Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øving 3.4.1–3.4.8

3.4.1

  1. Angrerettlova gjeld ikkje. Salet skjer i dei faste forretningslokala til seljaren, jf. angrerettlova § 1 første ledd.
  2. Angrerettlova gjeld ikkje. Kjøpet er ikkje eit forbrukarkjøp fordi kjøparen ikkje er forbrukar, jf. forbrukarkjøpslova § 1, jf. angrerettlova § 5 bokstav a.
  3. Angrerettlova gjeld i utgangspunktet etter § 1, men kjøpet er likevel unnateke verkeområdet til lova etter § 2 bokstav g fordi den samla kontraktssummen er under kr 300.
  4. Angrerettlova gjeld for auksjonar. Angrefristregelen i §§ 20 og 21 i lova har likevel unntak for «offentlige auksjoner», jf. § 22 bokstav l. Vi går ut frå at bilauksjonen på Økern er ein offentleg auksjon, jf. § 5 bokstav h. Det presise svaret er at dei andre reglane i lova, til dømes om opplysningsplikter før avtaleinngåing (§ 8) gjeld, men ikkje dei reglane som knyter seg til angrefristen.
  5. Angrerettlova gjeld ikkje. Dette er eit privatkjøp fordi pølsemakar Jensen ikkje opptrer i næringsverksemd (som pølsemakar) når han sel den private personbilen sin, jf. § 1. Ser ein det likevel som forbrukarkjøp, vil angrerettlova heller ikkje gjelde fordi salet skjer frå dei faste forretningslokala til seljaren.
  6. Angrerettloven gjeld fordi postordresal er fjernsal, jf. § 1 femte ledd bokstav b. Sidan den samla kontraktssummen er over kr 300, kjem ikkje § 2 bokstav g til bruk.
  7. Angrerettlova gjeld fordi telefonsal er fjernsal, jf. § 1 femte ledd bokstav b.
  8. Angrerettlova gjeld ikkje. Bestilling over telefon utan at det er organisert telefonsal, er ikkje å rekne som fjernsal etter § 5 bokstav b.
  9. Angrerettlova gjeld ikkje i dette tilfellet. Lova gjeld i utgangspunktet for utleige av hybel. Dette følgjer av § 2 bokstav b som uttrykkjeleg seier at utleige er eit unntak frå unntaksregelen, og av § 1, som seier at lova også gjeld sal av tenester. Men lova gjeld berre sal av tenester (inkludert utleige av hybel) når utleigaren opptrer i næringsverksemd og avtalen blir inngått ved fjernsal. Vi går ut frå at Roar som utleigar ikkje opptrer i næringsverksemd. Lova gjeld derfor ikkje.

3.4.2

Vi går ut frå at kjøpet er eit forbrukarkjøp som skjer utanfor dei faste forretningslokala til seljaren. Tvisten skal derfor løysast på grunnlag av angrerettlova, jf. § 1.

Ida angrar på kjøpet og vil ha det omgjort.

Ida har angrerett etter §§ 20 og 21. Angreretten til Ida går ut 14 dagar etter at ho fekk bøkene i hende. Det skjedde 1. april. Angremeldinga blei send 13. april. Etter § 20 første ledd andre punktum er angrefristen halden når det er sendt melding innan fristen.

Ida har derfor halde fristen sjølv om meldinga blei motteken av seljaren 15. april. Bevisbyrda for at meldinga er send, ligg på forbrukaren, jf. § 20 fjerde ledd. Ida må derfor kunne dokumentere at det er sendt melding, dersom det skulle oppstå ein tvist om sendetidspunktet. Ida bør derfor ta ein kopi av det daterte brevet med meldinga. Det beste ville nok vore å informere seljaren med e-post eller SMS om at meldinga om bruk av angreretten er send.

Forbrukaren treng ikkje grunngje kvifor ho ønskjer å bruke angreretten. Merknadene frå seljaren om at Ida ikkje kunne angre fordi bøkene var feilfrie, har ingen rettsleg verdi.

