Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 59

  1. Kva er eit forbrukarkjøp?

    Eit forbrukarkjøp har vi når ein fysisk person, som ikkje hovudsakleg opptrer i næringsverksemd, kjøper ein ting av ein næringsdrivande, jf. forbrukarkjøpslova § 1 første ledd, sjå andre og tredje ledd. Kort sagt: Kjøparen må vere forbrukar, og seljaren må vere næringsdrivande. Kjøper du ei lærebok hos bokhandlaren, er det eit forbrukarkjøp, men ikkje dersom du kjøper ei brukt bok av ein elev.

    Forbrukarkjøpsomgrepet blei vesentleg utvida, og næringskjøp blei tilsvarande innskrenka, då forbrukarkjøpslova av 2002 blei vedteken. Tidlegare var det eit vilkår at forbrukarkjøp hadde privat bruk som hovudføremål. No er det tilstrekkeleg at kjøparen er ein forbrukar som ikkje hovudsakleg opptrer i næringsverksemd.

    Når arbeidstakarar kjøpte noko til bruk i yrket sitt, blei det tidlegare rekna som næringskjøp. Etter 2002 blir slike yrkeskjøp i arbeidstakarforhold rekna som forbrukarkjøp. Ein tilsett fiskar som kjøper ein regndress for å bruke han på jobben, har gjort eit forbrukarkjøp som før var næringskjøp. Tilsvarande gjeld for ein skogsarbeidar som kjøper ei motorsag, eller ein tilsett snikkar som kjøper ein drill for å bruke tingen i yrkesutøvinga si. På den måten blir slike kjøp verna av forbrukarlovgjevinga, med ufråvikelege lovføresegner, og tvistar kan bli behandla av Forbrukarklageutvalet.

    Det hender at ein person er arbeidstakar og driv næringsverksemd ved sida av jobben. Eit døme kan vere ein lærar som skriv bøker ved sida av jobben. Inntekt av bøkene er næringsinntekt, og innkjøp til bruk i denne verksemda kan vere næringskjøp, ikkje forbrukarkjøp. Kjøp av bøker, PC osv. til bruk i forfattarverksemda vil kunne vere næringskjøp dersom forbrukaren hovudsakleg opptredde i næringsverksemd ved kjøpet. Dersom forfattarføremålet ikkje var hovudsaka, er det eit forbrukarkjøp.

    I ein dom frå Gulating lagmannsrett (LG-2018-177971, kalla Bubildommen) var det tvil om kjøp av ein bubil som dels var kjøpt for å bli brukt i næringsverksemd, var forbrukarkjøp eller næringskjøp. Bubilen var seld som han stod, og spørsmålet var om han likevel hadde mangel. Retten resonnerte seg fram til at vilkåra for å konstatere mangel i dette tilfellet var dei same etter begge lovene. Retten løyste derfor spørsmålet om lovval ved å seie at det ikkje var nødvendig å ta stilling til problemet.

  2. Kva er eit privatkjøp?

    Eit privatkjøp er kjøp av ting mellom forbrukarar. Eit slikt kjøp har vi når du kjøper ein moped til privat bruk av ein ven som ikkje opptrer i næringsverksemd. Tvistar blir løyste etter kjøpslova av 1988, men blir behandla i Forbrukarklageutvalet, jf. forbrukarklagelova § 1 første ledd.

    Det kan skje at ein seljar som er næringsdrivande, av og til sel personlege eller private ting til ein forbrukar. Ein bonde, snikkar eller røyrleggjar må også kunne nyte godt av det mindre omfattande seljaransvaret i kjøpslova når dei opptrer i marknaden som privatpersonar. Ein bonde må kunne selje eit antikvarisk skåp eller andre private gjenstandar til ein privatperson utan å vere ein næringsdrivande seljar med det ansvaret som forbrukarkjøpslova gjev. Det avgjerande er om bonden opptrer i næringsverksemd ved salet.

    Les meir i svaret på spørsmål 1 om grensa mellom forbrukarkjøp og privatkjøp.

  3. KHva er eit næringskjøp?

    Næringskjøp er kjøp mellom næringsdrivande i eller for verksemda deira. Sal av varer frå produsent til grossist og frå grossist til detaljist er typiske næringskjøp. Tvistar blir løyste etter kjøpslova av 1988, og dei blir ikkje behandla i Forbrukarklageutvalet, jf. forbrukarklagelova § 1 fjerde ledd bokstav c.

  4. Kva slags kjøp blir regulerte av forbrukarkjøpslova?

    Forbrukarkjøpslova regulerer forbrukarkjøp, jf. § 1.

  5. Kva slags kjøp blir regulerte av kjøp?

    Kjøpslova av 1988 regulerer privatkjøp og næringskjøp, jf. § 1.

  6. Kva meiner vi med at ei lov er ufråvikeleg?

    At ei lov er ufråvikeleg, vil seie at ho ikkje kan fråvikast ved avtale. Eit meir fagleg ord for «ufråvikeleg» er «preseptorisk». Ufråvikelege lovføresegner står derfor i motsetnadsforhold til prinsippet om avtalefridom. Dei generelle prinsippa i kontraktsretten om avtalefridom føreset lojale og likeverdige kontraktspartar. Når denne føresetnaden sviktar, er det aktuelt med ufråvikelege lovføresegner. Føremålet er å sikre interessene til den svake parten i avtaleforholdet. Vi har ufråvikelege lovføresegner på område som tomtefeste (leige av husgrunn), kjøp av fast eigedom, kjøp av ting, kjøp av tenester, og i lover på ei rekkje andre rettsområde der det er behov for å verne forbrukarane.

    Eit nytt døme kan hentast frå reglane om framtidsfullmakt i verjemålslova. Ein avtale om å gje nokon framtidsfullmakt frå det tidspunktet fullmaktsgjevaren eventuelt blir sinnslidande eller på annan måte ute av stand til å ta vare på seg sjølv, kan ikkje omfatte handlingar som nemnt i verjemålslova § 80 tredje ledd. Ein kan til dømes ikkje gje framtidsfullmakt til å setje opp eller kalle tilbake testament, erkjenne farskap, inngå ekteskap m.m.

  7. Kva for kjøp har ufråvikelege lovreglar?

    Forbrukarkjøp er regulert av ufråvikelege lovreglar, jf. forbrukarkjøpslova § 3. Dette inneber til dømes at partane ikkje kan avtale at seljaren ikkje skal ha kontraktsrettsleg erstatningsansvar, eller at kjøparen fråskriv seg retten til å heve kjøpet.

  8. Kva for kjøp har fråvikelege lovreglar?

    Privatkjøp og næringskjøp er regulert av fråvikelege lovreglar, jf. kjøpslova § 3. Avtalar om privatkjøp eller næringskjøp som ein i prinsippet kan inngå fritt utan å bli ramma av ufråvikelege føresegner, kan likevel bli kjende ugyldige etter reglane i avtaleretten. Reglane om ugyldigheit i avtalelova blir behandla i kapittel 4 i læreboka.