna utstyr kan bli skadd som følgje av mangelen.

Seljaren kan truleg likevel bli redda av § 54, som gjev forbrukaren plikt til å avgrense tapet. Når Trine ser at det renn vatn inn i teltet, bør ho verne slike ting som ein iPad, til dømes ved å leggje han i ein plastpose. Dette har Trine forsømt, og ho må derfor bere tapet sjølv. Trine har ikkje krav på erstatning.

3.3.8

Katrine er forbrukar og selgjaren er i oppgåva omtalt som «forretninga». Eg går derfor ut frå at kjøpet er eit forbrukarkjøp, og tvisten skal då løysast med forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Katrine har kravd ny telefon. Dette er eit krav om omlevering, jf. forbrukarkjøpslova § 29 første ledd. Ein føresetnad for å nå fram med kravet er at det blei reklamert i tide. Katrine reklamerte «raskt» etter at ho oppdaga mangelen. Den relative reklamasjonsfristen i § 27 er derfor halden. Etter denne regelen har Katrine minst to månader på seg for å reklamere etter at mangelen blei oppdaga.

Mobiltelefonen blei kjøpt i januar 2018, og det blei reklamert i februar 2020. Det er meir enn to år etter kjøpet. Hovudregelen om absolutt reklamasjonsfrist på to år er overskriden, jf. § 27 andre ledd. Denne fristen er derimot fem år når tingen eller delar av han er meint å vare i vesentleg meir enn to år ved vanleg bruk.

Det er klart at kretskorta i ein mobiltelefon må forventast å vare vesentleg meir enn to år. Dette kan underbyggjast med RT2007-1274 (Mobiltelefondommen). Høgsterett la i denne dommen til grunn at ein mobiltelefon må forventast å vare minst 3–4 år, og det er vesentleg meir enn to år. Vi kan derfor gå ut frå at Katrine har ein absolutt reklamasjonsfrist på fem år. Det er derfor reklamert i tide.

Feilen må ikkje kome av feil bruk frå Katrine si side. Det går fram av § 26 at feilen ikkje må kome av forbrukaren eller forhold på hans side. Oppgåva skildrar dette som ei moglegheit. Dersom telefonen er brukt i strid med bruksrettleiinga, må det sannsynleggjerast at forbrukaren er skuld i feilen. Det trengst bevis. Spekulasjonar frå seljaren si side er ikkje nok. Eg konstaterer derfor at feilen ikkje låg hos Katrine.

Omleveringskravet byggjer på § 29 første ledd. Seljaren har ikkje tilbode retting etter § 29 første ledd. Katrine vil derfor ha krav på ny telefon dersom det er konstatert at telefonen har ein mangel. Mangel ligg føre i eit tilfelle som dette dersom telefonen ikkje svarar til det forbrukaren har grunn til å forvente, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Det følgjer av drøftinga ovanfor at ein mobiltelefon må forventast å vare vesentleg meir enn to år. Vi kan konstatere at telefonen har ein mangel. Katrine får derfor medhald i kravet om omlevering.

3.3.9

Hinna er forbrukar og seljaren er næringsdrivande. Kjøpet er derfor eit forbrukarkjøp som er regulert av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Det første spørsmålet blir om det blei reklamert i tide. Mangelen blei oppdaga på den første skituren 15. desember. Reklamasjonen kom 14. februar. Etter forbrukarkjøpslova § 27 første ledd må Hinna reklamere innan rimeleg tid etter at mangelen blir oppdaga, og rimeleg tid er aldri kortare enn to månader. Ho reklamerte ein dag før fristen på to månader gjekk ut. Hinna reklamerte derfor i tide.

Det andre spørsmålet blir om ho kan få nye ski. Hinna kan krevje nye ski dersom vilkåra i § 29 første ledd er oppfylte. Omlevering føreset at skia hadde ein mangel etter forbrukarkjøpslova, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Det er ein førsetnad at mangelen var til stades på kjøpstidspunktet, jf. § 18 første ledd.

Oppgåva gjev ikkje opplysningar om tidspunktet for når ripa oppstod. Forretninga hevdar at Hinna sjølv må ha forårsaka ripa. Skadar på skisolar oppstår vanlegvis når ein går på grus eller stein. Riper som oppstår på den måten, er manglar som kjem av forbrukaren, og dei kan etter § 26 første ledd ikkje gjerast gjeldande som grunn for krav mot seljaren.