Oppgjeret mellom forbrukar og seljar skal skje etter § 25. Ida må sende boka til seljaren dersom ho ikkje vel å møte opp hos seljaren for å levere boka tilbake. Ida er forplikta til å betale eventuelle returkostnader, men berre dersom seljaren på førehand opplyste om dette, jf. § 25 andre ledd. Oppgåva fortel oss at alle opplysningar om angreretten er gjevne. Vi kan derfor konstatere at Ida må dekkje returkostnadene.

3.4.3

Kjøpet er utan tvil eit forbrukarkjøp, men eit meir tvilsamt spørsmål er om angrerettlova gjeld. Lova krev at salet skjer utanom faste forretningslokale, jf. § 1. Spørsmålet er derfor om sal frå trillevogn på toget skal reknast som sal frå faste forretningslokale. Dette er vel ei form for sal som folk flest vil karakterisere som omførselssal der seljaren går rundt og kontaktar kvar enkelt kunde. Vi går ut frå at dette er sal utanom faste forretningslokale. Tvisten kan derfor løysast på grunnlag av angrerettlova.

Spørsmålet om angrerettloven gjeld i eit tilfelle som dette, er så tvilsamt at både ja og nei er akseptable konklusjonar. Spørsmålet har så langt eg har undersøkt, ikkje vore oppe til behandling, verken i FKU eller i domstolane. Dei som meiner at angrerettlova ikkje gjeld, bør likevel drøfte resten av oppgåva subsidiært.

Maten og brusen

Ei moglegheit er å sjå maten og brusen som eit eige kjøp til kr 90. I så fall er kjøpet unnateke frå verkeområdet til angrerettlova etter § 2 bokstav g fordi kontraktssummen er mindre enn kr 300. Men mat, brus og bok blei kjøpt samtidig innanfor same kontrakt til ein samla sum på kr 391. Derfor gjeld angrerettlova heile kjøpet.

Angreretten for brus og bagettar går tapt etter § 22. Den mest treffande heimelen for dette er truleg § 22 bokstav g, som fastset at angreretten ikkje gjeld ved levering av forsegla varer som av omsyn til helsevern eller hygiene ikkje er eigna for retur, og med broten forsegling. Brus er forsegla i flaske, og bagettar er som regel forsegla i plast. Matvarer eignar seg ikkje for retur. Ola har derfor ikkje angrerett på brusen og bagettane.

Boka

Angrerettlova gjeld, og kjøpet av boka blir ikkje ramma av unntaka i § 22. Ola har derfor den angreretten lova gjev. Han fekk verken angreskjema eller opplysning om angreretten etter § 8 første ledd bokstav h. Ola har derfor angrerett i eitt år og 14 dagar etter at han fekk boka i hende, jf. § 21.

3.4.4

Angrerettlova gjeld både sal av varer og tenester utanom faste forretningslokale. Her har det skjedd eit dørsal, og det er derfor ikkje tvil om at angrerettlova gjeld dette forholdet, jf. § 1. Her er det levert både ei vare og ei teneste.

Angrefristen er 14 dagar frå den dagen avtale om teneste blei inngått, jf. § 21 første ledd. Dersom Kari ikkje har fått opplysningar etter § 8 første ledd bokstav h, er angreretten 12 månader og 14 dagar, men sidan Kari angra berre tre dagar etter avtaleinngåinga, er ho uansett innanfor angrefristen.

Angreretten kan i prinsippet ha gått tapt etter § 22 bokstav c. Etter denne føresegna går angreretten som hovudregel tapt etter at tenesta er levert, men berre dersom leveringa skjedde etter uttrykkjeleg førehandssamtykke frå forbrukaren og erkjenning av at angreretten går tapt når tenesteytaren har oppfylt forpliktingane sine etter avtalen. Oppgåveteksten tyder ikkje på at Kari har erkjent noko som helst om tap av angrerett etter at tenesta er levert. Ho har derfor angreretten i behald.

Det er tydeleg at § 22 bokstav c er ein streng regel for seljaren, som i dette tilfellet må fjerne asfalten for eiga rekning. Men situasjonen kunne lett vore unngått ved å krevje det førehandssamtykket og den erkjenninga av tapt angrerett som lova krev.

