Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.2.4–3.2.9

3.2.4

Kjøpet er eit forbrukarkjøp og skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova.

Spørsmålet er om Petter kan heve kjøpet på grunn av den forseinka leveringa. Grunnlaget for å heve eit kjøp på grunn av forseinking finn vi i § 23. Petter kan heve kjøpet etter å ha sett ein rimeleg tilleggsfrist, jf. § 23 første ledd. Kva som er rimeleg tilleggsfrist, må vurderast konkret.

Det kan kommenterast at forbrukarar alltid har krav på levering innan 30 dagar dersom leveringstidspunktet ikkje er avtalt, jf. § 6. Det kan derfor argumenterast med at ein tilleggsfrist på inntil 30 dagar er rimeleg i eit tilfelle som dette. Oppgåva har ingen opplysningar som tilseier at ein rimeleg tilleggsfrist bør vere kortare, men det er heller ikkje noko som tilseier at seljaren skal få ein vesentleg lengre frist. Tre månader tilleggsfrist er urimeleg for kjøparen.

Eg konstaterer at leveringa ikkje vil skje innan ein rimeleg tilleggsfrist. Petter kan derfor heve kjøpet.

Det kan reisast spørsmål om kjøparen må vente til utløpet av ein rimeleg tilleggsfrist for å kunne heve kjøpet, eller om han kan heve kjøpet allereie no. Etter forbrukarkjøpslova § 23 andre ledd kan forbrukaren heve kjøpet omgåande dersom seljaren «har nektet å levere». Dette må forståast slik at kjøpet kan hevast allereie no dersom seljaren klart og tydeleg seier at han ikkje kan levere innan tilleggsfristen. Heving omgåande følgjer også av reglane om forventa kontraktbrot, jf. forbrukarkjøpslova § 55, jf. kjøpslova av 1988 § 62. (Reglane om forventa kontraktbrot er ikkje behandla i læreboka.)

3.2.5

Det kan reisast noko tvil om kjøpet er eit forbrukarkjøp eller eit privatkjøp. Ola er gardbrukar og opptredde truleg i næringsverksemd (forbrukarkjøpslova § 1) då han selde hesten. Hest er vanlegvis eit driftsmiddel på ein gard, og sal av driftsmiddel er ein naturleg del av gardsdrifta. Vi går derfor ut frå at kjøpet er eit forbrukarkjøp.

Oppgåva reiser også spørsmål om risikoovergang. Dette spørsmålet løyser vi på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 14, jf. §§ 6 og 7. Risikoen for hesten går over når han er teken over av forbrukaren. Teken over blir tolka som at forbrukaren må ha fått hand om hesten, og det har han ikkje når hesten framleis er hos seljaren. Det var derfor seljaren som hadde risikoen då lynet drap hesten.

Hesten kan ikkje leverast som avtalt fordi han blei drepen. Vi kan derfor konstatere at det vil oppstå forseinking i form av manglande levering. Etter forbrukarkjøpslova § 23 skal forbrukaren setje ein rimeleg tilleggsfrist, og først etter utløpet av tilleggsfristen kan kjøpet hevast.

Det er likevel klart at hesten aldri kan bli levert innanfor ein kvar tilleggsfrist. I slike tilfelle kan vi bruke reglane om forventa kontraktbrot, og då gjeld forbrukarkjøpslova § 55, som mellom anna viser vidare til kjøpslova av 1988 § 62. Her blir det fastsett at kjøparen kan heve kjøpet allereie før det avtalte leveringstidspunktet dersom det er klart at kontraktsbrotet vil gje kjøparen hevingsrett. Vi kan derfor konstatere at Ida kan heve kjøpet omgåande.

3.2.6

Læraren har løysingsforslag

3.2.7

Læraren har løysingsforslag

3.2.8

Læraren har løysingsforslag

3.2.9

Læraren har løysingsforslag