Dersom det blir lagt til grunn at skia hadde riper allereie ved leveringa, vil § 16 tredje ledd kunne kome seljaren til unnsetning. Hinna vil ikkje kunne gjere gjeldande som mangel noko ho «kjente eller måtte kjenne til ved kjøpet». Eit raskt blikk på undersida av skia i samband med kjøpet kunne avslørt synlege riper. Den prinsipale konklusjonen min blir etter dette at Hinna ikkje får medhald.

Dersom vi legg til grunn at § 16 tredje ledd ikkje er til hinder for å gje Hinna medhald (subsidiær drøfting), og at ripa heller ikkje kom av korleis Hinna brukt skia, skal mangelen vurderast ut frå § 15 første ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Spørsmålet blir kva Hinna hadde grunn til å forvente. Det er klart at den som kjøper nye ski, kan forvente ripefrie solar på skia. Ripa er under desse føresetnadene ein mangel. I så fall får Hinna medhald.

3.3.10

Tvisten dreier seg om eit forbrukarkjøp sidan kjøparen er forbrukar og seljaren er ei forretning. Rettsspørsmåla blir derfor drøfta på grunnlag av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Reklamasjonsspørsmålet

Spørsmålet er om Inga reklamerte i tide. Etter forbrukarkjøpslova § 27 første ledd må ho reklamere innan rimeleg tid etter at mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Ho reklamerte straks etter at ho oppdaga mangelen i desember 2020. Spørsmålet blir så om ho burde oppdaga mangelen allereie vinteren 2019–2020.

Det var så lite snø den vinteren at fresaren ikkje blei brukt. Det kan derfor ikkje forlangast at Inga burde oppdaga feilen allereie den første vinteren. Ho har derfor ikkje tapt retten til å reklamere.

Hevingsspørsmålet

Grunnlaget for å krevje kjøpet heva går fram av forbrukarkjøpslova § 32. Etter denne regelen er vilkåret for å heve kjøpet at tingen har ein mangel som ikkje er uvesentleg. Eg avgjer spørsmålet om mangel på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Inga har krav på ein snøfresar som svarar til det ho har grunn til å forvente med omsyn til haldbarheit og andre eigenskapar. Dersom snøfresaren kastar snøen mykje kortare enn snøfresarar flest i denne prisklassen, ligg det føre ein mangel.

Det går også fram av faktum at fresaren ikkje har dei eigenskapane han skal ha ifølgje dei opplysningane som er gjevne i bruksrettleiinga, jf. § 16 første ledd bokstav c. Ut frå dette kan vi også leggje til grunn at fresaren har ein mangel.

Sidan snøfresaren nesten ikkje kan brukast til føremålet sitt, og ikkje har dei eigenskapane som følgjer av bruksrettleiinga, må vi konstatere at snøfresaren oppfyller vilkåret i § 32 for å heve kjøpet. Inga må av den grunn kunne velje å avvise tilbodet frå seljaren om prisavslag. Inga har krav på heile kjøpesummen tilbake mot å levere snøfresaren tilbake til kjøparen, jf. forbrukarkjøpslova § 49.

3.3.11

Læraren har løysingsforslag

3.3.12

Une er ein forbrukar, og seljaren er omtalt som «forretninga», altså ein næringsdrivande. Kjøpet er eit forbrukarkjøp som skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Heving

Retten til å heve kjøpet går fram av § 32. Det krevst ein mangel som ikkje er uvesentleg.

Det går fram av § 32 at heving føreset at tingen har ein mangel. Spørsmålet om mangel skal vurderast på grunnlag av § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Det ligg føre ein mangel dersom kjøpsgjenstanden ikkje svarar til «det som forbrukeren har grunn til å forvente ved kjøp av en slik ting».

Den som kjøper ein ullgenser, må forvente noko krymping sjølv om genseren blir vaska i tråd med bruksrettleiinga, men ikkje så mykje som her. Genseren krympa fleire storleikar og blei ubrukeleg for Une. Det var ikkje å forvente. Vi konstaterer at genseren hadde ein mangel.

Heving føreset at mangelen ikkje er «uvesentlig», jf. § 32. Det er openbert at ein mangel som fører til at genseren blir ubrukeleg for forbrukaren, er ein ikkje uvesentleg mangel. Kjøpet kan hevast.