Eg går ut frå at asfaltleggjaren blir redda av angrerettlova § 26 første ledd. Etter denne føresegna «skal forbrukeren betale et beløp som står i forhold til det som er levert frem til det tidspunkt forbrukeren gir melding om bruk av angreretten». Kari gav slik melding etter at heile tenesta var levert. Det vil innebere at ho må betale for tenesta.

3.4.5

Angrerettlova

Kjøpet er eit forbrukarkjøp gjennomført som fjernsag etter angrerettlova § 1. Opplysningar etter § 8 første ledd bokstav h blir rekna som gjevne. Trine har derfor 14 dagars angrefrist.

Eg legg til grunn at Trine fekk telefonen om hende 26. oktober. Ho er derfor innanfor angrefristen når ho sende melding om at ho angra, 7. november.

Spørsmålet blir om angreretten kan ha gått tapt etter reglane i § 22. Det har han ikkje. Verken § 22 bokstav g eller bokstav j, som begge handlar om forsegla varer, gjeld i dette tilfellet. Eg konstaterer at Trine har angreretten i behald, og at oppgjeret mellom partane skal skje etter § 25.

Det er vanleg praksis at forbrukaren kan prøve vara før ho bestemmer seg for å bruke angreretten. Det vil seie at forseglinga kan brytast, og at ein må kunne velje personleg kode på telefonen utan konsekvensar for angreretten eller for oppgjeret mellom partane. Men tek forbrukaren vara i bruk utover det som er nødvendig for å prøve henne, kan seljaren etter § 25 tredje ledd krevje erstatning for bruken. Det springande punktet blir derfor om Trine tok telefonen i bruk.

Oppgåva er sparsam med opplysningar om dette. Eg går ut frå at Trine berre har prøvd telefonen, og at ho har krav på heile kjøpesummen tilbake.

Forbrukarkjøpslova

Oppgåva opplyser om at Kari meinte noko var gale med skjermen, men ho har ikkje sett fram uttrykkjeleg krav om heving eller prisavslag. Kjøpet er som tidlegare nemnt eit forbrukarkjøp, og Kari har alle krav i behald som kan setjast fram på grunnlag av forbrukarkjøpslova. Det som i så fall må vurderast, er om telefonen hadde ein mangel etter forbrukarkjøpslova § 15, jf. § 16, og om vilkåra i § 32 er oppfylte. Oppgåva inneheld ikkje nok opplysningar til å kunne drøfte dette nærare.

Ei sak som dette har vore oppe i Forbrukarklageutvalet, som løyste saka på grunnlag av førre angrerettlov. Denne lova hadde føresegner om at angreretten gjekk tapt dersom tingen ikkje kunne leverast tilbake i tilnærma same stand og mengd. Denne føresegna blei ikkje vidareført, men bytt ut med erstatningsregelen i § 25 tredje ledd i den nye lova. For å illustrere set vi inn avgjerda frå FKU-2014-298 i sin heilskap:

FKU-2014-298

I. Sammendrag av faktiske forhold og partenes anførsler.

Klageren kjøpte 26.10.2013 en iPhone 5 av innklagde, via internett, for kr 1,-. Telefonen var bundet til innklagdes abonnement Fastpris Medium i 12 måneder à kr 569,- per måned. Det er fremlagt ordrebekreftelse i saken. Klageren har ikke betalt noe til innklagde. Klageren forteller at hun mottok telefonen i begynnelsen av november 2013, og at det da viste seg å være noe galt med pikslene på skjermen. Hun forklarer at hun derfor ønsket å benytte seg av angreretten. Klageren opplyser at hun fylte ut skjema og noterte at telefonen var skadet ved mottak, og returnerte telefonen 07.11.2012.

