Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 63

  1. Kva kan vere kontraktbrot frå seljarsida?

    Kontraktbrot (mishald) frå seljaren si side kan handle om forseinka/manglande levering eller levering av mangelfull vare.

    Forseinking blir på fagspråket også kalla seljarmora. Ordet «mora» tyder «forseinking».

    Kontraktbrot er eit objektivt omgrep der ein berre konstaterer forseinking eller mangel utan å trekkje inn årsaka. Kontraktbrot kan liggje føre sjølv om seljaren ikkje har skuld i årsaka til mishaldet i det heile teke.

  2. Kva slags forhold på forbrukarsida kan føre til at forseinking ikkje er kontraktbrot frå seljarsida?

    Paragraf 19 set som vilkår for krava til kjøparen at forseinkinga ikkje må kome av forbrukaren eller forhold på hans side.

    Som døme kan vi tenkje oss ei vare som skal leverast innan ein bestemt dag. Leveringa blir rekna som gjennomført når tingen blir overteken av forbrukaren, jf. § 7. Utan nærare avtale skal vara hentast, jf. § 5. Dersom forbrukaren av ein eller annan grunn ikkje kjem og hentar varan innan den fastsette dagen, blir ho ikkje overteken innan fristen. Vara står til disposisjon for kjøparen, men ho blir ikkje overført til han fysisk innan fristen på grunn av forhold på forbrukaren si side. Forbrukaren kan derfor ikkje hevde nokon av dei krava som er nemnde i § 19.

    Det kan også oppstå tilfelle der forseinkinga kjem av at forbrukaren ikkje har gjeve rett leveringsadresse, eller tilfelle der leveringa føreset ei forskotsbetaling eller trygd for betalinga som forbrukaren endå ikkje har ordna.

  3. Når går risikoen for vara over frå seljaren til forbrukaren?

    Spørsmålet om risikoovergang er regulert i § 14. Vi kan skilje mellom hentekjøp og sendekjøp.

    Ved hentekjøp går risikoen over når vara blir henta og forbrukaren hand om henne, fordi vara då er levert i samsvar med § 7. Dette er hovudregelen. Vara kan derfor som hovudregel bli ståande hos seljaren for seljaren sin risiko sjølv om forbrukaren ikkje hentar tingen innan avtalt tidspunkt. Men ingen regel utan unntak: Forbrukaren har likevel risikoen for skade eller tap som kjem av rotning eller liknande.

    Ved sendekjøp kan vi skilje mellom seljaren sin og forbrukaren sin fraktførar. Dersom vara blir send med fraktføraren til seljaren, går risikoen også over når vara blir overteken av forbrukaren eller ein tredjeperson som han har peika ut til å ta imot vara. Løysinga er den same som ved hentekjøp: Risikoen går over ved fysisk overlevering til forbrukaren. Dersom vara blir send med fraktføraren til forbrukaren, det vil seie eit firma som har fått transportoppdraget av forbrukaren utan medverknad frå seljaren, går risikoen over når vara blir overteken av denne fraktføraren. Går vara tapt eller blir skadd i eit slikt tilfelle medan ho er undervegs til forbrukaren, har forbrukaren risikoen. Han eller ho risikerer å måtte betale kjøpesummen sjølv om vara forsvann undervegs på grunn av tjuveri, brann, trafikkulykke osv. Det blir forbrukaren si sak å rette krav mot transportselskapet.

    Det er viktig å merkje seg regelen om varer som er kjøpte med angrerett etter angrelova eller med avtalt angrerett, jf. § 14 femte ledd andre punktum. Dersom vara går tapt på grunn av hendeleg uhell medan ho er hos forbrukaren, har seljaren framleis risikoen etter at vara kom forbrukaren i hende. Seljaren har risikoen fram til utløpet av angreretten. Dette kjem vi tilbake til når vi behandlar angreretten lenger ut i kapittel 3. Dersom vara derimot går tapt på grunn av aktløyse hos forbrukaren, er det ikkje eit hendeleg uhell. Då må forbrukaren bere tapet sjølv, sjølv om angrefristen ikkje er ute.