Prisavslag

Sjølv om Une kan heve kjøpet, kan ho velje prisavslag i staden. Retten til å krevje prisavslag går fram av § 31. Vilkåret for prisavslag er at det ligg føre ein mangel, og mangelen treng ikkje vere vesentleg. Det er konstatert ovanfor at det ligg føre ein mangel. Une har derfor krav på prisavslag.

Prisavslaget skal i utgangspunktet setjast til verdireduksjonen. Krympinga reduserer kanskje ikkje verdien så mykje, men føresegna gjev også høve til skjønnsmessig prisavslag basert på kva mangelen har å seie for forbrukaren. Her har mangelen svært mykje å seie fordi genseren blei ubrukeleg for Une. Ein viss verdi har han dersom ho kan gje han vekk som gåve eller selje han rimeleg til andre. Prisavslaget kan bli nesten like stort som kjøpesummen.

3.3.13

Læraren har løysingsforslag

3.3.14

Jon er forbrukar, og Bygghus AS er næringsdrivande. Kjøpet er derfor eit forbrukarkjøp, og tvisten skal løysast med forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Jon har kravd prisavslag

Jon kravde prisavslag etter § 31. Vilkåret er at det ligg føre ein mangel, og at tingen ikkje blir retta eller omlevert etter §§ 29 og 30. Det er opplyst at seljaren ikkje var i stand til å levere ny vare innan rimeleg tid. Retten til prisavslag blir derfor berre eit spørsmål om vara har ein mangel.

Det ligg føre ein mangel når ei vare ikkje er i samsvar med avtalen, jf. § 15 første ledd, jf. § 16 første ledd bokstav a. Døra er ikkje i samsvar med avtalen. Tingen har derfor ein mangel, og Jon har krav på prisavslag.

Storleiken på prisavslaget

Neste spørsmål blir å avgjere storleiken på prisavslaget. Vi føreset at den avtalte prisen på kr 5 000 også svarar til verdien av tingen i «kontraktsmessig stand». Prisavslaget kan då setjast til differansen mellom verdien av tingen i mangelfull og kontraktsmessig stand, jf. § 31 første ledd. Objektivt sett har seljaren rett i at ei 100 cm brei dør er like verdifull som ei 90 cm brei dør. Det skulle leie til at det ikkje ligg føre ein verdireduksjon som kan gje grunnlag for prisavslag. Prisavslaget kan i staden bli sett ut frå kor mykje mangelen har å seie for forbrukaren, jf. § 31 andre ledd. Sidan mangelen førte til at Jon måtte utvide døropninga og av den grunn blei påført kostnader på kr 1 000, ligg det føre tilstrekkeleg grunn til å rekne prisavslaget til den økonomiske konsekvensen feilen hadde for Jon som forbrukar. Jon får medhald.

Jon kunne alternativt kravd erstatning for utgiftene til å utvide døropninga, jf. § 33. Det kravet ville også ført fram.

3.3.15

Læraren har løysingsforslag

3.3.16

Jerad er forbrukar, og Interiørspesialisten AS er næringsdrivande. Kjøpet er derfor eit forbrukarkjøp etter forbrukarkjøpslova § 1, og tvisten skal løysast med denne lova.

Jerad hevar kjøpet og krev kjøpesummen tilbake. I tillegg krev han erstatning.

Hevingskravet

Kjøpet kan hevast på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 32. Det krevst ein mangel som ikkje skriv seg frå forbrukaren (§ 26), og at denne mangelen ikkje er uvesentleg.

Vi føreset at alle reklamasjonsfristar er haldne sidan oppgåva ikkje gjev nærare opplysningar om tidspunkta for når feila blir oppdaga, og når det blei reklamert.

Etter § 26 må feilen ikkje skrive seg frå forbrukaren. Det er opplyst at det var ein feil med limet. Vi kan derfor sjå vekk frå at problema kom av feil blanding med vatn, eller at bruksrettleiinga ikkje er følgd på ein eller annan måte. Feilen skriv seg ikkje frå Jerad som forbrukar.

Jerad har etter § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a, krav på lim som svarar til det som kan forventast av slikt lim. Når tapetet fell av trass i korrekt bruk av limet, kan vi konstatere mangel.

Sidan limet nærast er ubrukeleg, er mangelen ikkje «uvesentlig». Jerad får derfor medhald i hevingskravet.