Angreretten ble avvist 16.11.2012, fordi beskyttelsesfilmen var fjernet, fabrikkprofilen var endret til egen og det var satt personlig kode på telefonen. Telefonen ble returnert til klageren, som lot være å hente den ut. Etter diverse korrespondanse om den personlige koden, som ikke lot seg opplyse korrekt, gjorde klageren gjeldende at telefon var mangelfull. Hun viste til at det var skjermfeil på den allerede ved leveringen, og krevde heving. Innklagde avviste også dette kravet. På denne bakgrunn har klageren nedlagt prinsipal påstand om annullering etter angrerettloven. Subsidiært krever hun heving. Innklagde avviser kravene. Når det gjelder angreretten, forklarer innklagde at den er avvist fordi telefonen var tatt i bruk. De fastholder dette synet, og vist til at klageren har laget sin egen brukerprofil og dermed endret fabrikkinnstillingene, fjernet beskyttelsesfilmen og opprettet personlig låsekode. Sistnevnte har, ifølge innklagde, forhindret deres tilgang til telefonen. Når det gjelder mangelspørsmålet, anfører innklagde at feilen det er snakk om var flimmer/uro i skjermbildet. De understreker at skjermen ikke var knust. Problemet kunne, ifølge innklagde, ikke utredes nærmere fordi klageren ikke husket den personlige låsekoden som var opprettet på telefonen. De fremholder at telefonen kan åpnes ved å koble den til den samme datamaskinen som ble brukt under oppsettet, men at denne befinner seg hos klageren. Innklagde har nedlagt påstand om betaling av kr 6 042,89, samt renter og saksomkostninger. Forbrukertvistutvalget går i sakssammendraget ikke nærmere inn på partenes anførsler enn det som fremgår ovenfor. Utvalget har mottatt samtlige saksdokumenter og har satt seg inn i disse.

II. Sakens gang. Påstand.

Saken ble ved klage av 03.07.2013 brakt inn for Forbrukerrådet, som den 14.08.2013 første gang henvendte seg skriftlig til innklagde. Saken ble henlagt som uforlikt ved Forbrukerrådets brev av 30.01.2014, og klagerens begjæring om innbringelse for Forbrukertvistutvalget er datert 13.02 s.å. og er rettidig. Oversendelse fra Forbrukerrådet til Forbrukertvistutvalget skjedde ved ekspedisjon av 25.02.2014. Klageren har nedlagt prinsipal påstand om annullering etter angrerettloven. Subsidiært krever hun heving. Innklagde har nedlagt påstand om betaling av kr 6 042,89, samt renter og saksomkostninger. Saken ble lagt frem i Forbrukertvistutvalgets møte den: 31.03.2014.

III. Utvalget ser slik på saken:

Saken omfatter både spørsmål om angrerett og om mangel. Utvalget tar først for seg angrerettsspørsmålet. Angrerett etter fjernsalg av iPhone mellom en forbruker og en næringsdrivende reguleres av angrerettloven av 21.12.2000 nr. 105 (angrl.), jf. lovens § 1. Forbrukeren har rett til å gå fra avtalen (angrerett) ved å gi selgeren melding om dette innen 14 dager etter at varen og angrerettsskjema er mottatt, jf. angrl. § 11 første ledd. Angreretten gjelder ikke dersom varen ikke kan leveres tilbake i tilnærmet samme stand og mengde, og beskadigelsen eller forringelsen skyldes uaktsomhet eller manglende omsorg fra forbrukerens side, jf. angrl. § 12 første ledd a). Utvalget legger til grunn at klageren har mottatt angrerettsskjema og at fristen på 14 dager er overholdt. Noe annet er ikke anført. Tvisten står om hvorvidt telefonen kan leveres tilbake i tilnærmet samme stand.

Det følger av lovens forarbeider (Ot.prp.nr.36 (1999-2000) s. 68 flg.) og fast praksis i Forbrukertvistutvalget, at en forbruker kan prøve en ting uten at angreretten bortfaller, såfremt bruken er begrenset og aktsom. Det fremgår videre av denne praksis at det at tingen ikke lenger kan selges som ny ikke avskjærer angreretten, da dette er et forhold selgeren må bære risikoen for når man selger varer på en måte som omfattes av angreretten. Det at klageren har laget sin egen brukerprofil, endret fabrikkinnstillingene, fjernet beskyttelsesfilmen og opprettet personlig låsekode medfører, etter utvalgets syn, ikke at telefonen ikke kan tilbakeleveres i tilnærmet samme stand. Den anførte feilen ved skjermen er ikke gjort gjeldende som grunn til å nekte angrerett. Angreretten er således i behold.

Ved bruk av angreretten faller partenes plikt til å oppfylle avtalen bort, jf. angrl. § 14 første ledd. Utvalget forstår det slik at telefonen befinner seg hos innklagde, og at klageren ikke har betalt noe av kjøpesummen. Vedtakets konklusjon går derfor ut på annullering av kjøpsavtalen.

Utvalget går etter dette ikke nærmere inn på mangelspørsmålet som er reist i saken.

IV. KONKLUSJON

Forbrukertvistutvalget fatter slikt

Vedtak:

Avtale av 26.10.2013 om kjøp av iPhone 5 mellom Margrethe Flem og Tele2 Norge AS annulleres. Vedtaket er enstemmig.

3.4.6

Kjøpet er eit forbrukarkjøp og eit fjernsal. Tvisten skal løysast på grunnlag av angrerettlova, jf. § 1.

Ingen av unntaka i § 2 frå verkeområdet til lova er aktuelle. Oppgåva har ikkje opplysningar om kjøpesum som kunne reist spørsmål om bruk av § 2 bokstav g. Løysinga føreset derfor ein kjøpesum som er større enn kr 300 inkludert frakt.

Det er opplyst at Marte fekk angreskjema. Vi går derfor ut frå at seljaren har halde pliktene sine etter § 8 første ledd bokstav h. Marte har derfor ein angrefrist på 14 dagar rekna frå ho fekk kjolen om hende, jf. §§ 20 og 21. Det skjedde ved leveringa 29. september. Ho sende angreskjema i retur 2. oktober, godt innanfor angrefristen.

Spørsmålet blir om angreretten kan ha gått tapt fordi emballasjen blei opna. Angrerettlova § 22 har reglar om tilfelle der angreretten kan gå tapt. Aktuelt her er § 22 bokstav g, som fastset at forbrukaren ikkje lenger har angrerett dersom ho bryt forsegling av varer som av omsyn til helsevern og hygiene ikkje er eigna for retur. Det praktiske dømet på denne typen varer er undertøy. Dersom kjolen kan reknast som undertøy, vil angreretten til Marte vere tapt fordi emballasjen er opna.

Ein kjole er etter vanleg språkbruk ikkje å rekne som undertøy. Det er ikkje grunnlag for ei så utvida tolking av undertøy, og det er heller ikkje praksis i avgjerdene frå Forbrukarklageutvalet som tyder på ei så utvidande tolking av omgrepet undertøy. I FKU-2011-612 blei det utan videre avvist at ein kjole kunne reknast som undertøy. Marte har derfor angreretten i behald.

FKU-2011-612 gjengis i sin helhet her. Saken ble avgjort på grunnlag av forrige angrerettlov.

I. Sammendrag av faktiske forhold og partenes anførsler.

Klageren forteller at hun i september 2010 kjøpte en korsettkjole i innklagdes nettbutikk for kr 465,-. Kjøpesummen opplyses betalt.

Klageren opplyser at hun mottok kjolen 29.09.2010. Klageren forteller at kjolen var for liten og ikke i henhold til bildet på nettsidene og at hun derfor ønsket å returnere/bytte den. Hun forklarer at hun ringte innklagde 29.09.2010 og at innklagde godtok retur/bytte av kjolen. Klageren fylte ut det vedlagte angrerettskjemaet og sendte varen i retur. Innklagde bekreftet i e-post av 02.10.2010 at hun hadde mottatt kjolen, men avviste at klageren kunne benytte angreretten da det ikke var gitt melding om dette før kjolen ble returnert.

Innklagde viste også til at det var avtalt bytte til en annen størrelse. Klageren trakk etter dette angrerettsmeldingen, og ønsket ny eller annen vare. Innklagde motsatte seg dette. Da partene ikke kom til enighet viste klageren igjen til angreretten 04.10.2010 og ønsket å benytte seg av denne.