Ved heving fell plikta til partane om å oppfylle kjøpet bort, jf. § 49. Det mottekne skal leverast tilbake, jf. § 49 andre ledd. Forbrukaren kan tape kravet om heving dersom han ikkje kan levere tingen tilbake i vesentleg same stand og mengd som han fekk han, jf. § 51. Det kan Jerad sjølvsagt ikkje sidan tapetet er øydelagt og ubrukeleg. Hevingsretten går likevel ikkje tapt dersom årsaka til den manglande tilbakeleveringa var forhold ved tingen sjølv eller andre forhold som ikkje kjøparen er skuld i. Dette følgjer av § 51 første ledd bokstav a. Vi kunne også ha kommentert bokstav c, at tingen er forbrukt eller forandra under føresett bruk. Jerad har derfor hevingsretten i behald og får medhald i hevingskravet.

Erstatningskravet

Jerad krev erstatning for utgiftene til nytt lim og tapet, og utgiftene til å fjerne det mislykka tapetet og reinske veggene. Ansvarsgrunnlaget er § 33. Seljaren har etter § 33 første ledd eit objektivt erstatningsansvar. Det er nok for ansvarsgrunnlaget at det ligg føre ein mangel som har ført til skaden. Dette vilkåret er oppfylt.

Kva som skal erstattast, må vurderast i forhold til reglane i kapittel 11 i lova. Sidan Jerad har gjort eit dekningskjøp, skal differansen mellom prisen etter dekningskjøpet og kjøpesummen erstattast, jf. § 53 første ledd. Det krevst likevel at dekningskjøpet er «forsvarlig». Det inneber at dekningsprisen må svare til vanleg pris. Dessutan har Jerad etter § 54 plikt til å avgrense tapet. Det kan mellom anna gjerast ved å gje seljaren høve til å skaffe nytt lim billegare. Jerad risikerer avkorting i denne delen av erstatninga dersom det blir godtgjort at Interiørspesialisten kunne skaffa mangelfritt lim på billegare måte. I mangel av nærare opplysningar om desse forholda, går vi ut frå at Jerad har krav på å få meirutgiftene til dekningskjøpet erstatta fullt ut.

Utgiftene til å fjerne det mislykka tapetet og reinske veggen er eit pårekneleg tap som følgje av mangelen. Det skal erstattast. Dette kan underbyggjast med RT-1974-269 Hydratkalkdommen, der ein leverandør av mangelfull pussmørtel måtte betale erstatning for å fjerne den mislykka pussen og reingjere flatene. Jerad får medhald i erstatningskravet.

3.3.17

Læraren har løysingsforslag

3.3.18

Læraren har løysingsforslag

3.3.19

Nina er forbrukar, men det kan reisast tvil om seljaren her skal reknast for å opptre i næringsverksemd, slik at forbrukarkjøpslova kjem til bruk. Det er opplyst at seljaren var profesjonell musikar, og i samband med det kan det argumenterast med at sal av eit piano er å sjå på som sal av eit driftsmiddel som han brukte i næringsverksemda si. Det talar for at kjøpet er eit forbrukarkjøp, jf. forbrukarkjøpslova § 1. I ei tilsvarande sak frå Forbrukartvistutvalet (FTU-2006- 574) blei likevel seljaren av eit gammalt piano rekna som privat seljar trass i at han blei omtalt som ein erfaren pianospelar og organist. Tvisten i denne saka blei derfor løyst etter kjøpslova av 1988. Eg legg til grunn at kjøpet i vår sak er eit forbrukarkjøp.

Nina hevar kjøpet

Heving av kjøpet føreset at pianoet har ein ikkje uvesentleg mangel, jf. forbrukarkjøpslova § 32. Spørsmålet om pianoet har mangel, blir avgjort etter § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Tingen har mangel dersom han «ikke svarer til forbruker har grunn til å forvente ved kjøp av en slik ting».

Pianoet er gammalt og treng stemming. Spørsmålet er om det likevel var i «god stand», sett i lys av alder og pris. Det følgjer også av § 16 første ledd bokstav c at tingen har ein mangel dersom han ikkje svarar til opplysningar som seljaren i marknadsføring eller elles har gjeve om tingen. Seljaren har i salsannonsen opplyst at pianoet var i «god stand». Denne opplysninga er kanskje ikkje heilt korrekt når det viste seg at pianoet måtte reparerast for kr 25 000. «God stand» for eit 70 år gammalt piano treng ikkje tyde noko anna enn at det framleis er mogleg å spele på, noko det var. Nina tok ein risiko og måtte vere førebudd på at pianoet kunne ha ei rekkje feil, sjølv om det stod i annonsen at det var i god stand. Piano i denne aldersklassen er nærast restaureringsobjekt, og den som kjøper slikt, tek ein kalkulert sjanse.