Klageren fastholder sitt krav om annullering etter angrerettloven. Hun forklarer at kjolen ble returnert uprøvd i åpnet, men uskadet emballasje. Klageren opplyser at innklagde har sendt kjolen tilbake til henne. Innklagde avviser kravet under henvisning til at partene hadde en avtale om bytte av varen. Hun forklarer at hun anser denne avtalen som brutt av klageren og derfor har returnert kjolen til klageren.

Videre anfører innklagde at kjolen må anses som undertøy og derfor er unntatt angrerett av hygieniske årsaker. Hun fremholder at klageren har opplyst å ha prøvd kjolen. Forbrukertvistutvalget går i sakssammendraget ikke nærmere inn på partenes anførsler enn det som fremgår ovenfor.

Utvalget har mottatt samtlige saksdokumenter og har satt seg inn i disse.

II. Sakens gang. Påstand.

Saken ble ved klage av 13.10.2010 brakt inn for Forbrukerrådets kontor i Trondheim, som den 20.10.2010 første gang henvendte seg skriftlig til innklagde. Saken ble henlagt som uforlikt ved kontorets brev av 30.03.2011, og klagerens begjæring om innbringelse for Forbrukertvistutvalget er datert 28.04 s.å. og er rettidig. Oversendelse fra Forbrukerrådet til Forbrukertvistutvalget skjedde ved ekspedisjon av 31.05.2011. Klageren har nedlagt påstand om annullering etter angrerettloven. Saken ble lagt frem i Forbrukertvistutvalgets møte den: 06.09.2011

III. Utvalget ser slik på saken:

Saken gjelder tvist om retur av kjole kjøpt ved fjernsalg, og reguleres således av angrerettloven av 21.12.2000 nr. 105 (angrl.), jf. lovens § 1. Innklagde har i utgangspunktet godtatt retur av varen og det er gitt melding om bruk av angreretten innen fristen, jf. angrl. § 11 første ledd. Varen er også returnert til innklagde innen fristen. Innklagde har imidlertid senere valgt å sende den tilbake til klageren og viser for det første til at det var avtalt bytte av varen. Videre viser hun til at kjolen må anses som undertøy og derfor være unntatt angrerett.

Innklagde kan ikke høres med at angreretten er bortfalt som følge av at partene på et tidspunkt hadde avtalt bytte av varen. Det må imidlertid legges til grunn at partene ikke kom til enighet om avtalen. Klageren har således fortsatt mulighet til å gjøre gjeldende angrerett.

Når det gjelder innklagdes anførsel om at kjolen må anses som undertøy og derfor er unntatt angrerett, vil dette bero på en tolkning av angrerettloven § 12 første ledd a) (nåværende lov § 22 bokstav g). Angreretten gjelder ikke dersom varen ikke kan leveres tilbake tilnærmet samme stand og mengde, og beskadigelsen eller forringelsen skyldes uaktsomhet eller manglende omsorg fra forbrukerens side, jf. angrl. § 12 første ledd a). Det er i loven ikke foretatt noen begrensninger i angreretten for varer som av hygieniske årsaker ikke kan selges på nytt.

Lovgiver nevner i forarbeidene som eksempler helsekostprodukter, kosmetikk og medisiner. Det må legges til grunn at også undertøy og undertøyslignende plagg faller innenfor denne varetypen. Dette innebærer at de næringsdrivende selv må bære tapet ved at det returneres produkter som ikke kan selges igjen, jf. Ot.prp.nr.36 (1999- 2000) pkt. 3.16.4.3.

Det foreligger ingen opplysninger om at kjolen for øvrig ikke er i tilnærmet samme stand og mengde. Utvalget er således kommet til at klageren har angreretten i behold. Ved bruk av angreretten skal de mottatte ytelser tilbakeføres, jf. angrl. § 15 første ledd. Kjolen er allerede returnert til innklagde én gang. Innklagde har selv, uten at utvalget kan se at det var nødvendig, sendt kjolen tilbake til klageren. Utvalget finner således at kostnaden ved ny retur til innklagde som ledd i angrerettsoppgjøret må bæres av innklagde, jf. angrl. § 15 første ledd tredje punktum. Da kostnaden per i dag er ukjent kan utvalget ikke ta dette forholdet med i konklusjonen, men forutsetter at innklagde selv gjør opp for seg på hensiktsmessig måte. Videre tilpliktes innklagde å tilbakebetale kjøpesummen innen 14 dager fra den omtvistede kjolen/henteseddel er mottatt, jf. angrl. § 15 femte ledd.

IV. KONKLUSJON

Forbrukertvistutvalget fatter slikt

Vedtak:

Ingunn Reite Mårstøl plikter å betale kr 465,- - kronerfirehundreogsekstifem 00/100 - til Inger Helene Slettevoll, mot at den omtvistede kjolen stilles til disposisjon for Ingunn Reite Mårstøl. Oppfyllelsesfristen er 14 dager fra den omtvistede kjolen/henteseddel er mottatt, jf. angrl. § 15 femte ledd. Vedtaket er enstemmig.

3.4.7

Spørsmålet om angrerett

Eg drøftar først spørsmålet om Knut kan få gjort om avtalen på grunnlag av angrerettlova. Kjøpet er eit forbrukarkjøp som er gjennomført som fjernsal. Tvisten er derfor innanfor verkeområdet til angrerettlova, jf. § 1.

Det er ikkje opplyst kjøpesum, men eg føreset at han er over kr 300 sidan det dreier seg om ti sekkar mørtel. Unntaket i § 2 bokstav g eller andre unntak i denne føresegna er ikkje aktuelle.

Knut har 14 dagars angrerett etter §§ 20 og 21 rekna frå den dagen murmørtelen blei levert, 30. mai. Han blei blanda med vatn og påført veggen same dag. Dagen etter begynte mørtelen å falle av.

Utgangspunktet er at Knut har angreretten i behald med mindre nokon av unntaka i § 22 kan brukast. Frå den augeblinken mørtelen blei blanda med vatn, blei han blanda med «andre varer» etter § 22 bokstav a. Då gjekk angreretten tapt. Knut kan derfor ikkje angre på kjøpet.

Spørsmålet om krav etter forbrukarkjøpslova

Neste spørsmål er om Knut kan rette krav mot seljaren på grunnlag av forbrukarkjøpslova. Dei mest praktiske krava er å heve kjøpet eller eventuelt krevje omlevering, i kombinasjon med eit erstatningskrav for utgiftene til å fjerne den mangelfulle pussen.

Knut kan heve kjøpet etter forbrukarkjøpslova § 32. Det føreset at mørtelen hadde ein mangel som ikkje er uvesentleg. Spørsmålet om mangel blir avgjort etter §§ 15 og 16.

Mørtelen har mangel dersom han ikkje er i samsvar med det forbrukaren har grunn til å forvente av ei slik vare, jf. § 15 andre ledd bokstav b, jf. § 16 første ledd bokstav a. Forbrukaren må kunne forvente at mørtelen festar seg tilfredsstillande til veggen dersom han er blanda i samsvar med bruksrettleiinga. Det er derfor openbert at mørtelen hadde ein mangel, noko som heller ikkje synest å vere omstridd av seljaren.

Det er heller ikkje tvil om at mangelen ikkje er «uvesentlig», jf. § 32. Kjøpet kan derfor hevast.

Alternativt vil Knut også få medhald i eit krav om omlevering etter § 29.

Det største problemet for Knut er nok å få seljaren til å betale erstatning for utgiftene til fjerning av mørtelen. Etter § 33 har seljaren eit objektivt ansvar for dei utgiftene mangelen påfører forbrukaren. Knut får derfor medhald i erstatningskravet. Skaden er ei påregneleg følgje av mangelen.

Konklusjonen har støtte i rettspraksis, mellom anna den såkalla «Hydratkalkdommen» (RT-1974-269). I denne dommen hadde seljaren levert kalk som blir brukt til blanding av murmørtel. Kalken hadde uleska partiklar, og det er ei kjend sak at det fører til at murmørtelen blir ubrukeleg. Seljaren måtte erstatte utgifter til fjerning av murpussen.

3.4.8

Læraren har løysingsforslag