Det følgjer også av § 16 tredje ledd at ein forbrukar ikkje kan «gjøre gjeldende som mangel noe han eller hun kjente eller måtte kjenne til ved kjøpet». Det kan derfor argumenterast med at ho burde undersøkt pianoet nærare før kjøpsavtalen blei inngått. Ho kunne på den måten oppdaga at pianoet trong stemming, og at dette kunne vere ein indikasjon på at instrumentet trong reparasjonar.

I ei tilsvarande sak i Forbrukartvistutvalet (FKU-2006-574) fekk forbrukaren ikkje medhald. Argumentasjonen til utvalet er gjeven att nedanfor. Det som avgjorde saka, var den kalkulerte risikoen forbrukaren tok ved å kjøpe eit nesten hundre år gammalt piano.

Eg går derfor ut frå at pianoet ikkje har ein mangel etter lova. Nina får ikkje medhald i hevingskravet.

Prisavslag

Oppgåva spør etter ei vurdering av rettane til forbrukaren. Alle dei eventuelle krava til Nina er avhengige av av om pianoet har ein mangel. Spørsmålet om prisavslag blir derfor ei subsidiær drøfting der vi føreset at pianoet har ein mangel. Under denne føresetnaden er det klart at Nina har krav på prisavslag etter § 31.

Seljaren har opplyst at han ikkje har kompetanse til å reparere pianoet. Vi går derfor ut frå at seljaren ikkje tilbyr retting som nemnt i § 29 tredje ledd.

Prisavslaget skal setjast til differansen mellom verdien av tingen i kontraktsmessig og mangelfull tilstand, jf. § 31 første ledd. Dersom det krevst større utgifter enn kjøpesummen for å setje tingen i kontraktsmessig stand, vil prisavslaget bli det same som kjøpesummen. Resultatet blir altså det same som ved heving.

Erstatning

Nina kan velje å krevje erstatning etter § 33 i staden for heving eller prisavslag. Seljaren har etter § 33 objektivt erstatningsansvar som følgje av at tingen har ein mangel. Mangelen har forårsaka eit tap på kr 25 000, og dette tapet ser ut til å vere ei pårekneleg følgje av mangelen. Det er ingen opplysningar i oppgåva som tyder på at Nina kunne avgrensa tapet, jf. § 54. Konklusjonen blir i så fall at ho ville hatt krav på å få reparasjonskostnadene erstatta dersom pianoet blir rekna for å ha ein mangel.

Kommentar

Denne oppgåva byggjer på ei avgjerd i Forbrukarklageutvalet (FKU-2006-574). Denne saka blei rekna for å dreie seg om eit privatkjøp. Tvisten blei vurdert på grunnlag av kjøpslova av 1988. Tilsvarande argumentasjon ville blitt brukt dersom tvisten hadde vore løyst etter forbrukarkjøpslova.

Vi gjev att argumentasjonen til Forbrukartvistutvalet for at kjøparen burde få medhald:

«Kjøp av et piano som opplyses å være 80–90 år gammelt uten nærmere dokumentasjon av tilstanden, innebærer en risiko som klagerne må ha vært klar over ved kjøpet. At pianoet viste seg å være enda litt eldre enn opplyst, kan ikke ha nevneverdig betydning ved vurderingen av klagen. Utvalget kan heller ikke se at det kan være noe å bebreide innklagde for de opplysninger som ble gitt før kjøpet, eller at opplysningene kan sies å ha vært objektivt uriktige, jf. kjøpslovens § 17 første ledd og § 18. Selv om det har vist seg at det vil være nødvendig med mer omfattende tiltak enn å skifte et par dempere, må opplysningene om pianoet etter sakens natur ha vært så usikre at det ikke kan konkluderes med at pianoet har mangel i forhold til det som ble avtalt eller opplyst før kjøpet.»

Utvalet vil også peike på at klagarane først reklamerte meir enn eitt år etter kjøpet. Det kan reisast spørsmål om denne reklamasjonen er for sein etter kjøpslova § 32 første ledd om plikt til reklamasjon innan rimeleg tid etter at mangelen blei eller burde ha blitt oppdaga. Utvalet vil her vise til § 31 første ledd om at kjøparen har plikt til etter leveringa å undersøkje salsgjenstanden slik god skikk tilseier, så snart kjøparen har rimeleg høve til dette. Med tanke på at saka gjeld eit piano som etter opplysningane var nærare hundre år gammalt, burde klagarane ha fått dette undersøkt på eit langt tidlegare tidspunkt. Dette gjeld særleg ettersom klagarane no hevdar at dei føresette at pianoet ville fungere godt som instrument. Utvalet ser det i lys av dette slik at klagarane har teke ein sjanse ved kjøpet, og at dei ikkje meir enn eitt år seinare kan hevde at pianoet var i dårlegare stand enn dei forventa. Klagarane kan etter dette ikkje få medhald i klaga. Forbrukartvistutvalet gjer slikt vedtak: «Klagen tas ikke til følge. Vedtaket er enstemmig.»

Vi ser at det er skilnader i faktum mellom oppgåva og FKU-2006-574 som kan grunngje ulikt resultat. Det er fullt forsvarleg å kome til at pianoet i oppgåva har ein mangel dersom det blir lagt større vekt på skildring av annonsen (god stand) og mindre vekt på alderen til pianoet.

3.3.20

Fredrik er som kjøpar ein forbrukar, men det er tvil om seljaren «opptrer i næringsvirksomhet», jf. forbrukarkjøpslova § 1. Oppgåva opplyser at Jonas dreiv med kjøp og sal av gamle bilar. Han må ikkje ha eit registrert firma for å bli rekna som næringsdrivande. Spørsmålet er om det han driv med har eit tilstrekkeleg omfang til å seie at han driv næringsverksemd. Eg legg til grunn for den vidare drøftinga at kjøpet er eit forbrukarkjøp, og at tvisten derfor skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova.

Hevingsspørsmålet

Spørsmålet er om Fredrik kan heve kjøpet. Heving føreset ein mangel som ikkje er uvesentleg, jf. § 32. Bilen er seld som han står. Eg skal derfor løyse spørsmålet om mangel på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 17.

Når ein bil blir seld med slikt atterhald, har forbrukaren ei særleg oppmoding til å undersøkje bilen på førehand. Atterhaldet verkar inn på kva forbrukaren har grunn til å forvente av bilen. Tingen har likevel mangel dersom han er i «dårligere stand enn forbrukeren med rimelighet hadde grunn til å forvente». Spørsmålet blir om det var rimeleg at Fredrik kunne forvente ein bil som ikkje hadde startmotor som måtte skiftast. Denne vurderinga skal gjerast i lys av kjøpesummen, som her er høg (kr 175 000), og forholda elles, til dømes at bilen var relativt ny (4 år). Når eg vurderer dette i lys av atterhaldet, har eg kome til at ein reparasjon på kr 10 000 er noko som Fredrik måtte forvente. Utsliten startmotor var derfor ingen mangel.

Det er også eit spørsmål om panteheftet er ein mangel som kan gje grunnlag for heving. Tredjemanns panterett er mangel etter § 15 første ledd bokstav g, jf. § 16 første ledd bokstav a. Panteretten tyder at Fredrik må betale kr 50 000 til panthavaren dersom han skal unngå at bilen blir tvangsseld for inndriving av gjelda. Eit så stort pantehefte som dette utgjer ein ikkje uvesentleg del av kjøpesummen, det vil seie ein ikkje «uvesentleg» rettsleg mangel. Han kan derfor heve kjøpet etter § 32 på dette grunnlaget.

Seljaren kan unngå hevingskravet ved å tilby «retting» av mangelen, jf. § 29 tredje ledd. Det skjer ved at seljaren sørgjer for betaling av gjelda, slik at panteheftet blir sletta.

Prisavslag

Fredrik kan velje å krevje prisavslag i staden for heving, jf. § 31. Vi har kome til at den utslitne startmotoren ikkje var ein mangel. Han gjev derfor ikkje grunnlag for prisavslag.

Panteheftet er derimot ein mangel. Prisavslaget skal derfor reknast ut som differansen mellom bil med og utan hefte. Prisavslaget skal derfor dekkje alle utgifter som er knytte til å få panteheftet sletta. Det vil seie kr 50 000 + eventuelle renter og gebyr.